Hopp til innhald
Miljø på Vinjerock

– Mykje å vinne på miljøprofil

Å tenke miljøvenleg er ikkje berre bra for klimaet. Norsk Rockforbund meiner òg at miljøarbeid gjer arrangørar meir attraktive som samarbeidspartnarar.

Det finst etter kvart gode døme. Øya, Hove, Vinjerock, Pstereo, Steinkjerfestivalen og Ekstremsportveka er blant festivalane Mariann Skjerdal i Norsk Rockforbund nemner når ho peikar på kven som er gode til å jobbe med miljøutfordringar. Fleire av desse har arbeidd med miljøet i ei årrekkje.

Men når det gjeld klubbane har ein ikkje komme like langt, og både mellom desse, festivalar i startgropa og erfarne miljøarbeidande bør samtalen om miljøansvaret gå med jamne mellomrom, meiner Skjerdal.

— Klima og miljøtrusselen er ei av dei største utfordringane i dag, og både konsertarrangørane og Norsk Rockforbund er opptekne av å ta ansvar. For å utveksle informasjon og lære av kvarandre, er det viktig at det fins møteplassar der ein kan diskutere og få faglig påfyll. Den uformelle praten og nettverket er viktig, seier ho.

Det synlege søppelet
4 april arrangereer forbundet ein miljøfagdag på Vulkan. Her vil Øya- og Hovefestivalen dele erfaringar, ein får høyre om reklame på naturen sine premiss, og Anne Dubrau fra Epleslang fortel si historie om å lage ein berekraftig organisasjon.

Høgt på agendaen står dessutan søppel.

— Søppel er den mest synlege utfordringa for konsertarrangørar, og i tillegg til arbeid med mat og emballasje er det her mange startar, fortel Skjerdal, som konstaterer at det er ei rekke ting som skal på plass for at forbruket kring eit arrangement blir handtert på ein god måte.

— Du er avhengig av eit godt samarbeid med det lokale renovasjonsselskapet, du bør få på plass eit kjeldesorteringssystem på konsertarenaen som fungerer, og det er viktig å sikre kva som skjer med søppelet etter det har forlate området. Klare avtaler er avgjerande, seier Skjerdal.

Siste nytt rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

Haldningsskapar
Også transport er ei utfordring. Ein festival flyttar store mengder publikum og artistar og når det er mogleg bør festivalar diskutere kollektive transportløysingar, meiner Skjerdal.

Både her og i kvardagen kan arrangørane bidra med haldningsskapande arbeid.

Ledige stillinger

— Konsertarrangør har ein gylden moglegheit til å påverke publikum i positiv retning, ikkje minst sidan mange arrangørar har både kreative og innovative idear til å kommunisere bodskapen. God tilrettelegging og merking av miljøstasjon, diverse panteordningar og generelt holdningsarbeid vil kunne bidra. Og det er mykje positivt som skjer. Mange frivillige jobbar iherdig med søppelplukking i etterkant av arrangementet og ein del arrangørar har eit godt samarbeid med frivillige lag som for eksempel Natur og Ungdom.

Vil også jobba med klubbar
Medan festivalane er kjende som forbruksfestar, og ein dermed har hatt søkelyset på dei, er det ikkje like ofte ein høyrer om miljøvennlege klubbar.

— Kvifor har klubbane komme kortare i dette arbeidet?

— Det har praktiske årsaker; ein festival blir sett opp over ein kortare periode, og det er ofte mange offentlege krav til for eksempel søppelhandtering for å kunne bruke området. Dermed blir kanskje miljøarbeidet også meir synleg. Festivalen har tilgang på frivillige som kan jobbe med dette, og mange har eit bevisst forhold til at dei ønskjer at festivalen skal ha ein miljøprofil. Ein del klubber har eit visst miljøarbeid og nokon ønskjer å drive «grønnare», men kan møte på logistiske utfordringar, seier Skjerdal.

Les også:

Til dømes er det mange arrangørar som ikkje eig scenen dei har konsertane på, og då er ein prisgitt utleigar.

— Her bør me arbeide for at det blir meir tilrettelagt, så fleire kan gripe fatt i miljøarbeidet. Men det handlar også om å ta tak i organisasjonen sin og kartlegge kva ein kan gjere. For nokon kan det vere energisparing. For andre kan det vere fokus på mat, overnatting og transport. I Tyskland, der strøm er mykje dyrare, har ein hatt pionerprosjektet Green Club Index som går på energisparing og reduksjon hjå klubbar. Så det er også mulig for scener og klubbar å sette i gang, seier Skjerdal.

Kommuniserer verdi
At det lønnar seg, er ho ikkje i tvil om, og då tenkjer ho ikkje berre på vår felles framtid på jorda.

— Ein arrangør kan spare både pengar og miljø gjennom bevisst ressursbruk, god søppelhandtering, økologisk og/eller kortreist mat, kollektiv transport og så bortetter. Arrangørar med ein klar miljøprofil kommuniserer dessutan verdi, og blir attraktive samarbeidspartnarar, seier Mariann Skjerdal .

Ledige stillinger

Relaterte saker

Keep the beat alive

Sammen mot dødsstraff

Amnesty og Norsk Rockforbund har gått sammen om kampanjen «Mennesker og musikk er best levende!».

Torbjørn Heitmann Valum Foto: Norske konsertarrangører

Torbjørn Heitmann Valum blir ny daglig leder i Norske Konsertarrangører

Han tiltrer 1. oktober og tar over etter Line Endresen Normann som har ledet organisasjonen siden 2009

Flere saker

Jonas V setter lyden av rap Bergen nederst i bassregisteret.

Alle oppoverbakker blir topper for rapper Jonas V

God lyd, men ikke helt i mål når bergensrapperen er tilbake med album.

Illustrasjonsfoto

De nye digitale heltene – kan Bandcamp utfordre Spotify?

En plattform der lytterne kommer tett på artistene vokser seg sakte større. – Vi treffer vårt mest verdifulle publikum på...

Finity

Når alt kan kombineres

Finity våger seg helt ut på stupebrettet i sine forsøk på å spille Donna Haraways tanker om mangfold. Det blir...