Hopp til innhald
Solbjørg Tveiten

Den store samanhengen er grunnlaget og argumentet for ein meir føreseieleg kulturpolitikk, skriv Solbjørg Tveiten, kunstnarisk leiar i Musikk i Innlandet. (Foto: Katrine Celius)

Krigsretorikk vil alltid vinne

Solbjørg Tveiten frå Musikk i Innlandet er kritisk til retorikken i ordskiftet om statsbudsjettet. Her peiker ho på nokre konsekvensar av argumentasjonen.

Dette er et meningsinnlegg, der avsenderen gir uttrykk for sine synspunkt og refleksjoner. Innlegget ble først publisert i Klassekampen, 31. oktober. 

Av Solbjørg Tveiten, kunstnarisk leiar i Musikk i Innlandet

2022 var starten på ein omfattande endring i samfunnet. Ser eg meg tilbake kan eg skjøne at noko måtte vente den gong. Same argumentasjon fem år seinare skjønar eg mindre av, og den har ei slagside.

Krig som forklaring på manglande ressursar til kultur kan lamme ordskiftet. Denne retorikken spelar ikkje aktørane i kunst- og kulturfeltet gode, men gjer mogelegheita til å sjå det i samanheng med forsvarsevne ringare.

Musikk i Innlandet står midt i dette spennet mellom internasjonal storpolitikk og kvardagslege budsjettprioriteringar.

I framlegget til statsbudsjett for 2027 er den statlege løyvinga til verksemda vår fjerna.

Når våpen vert sett opp mot kultur er sanninga om kultur som beredskap usann. Ord er fattige utan innhald, og innhald vert nettopp berre ord om det ikkje vert til handling. Omgrepet kulturell beredskap ser ut til å bestå, utan at det føl forpliktingar og naudsynt ressurs med for å sikre denne delen av beredskapen.

«Vi vant den kalde krigen, ikke fordi vi hadde flest raketter, men på grunn av verdiene våre,» seier Barack Obama i boka «På min vakt» (2025) av Jens Stoltenberg.

Ei tid med auka kostnader, polarisering og ytre trugslar krev meir. Kulturpengane må kunne reknast som lommerusk i den store samanhengen. Likevel er det nettopp den store samanhengen som er grunnlaget og argumentet for ein meir føreseieleg kulturpolitikk. Manglar det ein bevisst haldning til samanhengen søkk argumenta som ein stein i Mjøsa.

Skal me ha ein debatt vil eg ha betre argument, men aller helst vil eg at det som vert fortalt er sanning.

Ledige stillinger

Sanninga om at kultur er viktig i eit demokrati, for samhaldet og for vår motstandskraft når me vert pressa. Å setje noko viktig opp mot noko anna viktig legitimerer ikkje at ein ikkje nådde måla. Tenk om det var mogeleg med langsiktig innsats mot klåre mål. Om dette var sanninga ville me lukkast med å skape eit samfunn med mindre polarisering.

Det er ikkje ei kulturpolitisk oppgåve å forklare manglande prioritering med behovet i andre sektorar. Når me veit at kultur alltid er utsett både lokalt, regionalt og nasjonalt er deira oppgåve å alltid sikre kulturen.

Me treng kulturpolitikarar som aldri gjer seg. For kjempar ikkje dei, er det ingen som gjer det.

Vev eit teppe med solid vev så det ikkje vert eit lappeteppe som må bøtast kvart år. Ein samfunnsvev med solid tråd vil sikre at våre felles verdiar ikkje raknar når krisane råkar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Solbjørg Tveiten, kunstnerisk leder, Musikk i Innlandet

Musikk i Innlandet: Vi blir en regionalt finansiert institusjon med nasjonalt oppdrag

Det er vanskelig å forstå at den statlige bevilgningen nå er fjernet, skriver Solbjørg Tveiten, kunstnerisk leder i Musikk i...

Solbjørg Tveiten

Forsvarets gløymde frontlinje – kvifor kultur må vere meir enn «kjekt å ha» i krig og krise

– Noreg rustar opp. Me fyller kornlager, kjøper ubåtar og ber folk lagre vassdunkar i kjellaren. Men i arbeidet med å...

Solbjørg Tveiten

Mister vi fotfestet nå?      

KRONIKK: Som sultne ulver ser vi ut til aldri å kunne mette vårt eget kikkerbehov. Selvtilfreds slår vi ring om...

Solbjørg Tveiten, kunstnerisk leder, Musikk i Innlandet

Når kultur ikke en gang får være valgflesk

KRONIKK: Dagens pålegg og forskrifter virker ikke i praksis. Det ligger et nasjonalt ansvar i å sikre bærekraftige strukturer i...

Solbjørg Tveiten

Var vi ikke enige om at kunst er viktig?

Må vi være så kultiverte? Hvorfor trenger vi kunsten? Store spørsmål med mange svar, skriver Solbjørg Tveiten etter at kulturministeren...

Flere saker

Papirposeprinsessen på Ulvsnesøy

Fengselsopera i det fri

Et besøk i fengsel er kan hende ikke en typisk lørdagsaktivitet for de fleste familier. Men samarbeidet mellom Bergen fengsel...

Administrerende direktør i TONO, Cato Strøm

TONO og TV 2 håper på løsning

Over fem år med forhandlinger om vederlag kan nærme seg slutten.

Ballerina Synne Skouens kammeropera

Musikerhelse på agendaen: Konferanse om kropp og sinn vil samle og løfte scenekunstmedisin i Norge

– Denne konferansen er viktig fordi kunsten og kunstnerne er viktige! Da må vi også ta yrkeshelsen deres på alvor,...