Hopp til innhald
Solbjørg Tveiten

– Det er på tide at kultur inngår i den generelle beredskapslovgivinga, skriv Solbjørg Tveiten, kunstnarisk leiar i Musikk i Innlandet.(Foto: Jonas Jeremiassen Tomter)

– Forsvarets gløymde frontlinje – kvifor kultur må vere meir enn «kjekt å ha» i krig og krise

– Noreg rustar opp. Me fyller kornlager, kjøper ubåtar og ber folk lagre vassdunkar i kjellaren. Men i arbeidet med å sikre nasjonen har me gløymt sjølve grunnen til at me i det heile skal forsvare oss; det som gjer oss til oss.

Dette er et meningsinnlegg, der avsenderen gir uttrykk for sine synspunkter og refleksjoner.

Av Solbjørg Tveiten, kunstnarisk leiar i Musikk i Innlandet

I Henrik Ibsens drama skrellar Peer Gynt lauken lag for lag, berre for å oppdage at han manglar kjerne. Han er «seg sjølv nok». I ei tid prega av krig i Europa, hybride truslar og djup politisk polarisering, risikerer det norske samfunnet å gå i den same fella.

Me byggjer eit ytre skal av stål og betong, men let den indre kjernen – verdiane, fellesskapet og den frie kunsten forvitre i blindsonene i beredskapsplanane.

Kultur er hovudpulsåra i samfunnet
I norsk politikk er kultur noko me satsar på når oljefondet esar ut og alt er vel, men så snart krisa råkar, blir ho sett til side.

Me såg det under pandemien, då scenene vart mørklagde medan kjøpesentera heldt ope. Me ser det no, når økonomisk uvisse reduserer kultur til eit sekundærtiltak. Dette trass i erfaringane me har gjort oss frå dagar utan sosial samhandling og felles aktivitetar. Å skyve kultur til side som noko sekundært er ikkje berre ein forelda tankegang – den er farleg for rikets tryggleik.

For kultur er hovudpulsåra i samfunnet. Ho er språket vårt, dei felles forteljingane og arenane der me møtest som menneske, på tvers av ekkokammer. Når krisa råkar, er det ikkje berre tilgang på jodtablettar som avgjer korleis me kjem oss gjennom den. Det handlar om motstandskraft, om å vera eit folk som stolar på kvarandre, og som har eit felles fundament å stå på når desinformasjon og frykt spreier seg.

Sjå til Sverige
Medan den norske Totalberedskapsmeldinga dveler ved politiske intensjonar og gode ønskjer, har svenskane teke grep. I Sverige har kommunar og regionar lovpålagde plikter som inkluderer kultur i beredskapsansvaret. Den svenske FOI-rapporten Den fria konsten i kris och krig er tydeleg: Den frie kunsten er særleg utsett for press og propaganda i krisetider.

I Noreg manglar me eit slikt lovverk. Her heime er kulturell beredskap i stor grad overlaten til handlingsrommet og den politiske viljen i den einskilde kommunen. Utan lovfesting vert kulturen ei salderingspost i kampen mot lovpålagde oppgåver.

Kunsten som samfunnsbyggjar
Ein vil alltid kunne frykte at kunsten skal bli eit verktøy for staten. Tidlegare i april arrangerte Høgskulen i Kristiania ARAK-konferansen for åttande år på rad, med fokus på kunstens rolle i samfunnet.

Ledige stillinger

Me må likevel tore å ha to tankar i hovudet samstundes. At kunsten har ei rolle i beredskapsarbeidet, betyr ikkje at ho skal styrast av styresmaktene. Tvert imot. Å definere kultur som ein samfunnskritisk funksjon handlar om å verne henne. Det handlar om å sikre at den kulturelle infrastrukturen – at kunstnarane, musikarane, biblioteka og scenene – også overlever når krisa råkar. Nettopp for at dei skal kunne halde fram som den frie, kritiske røysta me treng at dei er.

Når kanonane rår, trengst kulturen mest. Det ser me i Ukraina, der konsertar blir haldne i bomberom og dikt blir lesne ved frontlinja. Dei kjempar ikkje berre for landegrenser; dei kjempar for retten til å vera eit folk med ein eigen kultur.

Eit rop om leiarskap
Me har ikkje tid til å dyrke motsetnader mellom «viktige» sektorar og «kjekt å ha»-kultur. Staten har eit særskilt ansvar for å verne kulturen som ein del av eit heilskapleg beredskapsarbeid. Det krev leiarskap som forstår at eit samfunn utan ein sterk kulturell kjerne er eit samfunn utan motstandskraft.

Me må mobilisere no. Kulturell beredskap må inn i lovverket, inn i budsjetta og inn i medvitet hjå alle som planlegg for framtida til Noreg. Me kan ikkje lenger basere oss berre på gode intensjonar. For når mørkret senkar seg kan kunsten og kulturen gje oss ljoset tilbake.

Er norske politikarar villige til å ta det ansvaret, eller skal me halde fram med å skrelle lauken heilt til det ikkje er noko att?

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kork og Lise Davidsen i Folketeateret des

Egen plan for kulturberedskap? Kultur som kritisk ressurs innen samfunnssikkerhet

Prosessen med å få kulturen inn i totalberedskapen fikk en dytt framover i fjor. Men nå må vi få en...

Kristiansand Symfoniorkester i Kilden, Ønskekonserten 4. april

Orkestrene inn i totalforsvarets tjeneste

I en tid med mørke skyer og krigsfrykt kan kulturen – ikke minst orkestermusikken og fellesskapet den bringer med seg...

Solbjørg Tveiten, kunstnerisk leder, Musikk i Innlandet

Når kultur ikke en gang får være valgflesk

KRONIKK: Dagens pålegg og forskrifter virker ikke i praksis. Det ligger et nasjonalt ansvar i å sikre bærekraftige strukturer i...

Skolenes sangdag

Ja, vi elsker – men synger vi fortsatt sammen?

"Hvis vi mener alvor med fellesskap, livskvalitet og motstandskraft i befolkningen, må sang få en tydeligere plass i politikken, ikke...

BARAL på Riksscenen 9 april

– Du vet at verden er ille når folkemusikken er god igjen

BARAL kaller de seg, stjernelaget av musikere som har latt seg inspirere av en indisk guru og en bok proppfull...

Illustrasjonsfoto. Konsert med Leif Ove Andsnes på Keiservarden i Bodø under Nordland Musikkfestuke

Kulturens uutholdelige letthet

KOMMENTAR FRA BALLADE: Vi må bruke pandemien som et moment til å anerkjenne kunsten og kulturen i samfunnets, generasjonenes og...

Flere saker

Hilja Løvvik protesterer mot utbygging i Førdefjorden.

Visesanger Hilja lenker seg mot deponi i Førdefjorden i dag

– Så gammeldags og unødvendig, og i dag er jeg flau over å være norsk. Det sier visesanger Hilja Løvvik...

Erik Brataas (til høyre) og Oke Göttlich, Finetunes den gang disse slo seg sammen Foto: Phonofile

Then we take Berlin

Digitaldistributør Phonofile kan komme til også å distribuere norske, fysiske utgivelser i Tyskland etter fusjonen med tyske Finetunes, som i...

Anna of the North

– Jeg lærte å ta meg mer seriøst som artist

Det har gått et år siden Anna of the North deltok på «Hver gang vi møtes». Ballade har spurt henne...