Hopp til innhald
Steamdome

"Steamdome II" er Ola Kvernberg (foran), Nikolai Hængsle, Erik Nylander, Øyvind Blomstrøm, Daniel Buner Formo, Olaf Olsen og Martin Windstad. - Det enorme lydbiletet overveldar deg på utescena og ølen veltar ut av glaset for kvart jublande hopp. Vi skal tilbake, og Ola Kvernberg har komponert lyden av gjenopninga, skriv Ballades anmeldar.(Foto: Marthe Amanda Vannebo)

Ola Kvernbergs gjenopningsplan

Om mykje er uklart i regjeringa sin gjenopningsplan, har i alle fall Ola Kvernberg lydsporet. «Steamdome II: The Hypogean» pumpar liv i tunge heimekroppar og ber bod om ei konsertoppleving du aldri vil gløyme. 

Ola Kvernberg
Steamdome II: The Hypogean
Med Ola Kvernberg, Nikolai Hængsle, Erik Nylander, Øyvind Blomstrøm, Daniel Buner Formo, Olaf Olsen og Martin Windstad.
Utgitt på Grappa Musikkforlag 23. april 2021

Platecoveret til Steamdome II: The Hypogean (Foto: Rune Mathisen / Trond Aslak Øvrum)

«Arpy» opnar Steamdome II med eit tema på hammondorgel som snirklar seg rundt som ei barokk etyde. Ein synth doblar temaet, ein slidegitar byggjer på etterkvart. Motstemmer flettar seg i det. Når bass- og trommegrooven slår inn er vi blitt hypnotisert inn i fullt fokus. Så veks det. Vi blir kasta ut i høg fart, sugd inn i eit bilspel med flygande bilar.

«The Hypogean» er tittelen på del to av Ola Kvernbergs Steamdome, og tyder det underjordiske (omtrent). Og under jorda har det vekse fram eit heilt nytt dyr frå supergruppa som i 2017 gav oss eit lokomotiv av groove midt i trynet. Tre trommeslagarar i Erik Nylander, Olaf Olsen, Martin Windstad. Bassist og gitarist Nikolai Hængsle, gitarist Øyvind Blomstrøm og Daniel Buner Formo på synth med meir. Det må ha kokt i Athletic Studio, men eg mistenkjer at det har blitt gjort mykje finurlege pålegg i heimestudioet til Kvernberg.

Det er ein tung bruk av synthar i denne runda av Steamdome, det lét science fiction. Solofela går hand i hand med solosynthen, og sveitt trommedriv blir dopa med trommemaskiner. Likevel får kvart element sitt eige rom – dei gongane fela kjem inn, får ho skine i eit eige lydrom. Det akustiske og det elektroniske er organisk smelta i hop utan at ein mistar noko.

Etter ein kort fantasi i «The Vault», som kunne vore komponert av Claude Debussy sin gamer-son, landar vi i «Get Down». Ein tittel som gir passande assosiasjonar til 70-tals soul. Eg skal sjå den som klarer å sitje stille når «beaten droppar». Her er det laus klubbgroove der pentatone melodiar rører seg gjennom melankolske harmoniar, spesielt representert ved Øyvind Blomstrøm sitt gitarspel slik det er å høyre i hans eminente trio, Orions Belte.

Kvernberg er innovativ på uføreseielege måtar denne gongen. Det er klart heilt frå inngangsporten: dette smakar av grundig arbeid og gjennomtenkt kvalitet i kvart einaste ledd. Ein kan grave seg ned gjennom djuplytting og finne uendeleg med detaljar. Små lydar som berre kjem ein gong, eit underlag langt i bakgrunnen. Kvernberg har eit ustoppeleg nerde-gen som vi får nyte fruktene av.

Ein av dei fremste kvalitetane ved Kvernbergs komposisjonar og produksjonar er evna han har til å bygge lange linjer i utvikling. Det er ein fleirdimensjonal dramaturgi i musikken som gjer lytteopplevinga enormt engasjerande. Kvernberg har etterkvart ei lang portefølje av musikk for film, tv og radio. Det er lett å skjøne.

Grunnsteinen i Steamdome-prosjektet er ein dampande groove. Det er groovar som snur, einarar blir flytta på og markeringar på rare stader. Høyr berre på tittelsporet «Hypogean». Det er prog, men – og dette er viktig – ein tenkjer ikkje over det. Musikken flyt organisk av garde utan å gi hverken polyrytmikk eller teknisk virtuositet fokus. Men vit at, hjelpe meg, dette er virtuost. I bass og trommer er det solid fundament som gjeld.

Yeehaa – dette er punktet på konserten med flest glis.

Små detaljar får enorm effekt i denne drivande musikken. Den stramme syntetiske, riden som slår inn på offbeaten halvvegs i «Carbonado» er latterleg godt tenkt. Det er ein lyd som ein i utgangspunktet skulle tru var malplassert, ein eindimensjonal lyd midt i eit rikt lydlandskap. Det er eit av mange eksempel som syner kor gjennomtenkt denne musikken er.

Den over 14 minutt lange «Devil Worn», som også var første singel ut, har eit djevelsk orgel og ein ondskapsfull slidegitar som drivkrefter. Trommelyden er med på å gi ein råare klang av dette sporet. Dei slappe tammane i brekka og det dansande perkusjonsspelet til Windstad. Høgdepunktet kjem heilt mot slutten i det trommene er aleine om dansen. Før Kvernberg kjem inn med ein rodeo av ein slått. Yeehaa – dette er punktet på konserten med flest glis.

Ledige stillinger

Vi skal tilbake, og Ola Kvernberg har komponert lyden av gjenopninga.

Men viktigast av alt i Kvernbergs musikk er jakta på motivet. Melodien og den perfekte sentens. Siste spor, «Diamondiferous», opnar med ein sår melodi på fela slik berre Kvernberg kan. Den nattlege stemninga som slår innover oss med trommemaskina er modig løyst. Låta samlar den melankolske melodien, det futuristiske synthlandskapet, den organiske grooven og oppsummerer The Hypogean.

Steamdome II sug deg inn i ekstase gjennom suggererande groovar og hypnotiserande melodiar. Det enorme lydbiletet overveldar deg på utescena og ølen veltar ut av glaset for kvart jublande hopp.

Vi skal tilbake, og Ola Kvernberg har komponert lyden av gjenopninga.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ola Kvernberg

Ola Kvernberg er årets Stormenprofil

Den allsidige musikeren skal sette preg på årets konsertprogram i Konserthuset Stormen i Bodø.

Konsertbilde Hot Club de Norvege juli

Sigøynerjazz – en jazzdialekt

Django Reinhardt feires hvert år med en egen festival i Norge, en festival som etter hvert er kopiert i over...

Utsnitt av forsiden til Zs temanummer, Regissør + komponist

Z: Musikken i filmen

Filmtidsskriftet Z med temanummer om samarbeidet mellom filmregissør og komponist. – Vi må gjøre det stuerent å omtale musikk i...

Poet, sangdikter og musiker Trygve Skaugs norske musikalske forbilde er Øystein Greni. Han har aldri sett Greni eller Bigbang live. Men han tror det kanskje er Øystein Grenis skyld at han har så mange denimskjorter.

Inspirasjoner: Trygve Skaug velger Øystein Greni

I serien Inspirasjoner har vi denne gangen snakket med Norges mestselgende poet, Trygve Skaug, som også har en parallell karriere...

Flere saker

Her er ett introtiltak for å lokke flere kvinner og underrepresenterte kjønn til lyd og musikkteknikk.

En varslet teknikerflukt: – Problem for hele kulturbransjen

Sceneteknikerne sto uten arbeid fra 10. mars 2020. Nå er en fjerdedel borte. De som er klare for sommerens konsertrush...

Skyggespill på Sentralen i Oslo i 2017 Foto: Lars Opstad

Internasjonale priser til Skyggespill

Kåret til ‘Best Large Ensemble’ og ‘Best production of the Year’ under The Young Audiences Music Awards onsdag.

Jorden rundt på 80 dager med Alen Hodzovic Ensemble på ndestheater Linz

Gisle Kverndokk nominert til tysk teater-pris

Komponisten kam vinne pris i flere kategorier under Deutscher Musical Theater Preis for oppsetningen av «Jorden rundt på 80 dager»...