Frontfiguren i Side Brok har fått Målprisen 2021 frå Sunnmøre Mållag: – Nynorsk, og dialekt, trivst i dei mest urbane og internasjonale sjangrar, skriv mållaget.
Prisvinnaren har på mange vis slått hol på myten om at nynorsk ikkje kan brukast utanom bygda og det lokale – tvert om ser vi at nynorsk, og dialekt, trivst i dei mest urbane og internasjonale sjangrar. Prisvinnaren sjølv har også ein fleirkulturell og internasjonal bakgrunn, han er halvt islandsk og har budd store delar av livet i det urbane København.
Det skriv Sunnmøre mållag i ei pressemelding om at rappar, attdiktar, omsetjar og skribent Runar Gudnason fekk Målprisen 2021.
Gudnason sjøl er både stolt og glad for utmerkinga, og skreiv dette på si eiga facebook-profil:
Takk, Sunnmøre Mållag!
Denne prisen er eg svært stolt av.
Eg feirar med ein kveil hipster-mòr frå Oslo/Åmdalen og eit glas vin, i lag med min faste korrekturlesar, Aase N. Digernes.
Sirkel Sag-mår (Foto: Privat)
Det er fleire grunnar til at Runar Gudnason er vald ut som prismottakar i år. Prisnemnda trekker fram både evna til å engasjere gjennom sameining av tradisjon og nyskaping, og eit mangeårig arbeid for å formidle språkbruk, lyrikken i musikken, og relasjonen mellom dialekt og nynorsk.
Runar er nok nasjonalt mest kjend som frontfigur i rap-gruppa Side Brok, der han både skriv og framfører tekstane. Dei siste åra har han vore omsetjar og attdiktar for fleire musikalar, til dømes storsatsinga Charlie og sjokoladefabrikken på Det norske teateret i Oslo, fortsett prisnemnda i pressemeldinga.
Han har også fast spalte i avisa Møre-Nytt – der han med eit lokalt utsyn frå Digernes med vidsyn og tvisyn ser seg vidt omkring og nyttar det nynorske språket på framifrå, kreativt, men korrekt vis. I fleire år reiste han, i regi av Nynorsk kultursentrum, rundt på mange skular i fleire fylke med formidlingstilbodet «Snakk om språk». Runar Gudnason nytta mellom anna musikklyrikken, og sjølvsagt rapptekstane, til å vise samanhengen mellom dialekt og nynorsk.
17. mai 2020 vart annleis enn dei fleste tidlegare feiringar, men for mange vart dagen redda gjennom ei framføring på video av «Nordmannen». Runar stod for den språklege vrien og rappa saman med born, unge og vaksne frå Volda og Ørsta, og medverka slik til å sameine tradisjon og nyskaping. Denne hendinga, i tillegg til alt tidlegare nemnt, gjer det til ei stor glede for prisnemnda, Ingrid Opedal, Volda, Hilde Osdal, Volda, og Arild Torvund Olsen, Ulstein, å gje Runar Gudnason målprisen frå Sunnmøre Mållag i år.
Sjå videoen til «Nordmannen» frå 17. mai 2020 her:











