Ein stadig større del av kulturen vår er digital, også populærmusikken. No får musea hjelp frå Nasjonalbiblioteket til å ta vare på den.

Skjermdump av Huldra

I ti år har Rockheim forvalta digital kulturarv på lik linje med den analoge. I dette arbeidet har ikkje populærmusikkmuseet hatt mange sparringspartnarar i museumslandskapet. Digital kulturarv er sårbar, den er flyktig, og mykje har allereie gått tapt.

Musea har vore flinke til å ta vare på dei materielle sidene ved kulturhistoria, og å konservere fysiske vitnesbyrd frå fortida. Det har også vore mykje fokus på digitalisering og å gjera gjenstander tilgjengelege på nett dei siste tretti åra. Alle dei 2824 mangletrea med fotografiske representasjonar og ymse tilhøyrande kataloginformasjon på DigitaltMuseum er eit døme på det. Men ein videosnutt som demonstrerer bruken av mangletrea er ikkje like lett å oppdrive.

Materielle objekt har kulturelle tydingar som trer fram i lys av kvardagskonteksten, eller medan dei er i bruk. I 2003 blei UNESCO-konvensjonen om vern av immateriell kulturarv vedtatt. Sidan den tid har det også vore eit aukande fokus på vern (safeguarding) og dokumentasjon av språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonelle handverk og kunnskap i musea.

I og med at truga handverksmessige teknikkar sjeldan er representert i musea i form av ein handverkar som kan lære handverket vidare, blir som regel løysinga å dokumentere slike arbeidsprosessar, gjennom lyd eller film eller begge deler. Denne dokumentasjonen, minneintervju og anna akkumulerer mengder med ulike mediefiler i ulike format, lagra på ymse servere. Per i dag fins det ikkje felles system, standardar og rutinar for forvalting av denne dokumentasjonen eller audiovisuell kulturarv i dei norske musea. Men noko er i ferd med å skje.

Viktig oppdrag
For i førre veke slapp Nasjonalbiblioteket nyhendet om at dei har fått oppdraget med å kartlegge alt som fins av audiovisuelt kulturhistorisk materiale i arkiv, museum, bibliotek og private samlingar i Noreg, og utforme ein nasjonal plan for digitalisering og bevaring av dette. Dette blir ein stor, viktig og utfordrande jobb.

Det eldste norske spelbare fonografopptaket er frå 1889, seinare kom kommersielle 78-plater, vinylplater, magnetisk lydband og kassettar, og digitale lydbærarar som CD og MiniDisc. Utviklinga for filmmateriale har gått via mellom anna nitratfilmar, 8- og 16mm filmar, ulike videoformat og DV-tape. Digitalt skapte filer har òg stor variasjon i format og oppløysing. Med dagens mandat og gjeldande samlings- og bevaringspolitikk digitaliserer Nasjonalbiblioteket ikkje analoge lyd- og filmopptak utan å overta rettane til materialet. Men lovverket er altså i ferd med å bli endra, noko som er godt nytt for musea.

Von om verknad
Eg trur den komande nasjonale planen vil påpeike at me treng tapsfrie transkoda filformat med open kjeldekode for å sikre framtidig avspeling, og eit moderne katalogsystem som tar vare på allereie innsamla metadata, og som inkluderer avspelingsfunksjon for digitale filer. Og eg håpar kartlegginga, planen og arbeidet vil få store og positive ringverknadar i musea – teknologiske og kulturhistoriske.

Musikkvideoane til Emil Trier, musikkfotoa til Maria Gossé, plateomslagsdesignet til Bendik Kaltenborn, for å nemne nokre få, er popkultur som er verdt å ta vare på. Alt dette er produsert, og i stor grad distribuert og konsumert, digitalt. Populærmusikk har vore identitetsskapande for svært mange dei siste seksti åra. På Rockheim blir me påminna det kvar dag.

Som eit kulturhistorisk museum, skal Rockheim dokumentere mangfaldet av musikalske uttrykk og kulturelle aspekt kring musikken. Kva inneber dette i dag? Skal Nasjonalbiblioteket og Rockheim ta vare på brukargrensesnittet til Pirate Bay, MySpace, Wimp og Bandcamp? Kva med den fyrste utgåva av norsk elektronisk musikk som berre er publisert på nett, samt teknologien og programvaren den er produsert i? Kva med nettsider, forum, bloggar, Instagram- og YouTube-kontoar, korleis kan eventuelt desse forvaltast som kulturarv?

Per i dag består den digitale samlinga til Rockheim av 50 727 unike, registrerte mediefiler. Arkivet inneheld både digitalisert materiale og materiale som er skapt digitalt. Det inneheld materiale museet eig, materiale Rockheim har bruksrettar på (visning på huset/visning på nett), og materiale museet berre kan bruke internt eller vise til forskarar som tar kontakt.

Ein utsett plan
I 2008, to år før Rockheim opna, var den digitale samlinga ved museet tenkt forvalta gjennom semantisk web. Semantisk web er ein del av internett med kopla datasett som kan lesast av datamaskinar. Tidlegare leiar for IKT-utvikling ved museet, Lars Gunnar Eggen, leverte i 2007 ei masteroppgåve med ein ontologimodell basert på ein kombinasjon av biblioteks- og museumsstandardar som kunne forvalte både musikk, bøker og tradisjonelle museumsgjenstandar. På bakgrunn av denne fekk Eggen i 2008 stilling som prosjektleirar for informatikk i prosjektorganisasjonen Rockheim, leia av Arvid Esperø. I tillegg byrja Eggen allereie i 2002 å laga ei nettside med tittelen diskografi.no, som var eit oppslagsverk over norske plateutgjevingar og artistar.

Denne diskografien inngjekk etterkvart i det som blei Rockipedia. Wikien inneheld i dag informasjon om 85.255 artistar og 32.695 plateutgjevingar. Den fungerer også som eit autoritetsregister for ORIGO-prosjektet til NRK, som er den nye digitale infrastrukturen deira, også basert på semantisk web.

På grunn av ulike interesser blei masterplanen til Esperø og Eggen utsatt. Det er den dessverre framleis. Den digitale samlinga lever no i eit enklare system, også utvikla av Eggen – Huldra CMS. Huldra er eit system på open kjelde-teknologi som forvaltar bilete, video og lyd saman med tilhøyrande metadata. Det er plattformuavhengig, tilgjengeleg frå nettleser og sikra bak innlogging og SSL-kryptering. I dette systemet er det også mogleg å invitere eksterne til å hjelpe med registrering av metadata på eit avgrensa innhald. Det tilbyr eit enkelt API som opnar opp for leveranse av innhald til eksterne system. Huldra leverer i dag innhald til www.rockheim.no, samt utstillingar i museet.

Det har eksistert eit hierarki i kulturarvpraksisen der materialitet og autentisitet har regjert. Dette hierarkiet meiner eg er utdatert. Digital kulturarv er ikkje bere dårlege kopiar av det fysiske, originale og ekte. Det fins digital kunst og kultur som er verdt å verne om.

Nasjonalbiblioteket skal i hovudsak tenke på den langsiktige bevaringa, men med riktig infrastruktur, vil det vere uproblematisk for musea å hauste materiale tilbake med tanke på formidling. Dette er strålande, men det tyder ikkje at musea kan lene seg tilbake og overlate heile ansvaret for vår digitale kulturarv til Nasjonalbiblioteket.

Musea, med sin kunst- og kulturhistoriske kunnskap, må framleis ta stilling til kva me skal ta vare på, kvifor og korleis. I dette arbeidet må me legge frå oss det gamle tankegodset om mitt og ditt, og fokusere på å opne opp og å dele gjennom felles rammeavtalar om rettar og filformat og system med open kjeldekode.

Synnøve Engevik er konservator på Rockheim, og jobbar no med ei PhD-avhandling om elektronisk populærmusikk som analog og digital kulturarv.

Publisert:

Del: