Eller, ho burde i alle fall vere det? Kven ville i så fall brydd seg?

Frå venstre: Ordstyrar Rob Young (m.a. Jazznyttredaktør), Nabil Canaan, Tone Hansen, Rabah Mezoane (fransk kritikar og kulturarbeidar) og Anne Hilde Neset (Kunstnernes Hus)., © Oslo World/Lars Opstad

Tone Hansen, som både er dagleg leiar ved Henie Onstad Kunstsenter og leiar av Kulturrådet, er kanskje ikkje direkte forbanna på finansministeren, men mot slutten av seminaret “Mainstream catches avant-garde” hjå Oslo World førre veke blei ho i alle fall synleg engasjert og kanskje til og med litt opprørt då ho tok opp Jensens berømte indianarkostyme.

Utgangspunktet for panelsamtalen ho deltok i var eigentleg kunstinstitusjonane (som til dømes Henie Onstad) si rolle i å “sette spørsmålstegn ved- og endre status quo”. Ved sidan av henne sat Nabil Canaan, som er grunnleggar og leiar for det progressive kunst- og kultursenteret STATION i Beirut, Libanon. Mot slutten av seminaret kunne han fortelle om korleis han og STATION hadde vore med på å arrangere den aller første Pride-festivalen i heile Midt-Austen, og ganske raskt etter dette var det at Hansen tok opp sine bekymringar for den offentlege samtalen i Noreg.

Hatprat har blitt normalisert, meinte ho, og viste ganske direkte til Framstegspartiet si rolle i regjering, og meir direkte til aktuelle saker som Facebook-tiraden til den nye statssekretæren i Helse- og omsorgsdepartementet. Når det gjaldt finansministerens indianarkostyme meinte ho at kulturfolk burde melda seg på i debatten, og at dei har kompetanse til å skulere Jensen i kva betydning kostymet hennar faktisk har.

Se også Om å kle seg som folk av Julie Støp Husby, publisert hos Scenekunst.no

Viktig seminarrekke
Dernest var tida ute, og seminaret måtte avsluttast akkurat då det byrja å bli verkeleg interessant — slik er det gjerne i debattar som denne. Nemnte Canaan rakk berre så vidt å gi ein slags konklusjon: Festivalar som Oslo World, og det aktuelle seminaret, er ein del av løysinga, sa han, før vi alle hasta vidare til neste seminar.

Nabil Canaan (t.h) og Rob Young Foto: Oslo World/Lars Opstad

Eg trur han har rett. Det er ikkje mange festivalar eller institusjonar i Noreg som har ei seminarrekke som Oslo World. I løpet av førre veke blei tema som “giftig maskulinitet”, populisme, kulturell appropriasjon og vår tids problematiske forhold til fakta og løgn diskutert i fleire ulike format – og ikkje minst kunst- og kulturfeltet (anten det er kunstnarar, musikarar, institusjonar eller kulturjournalistar) si rolle opp i alt dette.

Om vi spolar tilbake til byrjinga av seminaret Hansen og Canaan deltok på blir det også klart kvifor vi har behov for slike diskusjonar. Medan det framleis var litt uklart om vi her skulle snakke om avant-garde kunstuttrykk, altså nyskapande og utfordrande kunstnarlege idéar, eller politisk utfordrande prosjekt, var det igjen Hansen som tok opp eit ganske spennande tema: “Du må leite utanfor søkjarlistene til Kulturrådet for å finne dei som verkeleg tenkjer annleis”, sa ho. Hansen meinte nok neppe at Kulturrådet har skulda for at det blir skapt lite grensesprengande kunst i Noreg i dag, men slo rett og slett fast at det finnast lite kunst som passar inn i hennar bilete av avantgarde-omgrepet.

Men kanskje ligg det eit poeng i dette med såkalla avantgarde og rause støtteordningar likevel. Den som skapar god, og kanskje utfordrande, kunst i Noreg i dag, vert raskt omfamna av dei offentlege støtteordningane. Når Staten – om enn indirekte – har belønna deg, er det ikkje lenger så lett å framstå som ei stemme mot makta. Problemstillinga er kompleks, men vi har kanskje alle godt av å reflektere over dei felles rammeverka vi forheld oss til, og kor vidt dei bidreg til nyskaping og utfordrande kunst.

Kontrastar til norsk kulturliv
Høveleg nok går det føre seg eit “kunstnaropprør” nett no, og 25. oktober samla kunst- og kulturfolk seg utanfor Stortinget med Skrik-masker. Protesten fekk tittelen “Kunstnaroppropet“, og fleire aviser har skrive om dette. Temaet er, naturlegvis, ikkje flyktningpolitikk, miljøpolitikk eller hatprat, men lønnsreform og kunstnarane si makt over pengesekken dei delar på.

I møte med ein kurator som Nabil Canaan, som går i bresjen for homofile sine rettigheitar i Midt-Austen, og som også kunne fortelle at han aktivt unngår offentleg støtte fordi han ikkje vil gjere seg avhengig av myndigheitene i Libanon, vert kontrasten ganske sterk. No er det sjølvsagt ikkje gangbart å tenkja seg denne situasjonen plassert rett inn i norske forhold. Det er ein openbar skilnad mellom dei politiske tilhøva i Libanon og Noreg, og kvardagen Canaan skildra gir oss god grunn til å setje pris på både Kulturfondet og prinsippet vi har om armlengds avstand.

Les også: Idol – Erik Hillestads tale under Olavsfestdagene

Men nettopp på grunn av dette prinsippet — og med møtet med Canaan friskt i minnet — skulle eg ynskje at fleire i kunst- og kultursfæren såg sitt snitt til å bruke ytringsfridomen vi har og utfordre det etablerte i større grad. Det er ikkje sjeldan ein ser at utøvarane og deltakarane på Oslo World vert omtalte som “aktivist” i tillegg til alt mogleg anna dei måtte vere kjende for, anten det er feministbloggaren Minna Salami som heldt opningstalen eller ikkje minst Sean Kuti (som diverre måtte avlyse sin konsert), son av musikk- og aktivistikonet Fela Kuti.

At desse kjem til byen medan vi kranglar om kulturkronene, nokre veker etter Kulturministeren har flotta seg saman med vandrande suksesshistorier, og NRK sender ein dokumentar der unge norske artistar snakkar om utfordringane rundt kva som “kreves for å slå igjennom i hele verden“, er – om ikkje anna – interessant.

Kven skal snakke om dei store temaa?
Dei fleste såg det kanskje som eit forsøk på å distrahere oss frå dei ulike kutta i kulturbudsjettet då Linda Hofstad Helleland ville opne opp ein debatt om norsk kultur med fokus på brunost og vaflar, og det var kanskje ikkje den mest interessante utgangspunktet for ein breiare kulturdebatt heller.

Men det hadde vore spennande om fleire aktørar i kunst- og kulturlivet ville ta fatt på ei slik problemstilling (om enn med eit meir konstruktivt premiss enn Helleland la opp til). Kva rolle skal kulturlivet eigentleg spele i det offentlege ordskiftet i Noreg i dag? Har ikkje kunst- og kulturfeltet ein heilt naturleg stad i debatten kring tema som kulturell appropriasjon og “det norske”? Bryr vi oss om meir enn storleiken kulturbudsjettet?

Maja S. K. Ratkje Foto: Håkon Eikesdal

Svaret er sjølvsagt, og heldigvis, at der er fleire som engasjerer seg, anten det er Maja Ratkje og hennar allierte sitt opprør mot oljesponsing, eller Moddi som i sitt prosjekt med forbodne songar faktisk også tok opp Noreg si brutale assimilering av samane, for å nemne nokre.

Mindre Rattkjelke – meir opprør!
Men om du nemner Maja Ratkje i dag er det kanskje fleire som hugsar kulturminister Thorhild Widvey si komiske namnetabbe, då ho omtalte henne som Maja Rattkjelke, enn hennar rolle som politisk aktivist. Og, sjølv om eg såg nokre norske kunstnarar både framfor og på scena under Oslo World sine seminar, var det ikkje så mange som tok ordet og slo hardt frå seg. Det er i det heile ikkje særskild heit politisk debatt i norsk kulturliv.

Les også: Norges forbudte sanger

Difor er eg heller ikkje særskild håpefull til at denne saka blir “viral” basert på mitt forsøk på ei tabloid overskrift. Før folk flest faktisk skal spisse øyrene når kunst- og kultureliten tek til motmæle (mot noko anna enn kulturkutt) trur eg vi først må få langt fleire kulturfolk på bana i det politiske ordskiftet.

La det vere sagt: Eg vil ikkje bagatellisere kunstnarane sin kamp for rimelege rammevilkår. Men eg ynskjer eit større, meir tydeleg engasjement for andre saker i tillegg, om det så er kostymeball eller språkpolitikk. For at vi skal sjå på kunst som noko meir viktig og utfordrande enn ei politisk prioritering, må fleire følgje etter og bry seg om meir enn si eiga evne til å overleve på kunsten dei skapar eller presenterer.

Om det ikkje skjer, er eg redd at kunst- og kultur framleis blir behandla i trivielle ordskifter om brunost og vaflar, og det er verken kulturlivet eller samfunnet tent med.

Publisert:

Del: