– I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber – og endå fleire kjende si besøkelsestid enn i løpet av helga. Kanskje hypen med kronprinsen hadde ein funksjon, slik eg sjølv ymta om i mi gårsdagsmelding. Dette er Magmamelding nr 3 frå Nicholas Møllerhaug – ballade.no sin utsendte i den tyske hovudstaden.

Cikada Quartet

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin

Magmamoroa fortset her i Berlin. Igår var det på ny duka for ein konsert kor endå fleire kjende si besøkelsestid enn i helga. Kanskje hypen med kronprinsen hadde ein funksjon, slik eg sjølv ymta om i mi gårsdagsmelding. Det kan truleg ha like mykje å gjere med det gode ryktet Cikada sist dei vitja Tyskland. Då leverte dei ein solid konsert under den store samtidsmusikkfestivalen i Witten. Det er ein dagsferd frå Witten til Berlin – difor var det nok mange i går som endeleg kunne høyre gjengen dei har høyrd rykter om. Berre programmet dei spelte var grunn nok til det.

Ein velfyld sal fekk fyrst innsikt i live-electronics-verda til den svenske komponisten Åke Parmerud. Cikada Duo – den kompromisslause duodelen av Cikada – spelte det fersket verket ‘Zeit aus Zeit’ med komponisten sjølv bak spakane. Det vart også eit møte med eit verk som i sin formdiversitet burde vore litt kortare. Særleg slår tanken eit for å yte rettferd til det instrument-responsive materialet Parmerud hadde klart. Kenneth Karlsson og Bjørn Rabben er ein gruppering som speler sjeldan godt i lag: og får fram slektskapet mellom dei pianoet og slagverket. To slagverksinstrument. Dette samspelet er også blitt varemerket for den mest resirkulerbare i Cikada-ensemblet – nemleg pianisten Kenneth Karlsson. Han var ein gjennomgongsfigur under gårdsdagskonserten med fleire ufordrande pianonoter på klaveret.

Cikadakvartetten fekk også gjort mykje utav seg igår – både med Streichquartett Nr. 2 av Halflidi Hallgrimmson og Nymphea av Karija Saariaho. To verk med veldig ulike kammertekniske utfordringar – det eine spelte på den meir vaklevorne og menneskelege delen av uttrykkskalaen. Hallgrimsson er på mange måtar ein romantikar som får fram eit til tider veldig melodisk materiale. Fordelen hans er at han aldri blir for patetisk – litt patetisk må ein kanskje kunne vere. På norsk er diverre ordet blitt eit skjellsord. Dei kontrastive kvartettsatsane hans spelte fint opp mot einannan. Dei til dels litt ‘sure’ crispy tonane som er signaturen hans fekk fram ein god programregi: At Saariaho endte konsertmoroa var eit godt val – ho sit jo verkeleg på toppen av parnasset når det gjeld asketisk komplekst uttrykk. Linjene hennar er prega av både dialog med avansert software og lyrisk temperament: Det gjer musikken til Saariaho sylskarp i den intenst dialogen ho fører med instrumentariet ho opererar med.

Den nordiske settingen treng kommenterande krefter for å bli sett i ein større samanheng. Elles kan denne verda bli for intern. Dette verker som ein idiotisk måte å seie at den nordiske musikken er ei straumlinja masse. Det er tvertom ikkje – det fekk me jo verkeleg sjå frå fyrste stund igår. Parmerud speler seg inn i den elektrofoniske tradisjonen til svenskane: frå studioet i Sveriges Radio. Valet av Parmerud viste seg iallfall som ein knallhard motsats til Hallgrimsson og Saariaho. Men, ikkje minst gjorde det Karlsson gav oss som solist igår kveld dette. For det fyrste var det den merksnodige og vemodige kommentaren til musikksoga Asbjørn Schaathun signerte – Stravinsky goes Bach and Schaathun goes Frescobaldi. I løpet av denne treminuttar lange urframføringa kom komponisten fleire gongar inn i eit Bach/Frescobaldiforedrag. Alt skjedde med fleire djuptgåande pausar som plutseleg blei avbrotne og så fortsatt med utviklingar i same retning – ei slags kronologisk delaykjensle.

Luigi Nono sitt verk for pianosolo med elektronikk – Sofferte Onde Serene – vart knallkommentar til det nordiske. Dette hadde ein fin posisjon til dette elles heilnordiske programmet. Ikkje minst fekk me som tilskodarar eit nytt innsyn i meisterskapet til Karlsson. Sjølv om plata han spelte inn med dette stoffet er storarta – er verket live ei endå stor oppleving. Elektronikken kjem fullt til si rett. Det er få betre måtar å beskrive det nordiske på enn å setje det i samanheng med Syden. Ikkje utan grunn at norden blir kalla mezzanotte på italiensk – det betyr midnatt. Syden blir derimot kalla mezzogiorno på italiensk – middag betyr de. Det heile har med lys og temperament å gjere: velillustrert gjennom musikken.

Publisert:

Del: