Først skal Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky til Bangladesh, deretter går ferden til flere av stedene i Jotunheimen der Grieg hentet inspirasjon fra og materiale til “Norske folkeviser opus 66”.

Unni Løvlid

I samband med Grieg-markeringa skal folkesongaren Unni Løvlid og pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky gje konsertar mellom anna i Bangladesh, Jotunheimen og Island.

Dhaka
Det er i år 100 år sidan komponisten Edvard Grieg gjekk bort, men han er framleis aktuell, både som komponist og humanist. I fjor var Bangladesh eit av dei landa som markerte Ibsen-året sterkast, og no står Grieg for tur. Center for Asian Theatre har i samarbeid med UD og den norske ambassaden i Bangladesh tatt initiativ til ein konsert 18. mai med dei norske musikarane.

Saman med skodespelarar og musikarar frå Dhaka vil dei presentere utdrag frå “Peer Gynt” og “Norske folkeviser opus 66”. Dei vil og gje ein barnekonsert med Grieg sin musikk i regi av organisasjonen Kachi Kanchar Mela, samt møte studentar og lærarar på Dhaka universitet.

Jotunheimen
Deretter skal Løvlid og Kwetzinsky ut på ein lengre turné til stader i Jotunheimen der Grieg henta inspirasjon og materiale til sine “Norske folkeviser opus 66”, slik som Luster, Turtagrø, Lom, Eidsbugarden og Vetti i Årdal. I tillegg skal dei gje konsertar på Fossli ved Vøringsfossen (der Grieg sat og skreiv sitt opus 66), Leirvassbu, Spiterstulen, Troldhaugen, Oslo Grieg Festival, samt to konsertar på Island. Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66.

Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.

Musikerne
Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky representerer begge Grieg07 og er del av Grieg Force. Løvlid er ein av våre mest etterspurde og allsidige folkesongarar. Ho vart i fjor kåra til “Årets folkemusikkartist” på Folkelarm. Kwetzinsky er aktiv som konsertpianist i Norge og i utlandet. Han vart i 2004 plukka ut til Rikskonsertene sitt lanseringsprogram Intro-klassisk.

Konsertoversikt:

* 17/5 – Dhaka/Bangladesh
* 18/5 – Dhaka/Bangladesh, The British Council
* 16/6 – Luster, Fjordstuen (opning av Grieg-utstilling)
* 17/6 – Eidfjord, Fossli hotell
* 22/6 – Luster, Turtagrø hotell
* 23/6 – Vang, Eidsbugarden hotell
* 24/6 – Årdal, Vetti gård (Nasjonalparkfestivalen)
* 4/7 – Siglufjörður/Island (Siglufjörður folkemusikkfestival)
* 5/7 – Hafnarfjörður/Island, Hafnarborg
* 21/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag og konsert, Gardmillom)
* 22/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag, Gardmillom)
* 23/7 – Lom, Spiterstulen
* 24/7 – Lom, Leirvassbu
* 27/7 – Oslo, Nasjonalgalleriet (Oslo Grieg Festival)
* 4/8 – Bergen, Troldsalen (Troldhaugens sommarkonsertserie)

Dette i følge en pressemelding.

Publisert:

Del: