Ytringsfridom for musikarar handlar om å gi dei ei plattform for sin musikk, sa Mohamed Beshir Abady på Oslo World Music-seminar. Festivalen er i seg sjølv plattforma vi treng i Noreg

Carmen Linare & Javier Baron, Oslo World Music Festival 2015 Foto: Lars Opstad

Oslo World Music Festival er gjennomført for 22. gang, og skapar stadig meir meining rundt eit ganske meiningslaust og i utgangspunktet mislykka omgrep. “World Music” har vore utskjelt og kritisert sidan plateselskap og andre i vesten byrja å bruke det som eit samleomgrep for musikk skapt av “dei andre”, altså dei med tilhøyrsle andre stadar enn i vestleg populærkultur.

Sidan då har globaliseringa kome lengre. “Verden” har kome nærare oss, og soleis er omgrepet etter mitt syn meir utvatna og meiningslaust ein nokon sinne. Verda utanfor den engelskspråklege, vestlege sfæren er, openbart nok, mesteparten av verda, og det er meir musikk på planeten som fell innanfor kategorien enn utanfor: Det høyrest ut som eit umogleg utgangspunkt for å skape eit spissa og forståeleg festivalprogram. Men Oslo World får det til.

Hello Psychaleppo, Oslo World Music Festival 2015, Foto: Lars Opstad_066
Hello Psychaleppo, Oslo World Music Festival 2015, Foto: Lars Opstad

Vi treng Oslo World
I årets program fann vi mellom (mykje) anna “tropi punk” frå Argentina, ein slags postpunk-hybrid frå Kongo, elektronika frå Syria og ei populær, katalansk jazzsangerinne. I utgangspunktet kan dette kanskje virka sprikande, men når jazzen havnar på Nasjonal Jazzscene og punken havnar på Rockefeller og Blå blir effekten at Oslo World endrar konsertbiletet i byen til noko meir interessant enn det er elles i året.

I utgangspunktet kan dette kanskje virka sprikande, men når jazzen havnar på Nasjonal Jazzscene og punken havnar på Rockefeller og Blå blir effekten at Oslo World endrar konsertbiletet i byen til noko meir interessant enn det er elles i året.

Derfor treng vi, dessverre, vil nokon kanskje seie, Oslo World. Sjangerbreidda er eigentleg ikkje noko særleg større enn på til dømes Øyafestivalen, men skilnaden er at festivalen lukkast med å syne oss musikk vi ikkje finn i byen elles i året (fordi den kjem frå andre stadar enn Vest-Europa og Nord-Amerika), og som er like bra og spennande som det som vanlegvis er der.

Nemnte jazzsangerinne, Silvia Pérez Cruz, er blitt anerkjend etter platedebuten i 2012. Begge platene har vore i samarbeid med gitarist Raul Fernandez Miró, men denne gangen var ho åleine med ein enkel kassegitar.

På Nasjonal Jazzscene blei det ein naken konsert med ei blanding av eigen musikk, folkeviser og meir kjente innslag frå mellom anna Édith Piaf. Cruz har ein fantastisk miks av sjarm og autoritet og eit enormt overskot både på vokalteknisk og på gitaren. Hovudfokuset hennar ligger likevel i formidling og ei sterk kjenslemessig fortolking av dei vakre melodiane. Å stå åleine slik ho gjorde og trollbinde publikum i godt over 90 minutt er ein stor prestasjon som ho tilsynelatande gjennomførte uanstrengt.

Ytringsfridom er meir enn jus
I tillegg til dette var årets tema ekstra vellukka i år: Tilhøyrsle blei belyst gjennom to gripande, om enn litt for korte, seminar om ytringsfridom og kvinner i musikken.

Juan Saavedra Kompani_Oslo World Musiv Festival, 2015 Foto: Lars Opstad

Juan Saavedra Kompani_Oslo World Musiv Festival, 2015 Foto: Lars Opstad

Debatten om ytringsfridom er mildt sagt aktuell i 2015, og Oslo World bidrog med deltakarar og innfallsvinklar som gir nye og viktige perspektiv til diskursen. Seminaret blei høveleg leia av Daniel Brown frå Freemuse, og hadde både aktivistar, journalistar og musikarar i panelet.

Den egyptiske bloggaren, forfattaren, kulturformidlaren og ytringsfridomsaktivisten Mohammed Beshir Amady var oppteken av at ytringsfridom dreier seg om meir enn juridiske hindringar frå myndigheitene.

– Vi må også sjå på miljøet rundt artistane. Føler dei seg frie til å gjere det dei vil? Dei treng ein arena for å uttrykke seg, påpeikte han, og fortalte om korleis bryllaup hadde blitt den store konsertarenaen og utgangspunktet for musikkmiljøet i nabolaget han vaks opp i.

– Vi må også sjå på miljøet rundt artistane. Føler dei seg frie til å gjere det dei vil?

Blomen i flyktningleiren
Journalisten Maria Korkunc er ein av initiativtakarane bak prosjektet Zaatariyes.com, der flyktningborn i den jordanske leiren Zaatari fotograferer og fortel om livet sitt.

– Flyktningleiren er beige og kjedeleg og ein vanskeleg stad å vere kreativ, fortalte Korkunc. – Men ei jente kom tilbake til oss med eit bilete av gras og blomar, fordi det var dei einaste fargane i leiren.

Som ein fantastisk parallell til blomen i flyktningleiren fortalte Samer Saim Aldhr frå Aleppo om sitt prosjekt, Hello Psychaleppo, som er elektronika med remiksar av tradisjonell arabisk musikk. Aldhr fortalte at ein del av prosjektet handla om hans behov for å hugse dei positive tinga om heimstaden sin medan borgarkrigen rasar i Syria og konfliktnivået i Midtausten elles også er enormt. Sjølv om Aldhr har flykta og bur i Minnesota i dag er det ingen tvil om kvar han høyrer heime.

– Eg gjer så godt eg kan for å samarbeide med musikarar frå Beirut, Jordan og Palestina. For meg er det der det skjer, det er der den beste musikken er, forklarte han.

Alsarah & The Nubatones, Oslo World Music Festival 2015, Foto: Lars Opstad

Alsarah & The Nubatones, Oslo World Music Festival 2015, Foto: Bilge Öner

Elektrisk kvinneseminar
Utgangspunktet for desse seminara er at problema rundt ytringsfridom, representasjon og tilhøyrsle på planeten og ikkje minst i musikklivet. Dette blei også nemnt begge dagar, men fokuset var likevel i størst grad positivt og konstruktivt. Det er håp, og det skjer mykje bra!

Seminaret om kvinner i musikken hadde ei nærast utelukkande positivt og inspirerande fokus. Under leiing av biblioteksjef ved Deichmanske, Kristin Danielsen, fekk ei lang rekke kvinner, frå ulike verdsdelar og med ulike roller i musikkbransjen, fortelje om sine suksesskarierrer.

– Gode, sterke rollemodellar og personlege historier er mykje meir interessant enn statistikk, sa Danielsen. – Vi har alle vore på seminar før og klaga. Her skal vi bli inspirert!

Og det blei vi. Seminaret hadde for mykje innhald til at nokon i publikum fekk gi direkte tilbakemelding, men konsentrasjonen, lyttinga, applausen og jubelen frå det fullsette lokalet sa sitt.

Eksemplarisk festival
Gjennom eit rikt og kvalitetssterkt program og godt programmerte seminar spelar Oslo World ei eksemplarisk rolle som ein utfordrande, inkluderande og tankevekkande arena. Vi seier ofte at verda er lita, men årets festival synte at den er større og meir innhaldsrik enn vi trur og bringa den til Oslo.

Slik gjer dei også sitt for å forsterke ytringsfridomen og ytringsmangfaldet, samtidig som dei hjelper oss å sjå forbi alt det vonde og finne blomane bak grå og mørke konfliktar, anten det er i Syria eller Kongo.

“World Music” er framleis eit dumt og provoserande omgrep.

Verda er her allereie
I tillegg til dette minte festivalen oss om at mange bitar av verda utanfor Noreg allereie er her og bidreg til vårt kulturliv, til dømes ved å inkludere konseptet Open Xpressions, som går føre seg annakvar onsdag på Cafeteatret, i programmet. Her kan Oslobuarar oppleve eit mangfald av lokal musikk, med globale røter.

Ikkje minst fekk vi oppleve at Oslo har mange internasjonale borgarar når Silvia Perez Cruz kunne snakke spansk mellom songane gjennom heile sin konsert på Nasjonal Jazzscene, utan at nokon i publikum såg ut til å miste interessa av den grunn.

“World Music” er framleis eit dumt og provoserande omgrep. Men i mangelen på noko betre gjer Oslo World Music Festival alt dei kan ut av det, og held dei fram slik vil vi kanskje ein dag ikkje trenge omgrepet lenger.

Publisert:

Del: