Meir enn veslebror

INNLEGG: Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt for Institutt for Musikkvitskap, skriver Guro H. Bjørnstad.

Dette innlegget følger opp debatten om [link id=67568 title=»den økonomiske situasjonen på Institutt for Musikkvitenskap«] ved Universitetet i Oslo. Teksten ble først publisert i Universitas, red. anm.
I 2005 sa dåverande professor i musikkvitskap Jon Roar Bjørkvold opp sitt professorat ved Universitetet i Oslo i protest. Han meinte at det han kallar «det musiske i mennesket» forsvann i «stramme tal, autoritær kontroll og økonomisk trangsyn», som han sjølv skriv på nettsida si. Ting har openbart ikkje forandra seg sidan 2005.
Er det eit stort tap?
Professorar ved Institutt for musikkvitskap (IMV) ved Universitetet i Oslo kritiserte Humanistisk fakultet (HF) i to kronikkar, ein i Aftenposten og ein i Morgenbladet.
Professorane meiner at HF tvinger IMV til å legga ned den praktiske delen av studiet, slik at studiet vert reint teoretisk. HF meiner dei ikkje legg føringar på korleis musikkvitskapsstudiet vert lagt opp, men krev at instituttet må gjennomføra kutt på 25,5 millionar kroner frå 2010 til 2016. Kronikkforfattarane meiner at slike økonomiske kutt fører til at kutt i den praktiske delen av utdanninga er naudsynt. Men er dette eit så stort tap som professorane meiner?
Les også: [link id=67568 title=»Harde kutt for Musikkvitenskap«]
For mange musikkutdanningar
Det kjem ytringar frå fleire kantar om at det blir[link id=67558 title=» utdanna for mange musikarar i Noreg»] i høve til arbeidsmarknaden. Petter Wettre, saksofonist, komponist og undervisar ved den rytmiske musikklina på Universitetet i Agder (UiA) uttalte nyleg til NRK Kulturnytt at han meiner det eksisterer for mange musikkutdanningar i Noreg, og at det vert utdanna for mange jazzmusikarar i forhold til antal eksisterande jobbar. Han meiner at det er betre med færre utdanningar, og å heller ha fokus på å få eit høgare nivå på dei som vert utdanna.
Teori vert underbygd av praksis, og det viser seg at som student lærer ein ofte mykje av den praktiske delen innanfor studiet og ikkje berre det å sitta med hovudet i ei bok. Men det at musikkutdanningar vert tvungne til å tenkja annleis, treng ikkje kun vera negativt. Petter Wettre meiner det blir utdanna for mange musikarar, og det har han rett i.
På musikkvitskap sine nettsider vert nye studentar lokka med instrumentalundervisning og samspelgrupper, og nettsidene seier at jobbmogelegheitene etter endt studie er mange. Inkludert jobb som musikar.
På denne måten framstår Institutt for musikkvitskap ofte som musikkhøgskulen sin «veslebror»; dei som ikkje kjem inn på musikkhøgskulen byrjar på musikkvitskap.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ikkje veslebror
Det er på høg tid at musikkvitskap framstår som stolte av den vitskapelege styrka utdanninga har, ved at det nettopp er det største musikkvitskapelege miljøet i Norden med mange internasjonalt kjende lærekrefter – ikkje som musikkhøgskulen sin veslebror. Noko av grunnen til at musikkvitskap vert nedprioritert kan vera akkurat det at dei kjemper om å behalda denne praksisen, som hjå mange kan oppfattast som unyttig på grunn av at det allereie vert utdanna nok musikarar til musikarjobbane.
Sjølvsagt er praksis ein viktig del av musikkutdanning både for pedagogar og lærarar, men utdanning av utøvande musikarar er det allereie andre institusjonar som tar seg av.
Guro H. Bjørnstad er journalist i Universitas og har en bachelorgrad fra Institutt for musikkvitenskap

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Fuglefjellet som mista stemmen

Fuglefjellet som mista stemmen

Et stilnet fuglefjell åpner festival.

Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio