Hopp til innhald
The Snuff Grinders (Foto: fordefestival.no)

The Snuff Grinders til Jørn Hilme-stemnet 2009

Dans, kappleik, konsertar og kurs på Fagernes denne veka.

Årets tingingsverk under stemnet er «Tonar til hjarta» med Hemsing-systrene og Kvarts. Denne konserten er eit nyskrive verk for Jørn Hilme-stemnet (på Fagernes) og Den norske folkemusikkveka (Ål). Under Jørn Hilme-stemnet kan verket høyrast i Hedalen stavkyrkje, St. Thomas-kyrkja, Tingnes kyrkje og Bruflat kyrkje.

Festivalartisten i år er hallingdansaren Martin Myhr. Han er instruktør på Strunkeveko under festivalen og produsent for fredagskonserten Den so lea se ette golvé i lag med Stian Roland. Her får de sjå og høyre 40 talentfulle ungdommar frå Oppland og Hallingdal opptre med tradisjonelle og nye uttrykk.

Tett på festivalartisten kjem de i intimkonserten Dø og pine det menner i vart fall jæ. Saman med musikar Atle Lien Jenssen formidlar Myhr dikt og forteljingar, og ikkje minst rått og røte frå livet som tømmerhoggar og –fløtar.

Kvedardronninga Kirsten Bråten Bergstår for Solefallskonserten Sagn og Arv på Jaslangen i lag med Arild Andersen, Bendik Hofset, Georg Wadenius og Paolo Vinaccia.

Festivalen får også besøk av Hallgrim Hansegård og dansekompaniet Frikar med The Snuff Grinders, Valkyrien Allstars, Knut Hamre og mange fleire. Ein av semifinalane i INTRO-folk 2009 er lagt til Jørn Hilme-stemnet. Det er Kim André Rysstad og gruppa Filibuster som skal knive om ein finaleplass. I år rundar vi av festivalen med kongepokalvinnarar frå Valdres i konserten Kongeleg læte på Valdres folkemuseum.

Strunkeveko er eit folkemusikkurs for barn og ungdom som går føre seg på Folkehøgskulen på Leira. I år er det påmeldingsrekord med 118 deltakarar, og instruktørane er blant dei best folkemusikkutøvarane i landet.

Kurs for ungdom og vaksne

I tillegg arrangerer Jørn Hilme-stemnet kurs i gamaldans (gratis), valdresspringar, song, munnharpe, langeleik, gjetarinstrument, Halling, capoeira og breikdans.

Kappleik

Kappleiken går føre seg laurdag og sundag på Kulturhuset i Fagernes.

Ledige stillinger

Det blir fleire gratis barnekonsertar og laurdagsformiddagen kan du vera med å tevje om å bli årets go´kar – den den beste og sprekaste!

Dans, dans, dans

Vi har eit rikt dansetilbod heile veka. Av gamaldansmusikk kan vi nemne Sven Nyhus kvartett, Kvarts med Hemsing-systrene, Skarvemellin, Tørstad og co, Septimlaget, Aurdal trekkspelklubb og Valdreskvelven toradarar. I tillegg kjem ei rekkje gode spelemenn- og kvinner og spelar valdresspringar og andre bygdedansar kvar einaste kveld.

For meir informasjon om tider, prisar, påmelding og billettar: sjå www.hilme.no

Ledige stillinger

Flere saker

Hilde Holbæk Hanssen

Hilde Holbæk-Hanssen får Fegerstens musikkpris

Prisen er på 250 000 kroner. En rekke komponister og musikere får også stipend fra stiftelsen.

Avtalen signeres: Little Steven fra TeachRock, Thorild L. Osdalen fra DKS Telemark og Stein Kristian Dillevig, rektor ved Edvard Munch vgs i Oslo

Norge første land utenfor USA i Little Stevens rockeskole

Mandag ettermiddag skrev Steven Van Zandt, Den kulturelle skolesekken Telemark og Edvard Munch videregående i Oslo under intensjonsavtalen om å...

Anders Palm

Lyd og ulyd i Drammenshallen: Tidsdokument og tidsmaskin

– Jeg ville lage en bok som jeg selv ville ønske å lese, sier forfatteren av boka om Drammenshallen, en...