Hopp til innhald
Chika Dole spelte på Blå under Oslo World. Frå venstre: Jenny Jorde Lunde, Chika Dole og George Kwadwo Ofori

(Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Oslo World: Blå unplugged

Sjølv om både Kamara og Nova Amor dessverre måtte melde avbod, fekk vi oppleve nokre av dei mest spennande stemmene på den norske r´n´b-scena i eit intimt format.

Blå og Oslo World høyrer saman – vi kan ikkje miste Blå! Vi kom inn i denne vakre svarte boksen Blå er, i gulbrun belysning frå stearinlys på borda og velkomponert scenelys. Erykah Badu strøymde frå anlegget. For ei deilig varmestove.

Stjerneskotet Kamara måtte avlyse på grunn av sjukdom, slik det skal vere låg terskel for om dagen. Då er det, som festivalsjef Alexandra Archetti Stølen fortalde frå scena, fantastisk kult at vi bur i ein by der ein kan ringe ein annan artist å spørje om ho kan stille opp i staden, berre tre timar før konsert. Louam hadde levert eit etter rykta finfint sett dagen før på Oslo World UNG, og kasta seg rundt.

Ein barkrakk midt på scena, ein cajon, akustisk gitar og rhodes,
den brune skinnjakka til Louam sjølv – estetikken osar MTV unplugged frå milleniumskiftet med Badu, Lauryn Hill, Mary J. Blige.  Opningslåta «Like 90s RnB» går rett i kjernen. Louam slepte si debutplate i fjor, «Wreckless Love», som framstår som ein hyllest til nettopp nittitals RnB og neo-soul og dyrkar soundet.

Låtane frå plata er godt arrangerte for det akustiske formatet, og ei av dei sterkaste låtane, «Mezmerize me», får eit ekstra løft i den intime koringa. MTV unplugged-formatet passa fint når det no var eit nedpå Blå med sitjeplassar og stearinlys. Men eg gler meg til å høyre ho med litt meir trøkk når vi er tilbake til ståplass-livet (og det kjem tilbake!). Det blir spennande å fylgje utviklinga når Louam vidare skal utvikle prosjektet sitt og kanskje ta soundet eit hakk vidare etter dette djupdykket i nittitalet.

Etter ei god pause med meir Erykah Badu på anlegget, scrolling i staden for mingling og påfyll med app-øl i glaset, går Chika Dole på scena med perkusjonist George Kwadwo Ofori, også kjent som King George VIII og bassist Jenny Jorde Lunde. Vokal, bass og trommepad – minimalistisk Neo-soul.

Det mest slåande med Chika Dole er hennar unike vokaluttrykk. Det er forsiktig og lavmælt, men likevel med ein sterk intensitet. Tekstane tek for seg problematikk rundt rasisme, samtykke og hykleri. Det er ærleg, personleg, men treff universelt. Og når desse til tider vonde, betente tekstane blir levert gjennom det vare vokaluttrykket får det ekstra sprengkraft. Chika Dole er ikkje minst ein sterk formidlar. Ho uttrykkjer mykje med blikket, og hennar smått quirky vitsar fekk oss til å senke skuldrane i den litt stive situasjonen som det jo er med denne låste stolplasseringa for publikum.

Chika Dole har eit unikt vokaluttrykk, skriv Ballades anmeldar (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Eg må gi eit ekstra godord om bassist Lunde – ho leverte nokre spesielt smakfulle linjer som var avgjerande for dynamikken i dei minimalistiske låtane. Men også Chika Dole gler eg meg til å høyre i ståplasstider, gjerne med eit større band som kan utvide liveuttrykket.

Den nostalgiske estetikken i musikken denne kvelden forsterkar også dei nostalgiske kjenslene av å vere på Blå denne tida. Nyleg lyste Blå ut at dei kom til å stenge etter jul. Nei, det kan ikkje skje! Oslo World har hatt konsertar på Blå i alle dei 22 åra klubben har eksistert.
Eg har ikkje tal på kor mange konsertar eg har vore på på Blå som har gitt meg eit enormt kick – det kokar alltid på Blå. Å snike seg gjennom publikum tett i tett, innom baren og plukke med seg ei øl og bli sølt på av han framfor deg i køa, og du ser så vidt at han unnskylder seg, men høyrer ingenting gjennom den litt for høge musikken og det sterke scenelyset som streifar augene. Du snur deg til kompisen din og gir eit smil med rynke på nasa for å kommunisere at «no kokar det!». I eufori bevegar du deg framover mot scena, med dei teknikkane du etterkvart har plukka opp for å snike deg gjennom den tilsynelatande ugjennomtrengelige massa av menneske med eit intenst blikk på scena.

Å, eg har ikkje ord for kor mykje eg saknar det. Mange stader, klubber, arenaer rundt om i landet har det svært vanskeleg no, slik også arrangørar av konsertar og festivalar har. Denne blå perla er søren meg Oslos beste scene, kjenner eg på no. Og det er ikkje anna enn tragisk om ho ikkje opnar dørane igjen – i god tid før neste års Oslo World.

Ledige stillinger

Relaterte saker

En av Frank Znort Quartets mange søndagskonserter på Blå i

Klubben Blå stenger: – En stor jafs av Oslo-sjela

En av landets lengstlevende og mest kjente klubber, Blå i Oslo, meldte rett før helgen at de kommer til å...

Rapperen Unge Beirut på Oslo Worlds åpningskonsert på Rockefeller i Oslo 27. oktober

Ruinen som metafor

KOMMENTAR: Oslo World holdt sin 27. åpningskonsert denne uken, og tilbyr et tettpakket festivalprogram til tross for pandemi og alle...

Arif er en av de mange artistene som spiller under årets Oslo World

Oslo World: – Programmet er globalt, selv om det er helt lokalt

Oslo World kunne velge å avlyse årets festival. Isteden valgte de å hyre inn 220 artister bosatt i Norge.

Kamara live, Blå, Bylarmfredagen

Oslo World booker artister fra Norge i høst

Den unge artisten Kamara er blant navnene når Oslo World endelig kan skilte med noen navn. Festivalen finner sted allerede...

Flere saker

Mats Eilertsen under strømmekonsert på Sentralen i Oslo.

«Solitude Central»: Fattet, karaktersterk og håpefull

PLATEANMELDELSE: Kontrabassist og komponist Mats Eilertsen var tidlig ute med strømmekonserter fra Sentralen i Oslo. Nå slipper han albumet «Solitude...

Tape Trash

Om Tape Trash opplever en gud er det i musikken

Lenge levde Anders Magnor Killerud og Kristofer Staxrud i skyggen av en dømmende gud. Etter flere år i kjente band...

Sopran Nathalie Egeberg Hansen var en av de første norske med på grammofoninnspilling i

Lyden av musikkhistorien

Nasjonalbiblioteket har digitalisert 78-plater fra første halvdel av 1900-tallet. Nå lanserer de en ny strømmetjeneste med 20 000 spor, og...