Hopp til innhald
Wolfgaaang! Tor Jaran Apold (Fiolin) Foto: Thor Brødreskift

– Feil i Ballade sin omtale av skulekonsert

Det er viktig for oss å poengtere at konsertinformasjonen ikkje inneheld ei oppmoding om å sjå «Amadeus», skriv DKS Hordaland

Vi er glade for at Ballade set fokus på produksjonar som turnerer i Den kulturelle skolesekken (DKS).

Hovudmålet for ordninga er at alle elevar i skulen skal få eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod, og

kvalitetssikring er ei kjelde til konstant diskusjon.

Det er viktig med eit kritisk søkelys på kvaliteten i kunst- og kulturformidling til barn og unge, då denne verksemda går under radaren til dei fleste vaksne.

Det er likevel naudsynt for oss å korrigera ein direkte feil i omtalen.

I artikkelen «God vilje – vanskelig form», publisert 25.05.16, er mellom anna produksjonen «Wolfgaaang!» (for 1. – 7. trinn) omtalt. Kritikeren har òg tatt med ei vurdering av informasjonen som går ut til skulane før konsertbesøket.

Her kan ein lese i Ballade:

«… I presentasjonen av konserten på DKS sine hjemmesider oppfordres lærerne til å se filmen Amadeus med elevene på forhånd. Utøverne synes imidlertid ikke å ha noen ambisjon om å oppklare de historiske feilene i filmen…»

Det er viktig for oss å poengtere at konsertinformasjonen ikkje inneheld ei oppmoding om å sjå Milos Forman sin film «Amadeus», ein film som dessutan har aldersgrense 12 år.

Derimot står desse forslaga til korleis skulen kan førebu sine elevar til konserten:

Ledige stillinger

• Kjenner de noko av hans musikk? Finn de nokre av songane hans i songbøkene på skulen? Til dømes: «Det klinger så herlig», Kom mai, du skjønne, milde» og «En fuglefanger er jeg, ja» og «Alfabetet» (frå «Tryllefløyten»)

• Er det nokon i klassa som spelar piano og som har eit stykke av Mozart på sitt repertoar?

• Lytt til Minken Fosheim si innspilling av «Eventyret om Mozart», – om ho er tilgjengeleg

Vi set pris på gode og seriøse diskusjonar om kva som kjenneteiknar kvalitet i kunst- og kulturformidling til skulen, all den tid fakta er korrekte.

Ronny Skaar (seksjonssjef) og Wenche Gausdal (produsent), Hordaland fylkeskommune

Ledige stillinger

Relaterte saker

Good Wibes Foto: Magnus Wibe

God vilje —vanskelig form

Vel så interessant som den musikalske opplevelsen, er det å se hvordan pedagogiske ideer hos utøverne kommer til uttrykk, skriver...

Teikning av Geir Moen

Sterke fargar og ekspressivt fotarbeid

Kva har dagens unge å lære om hiphop som dei ikkje allereie veit? Mathias Jin Budtz og Geir Moen styrte...

Karoline Krüger

Ordet og lydbølgen

André Bjerkes dikt er ikke så lette å tonesette som en kanskje kunne tro, skriver Maja Skanding.

Pianoet

Kul musikk med masse oppleving

Bach og Grieg klarer seg framleis godt i møte med skuleborn i ein gymsal. Likevel kan ymse drahjelp gjera at...

Flere saker

Dmytro Kumar i

Det ukrainske metalbandet 1914 til Inferno 2023 som kulturelle ambassadører

Det ukrainske metalbandet 1914 avlyste konserten på Inferno sist påske. Nå er det klart at de kommer neste år, for...

Mette Dybwad

Mette Dybwad Torstensen ny redaktør i Periskop

Torstensen blir ny redaktør i Periskop, tidsskriftet for kritikk av kunst for barn og unge, fra skolestart i august.

Oversiktsbilde crowd

Svartmetallen kom hjem til et arnested

Nesten tretti år etter sin fødsel fikk dedikerte musikkelskere oppleve og gjenoppleve en hel sjangers fødsel i bygget der mye...