Den Norske Opera, Scene 2/Foto: Statsbygg

Vital nyskaping i store institusjonar?

I det sist utkomne nummeret av tidsskriftet Vinduet, kritiserer regissør Kai Johnsen mangelen på ein vital tilnærming til nyskaping i store norske institusjoner. Deriblant operaen.

Kalender

AVLYST: Operapub på Røverstaden

15/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

JAZZ I SIKTE

17/04/2020 Kl. 20:00

Rogaland

Kroke

17/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

AVLYST: Operapub på Røverstaden

22/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Av Ida Habbestad
Kai Johnsen er mellom dei som i si tid ”oppdaga” Jon Fosse som dramatikar, og har både før og sidan arbeidd med ei lang rekkje nolevande norske tekstforfattarar.
Når Dramatikkens Hus opnar i januar 2010 er Johnsen del av huset sin leiartrio, med ansvar for utvikling av ny scenetekst.
Dramatikkens Hus har som eitt av måla sine å skaffa auka interesse for ny norsk dramatikk – eit punkt Johnsen meiner at mange av dei store norske institusjonane ikkje har gjort noko tilfredsstillande arbeid med.
Heller ikkje dei som har ansvar for musikkdramatikk, skal me tru Johnsen sine utsegn i intervjuet ”Mer dramatikk, takk”.
– Det er symptomatisk for utviklingen i teatret at Norges mest kjente regissør, Stein Winge, vel ikke har satt opp et eneste stykke av en ny norsk dramatiker, sier han til Bjarne Robberstad, og trekkjer fram som eit anna symptom korleis ein ved diskusjonen kring bygginga av operaen i Bjørvika grunngav behovet med at Noreg var mellom få land i verda som ikkje hadde eit nasjonalt operabygg – medan ein snakka lite om kva huset skulle fyllast med.
(Tidlegare diskusjonar om operaen sitt innhald [link id=64107 title=»her«]).
Ei slik haldning får som følgje at kunsten går fra å være skapande til å bli utøvande – og ein slik kunst går til grunne, meiner regissøren:
— Nå er alle internasjonale forestillinger på hovedscenen smekkfulle, selv oppsetninger som er rimelig dårlige, mens nye norske prosjekter, for eksempel Cecilie Ore, får fem dager på scene 2 – og likevel er det umulig å få folk til å komme! Dette er fordi publikums interesse over tid er blitt dreid over mot det utøvende, sier han.
Noka umiddelbar løysing vert ikkje lagt fram i intervjuet.
Johnsen peikar i staden på det problematiske ved tendensen til at ein stor del av publikum har blitt meir konservative, og omtaler besøksutviklinga for den nye norske dramatikken som «skremmende – med få hederlige unntak».
Mellom årsakar til dette kan vera at den frie scenekunsten historisk sett ikkje har fått høve til å spela ei vesentleg rolle i norsk teater.
Johnsen trekkjer imidlertid fram Tyskland som eit føregangsland.
– De har så mange institusjoner på så høyt nivå. Lang tradisjon for å være stolte av å skape noe nytt, introdusere nye stemmer, nye regimessige grep. Vitaliteten er så å si institusjonalisert. Mens i Norge skal, for å ta et eksempel, teatrene ha særstøtte for å sette opp ny norsk dramatikk! Skal et teater som får 150 millioner i statsstøtte årlig, ha særstøtte for å sette opp ny norsk dramatikk?! Det eneste jeg har å si til det, er: «HÆ?!?» Hvis det er det som skal til for å sette opp ny norsk dramatikk, er forutsetningen grunnleggende feil.
Intervjuet med Kai Johnsen finst i sin heilskap i Vinduet nr 3-2009.
Ei omtale av intervjuet finst òg hjå scenekunst.no

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev