Av Ida Habbestad
Foto: Ann Iren Ødeby
Med sine heilt opne titlar legg Øyvind Torvund grunn for ei lang rekkje assosiasjonar. Tidlegare under festivalen har me høyrt hans ”Wolf Studies II” – for fiolin og ulv. Der let fiolinist Anna Lindal sine glidande melodiar slynga seg over og under opptaka av ulande ulv. Tilsynelatande uaffektert av nærværet av det utstoppa ulvehovudet rett ved – sistnemnde beteiknande for komponistens rike idéverd.
Med eit slikt bilete friskt i minnet, var det kanskje ikkje rart at den første førestillinga mi i møte med ”Wild Spaces” var den om ville dyr.
For om ikkje like konkret som i ulve-studiene, fanst naturen og det dyriske òg i «Wild Spaces», ikkje minst gjennom undertittelen ”Beast Madrigal”. Men biletet fann etterkvart ein større omkrets. Undertittelen ”Basic Knowledge” sende tanken attende mot det menneskelege, før ”Psychedelic Landscape” (også den med menneskelege trekk) og ”Idyllic Scene” bar bod om abstrakte rom eller landskap – fredelege så vel som utamde.
Små nyansar i endring
Korvidt slike betraktningar er relevante, kan sikkert diskuterast. Verket utan tekst handla truleg aller mest om lyd, og komponisten kunne henta opp frå bunken eit vell av slike.
Til dømes var klarinettenes abrupte impulsar sett opp mot meir vokalise-liknande klangatmosfærer i ”Idyllic Scene”. Her var bastante klangpålar i ”Basic Knowledge”; eit repetert kvintintervall som sende tanken til gregorianikk og gamal tid. Til fundamentet sjølv, eller som tittelen seier: den kunnskap som me alle har.
Der var noko svevande bestialsk i ”Psychedelic Landscape”. Ei tidløyse i ”Beast Madrigal” der mangelen på kjensle av puls og framdrift kunne få ein til å kjenna seg som i fritt svev. Over ein avgrunn kanskje – eller berre på vegen mot det heilt bastante, ostinatliknande i den grunnleggjande kunnskap som stadig vende attende.
Her var plystring og glissandi, mumlande murring, mikrotonalitet, akkordar som berre var ”litt sure”. Små nyansar i stadig endring – når Torvund på eit vis sette komposisjonen på repeat. Etter første runde av dei fire satsane, kom ”Idyllic Scene II”, ”Basic Knowledge II” og vidare, før han ved tredje gjennomgang forkludra – snudde om på rekkefølgja, let dyremadrigalen liggja og etterlet oss til det psykedeliske som tona stille ut.
Sakna krefter utan kontroll
Imidlertid undra eg meg over kvifor Torvund ikkje nytta ressursane i større grad. Å forsterka Nordic Voices med sopran Ellen Aagaard, virka ved dette verket nesten overflødig. Potensialet hennar er stort, men ho fekk utfalda seg lite i eit materiale som rett nok ofte var annleis ensemblets, men som sjeldan fekk framtredande plass. Dei to klarinettistane Peter Brötzmann og Frode Gjerstad skapte større kontrastar. Dei forstyrra oftare dei vokale klangsfærene som var lagt, men sjeldan med den eksplosive karakter dei begge er kjende for.
Jamvel Nordic Voices klang forunderleg lite variert i samanhengen; i alt kunne dynamikken kjennast einsidig, ein lys, mumlande, forsiktig og homogen klangverd vart den rådande.
Slik vart det for meg eit uforløyst aspekt over konserten – eit potensiale som låg ubrukt.
Korvidt ein alltid skal få alt ein ynskjer seg er så si sak. Men midt i det rike vellet av lydlege nyansar kom eg til å sakna det ekstreme; forløp som tok av; kampar som vart utspelt, krefter som var utanfor kontroll.
Så handla kanskje «Wild Spaces» meir om den forunderlege sivilisasjon enn om utamd villskap?
Konsert:
Kulturkirken Jakob, torsdag 16. oktober
Øyvind Torvund: «Wild Spaces»
Med Peter Brötzmann, Frode Gjerstad, Ellen Aagaard og Nordic Voices

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger
Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.





















































