
Inkonsekvente krapyl?
Ein offentleg samtale om barnekunstprosjekt er sårt tiltrengt. Men det rettferdiggjer ikkje dårleg journalistisk handtverk forkledd som kunstkritikk, skriv nyMusikk Bergen i eit tilsvar til Ballades kritikar Maja Skanding.
Av John Hegre, Alan Ó Raghallaigh og Else Olsen S. (leiarar), på vegne av styret i nyMusikk Bergen
Ballade sin kritikar går hardt til verks mot nyMusikk Bergen si satsing på barn i ei melding på Ballade den 21.2.2019.
Her blir organisasjonen rosa for godt formidlingsarbeid med den eine handa samtidig som kritikaren risar oss for inkonsekvens med den andre. Denne litt forvirrande ubalansen i teksten blir ikkje betre av at journalisten insinuerer at me skal vera økonomisk snarare enn kunstnarleg eller pedagogisk motiverte i arbeidet vårt.
Fyrst må det seiast at nyMusikk Bergen er svært positive til at Skanding og Ballade ynskjer å gå grundig til verks.
Den innleiingsvise skildringa av nyMusikk Bergen sitt arbeid knytt til krapylprosjekta er til tider rørande lesing. Ho målar eit bilde kor barn og deira eksperimenteringstrong blir teke på alvor, og kor bergenske musikarar og komponistar involverer seg fagleg saman med dei.
Ein kritikk som søker seg inn i kjerna av kva eit slikt arbeid er og korleis det føregår, er sårt tiltrengt. Men så går det heile galt.
Skanding etterlyser på retorisk vis nyMusikk sin intensjon med desse prosjekta. Det kunne vore eit godt spørsmål, hadde det ikkje vore for at kritikaren slett ikkje har spurt nokon av dei involverte. Å spekulera i andre sine intensjonar er kanskje enklare enn å undersøka saka.
Per i dag manglar det nemleg eit godt komposisjonstilbod i den offentlege kulturskulen, ein situasjon nyMusikk Bergen ynskjer å bøta på. Dette er kjerna i organisasjonen si satsing på arbeid retta mot barn.
Heller enn å spørja oss, målar Skanding eit usedvanleg trist bilde av organisasjonen sitt arbeid:
nyMusikk Bergen arrangerer barnekonserter for å kunne søke penger fra flere ulike støtteordninger til samme booking ved å klemme inn en ”barnekonsert” i tillegg til voksenkonserten.
Påstanden om at nyMusikk Bergen motiverer satsinga si på barn av økonomiske grunnar fell på eigen urimeligheit. Samtlege av Krapyl-prosjekta er finansiert over vårt ordinære budsjett, der omlag 350 000,- kroner blir nytta på kring 40 ulike store og små konsertar gjennom året. Serien Biblioteksmusikken er pr i dag driven tett på 100 % dugnadsbasis, av profesjonelle kunstnarar.
Det har altså ikkje vore henta inn noko midlar til vår satsing på barn og unge som skulle kunna smøra organisasjonen sin økonomi. Dette er ikkje hemmeleg eller vanskeleg tilgjengeleg informasjon, men tal som me lett deler, også med journalistar og kritikarar. Me ber om at Ballade sin redaktør legg fram kritikaren sitt underlag for påstanden, eller legg han død.
Skanding sin observasjon om at me skulle nytta barn som kulissar fortener også ein litt nærare omtale. Noko av det fyrste barna blir introdusert for når dei kjem på våre verkstadar, er at dei skal få vera profesjonelle komponistar eller utøvarar, og at me forventar at dei oppfører seg slik. Dei må vera kollegaene våre.
Kva skjer? Dei rettar seg i ryggen. Dei lyttar. Dei blir stolte før dei ein gong har byrja. Dei kjem med forslag og forventar at me lyttar tilbake. Me diskuterer saman, strekk og testar ut kor langt det går an å ta ein idé. Dei lyttar til sine medkomponistar og kjem med forslag til musikarane.
Og ja, barna ventar. Dei ventar lengre enn det dei er vane med på skulen, for det må ein musikar og komponist tola.
Kanskje er det på tide at barn kan legga vekk nettbrettet sitt litt og den umiddelbare premieringa som spela der byr på? Kanskje treng også barn å oppleva å gå djupt inn i noko, konsentrera seg, tola at noko tek lang tid og har ei slak utviklingskurve?
Når Skanding vidare skriv Hva er galt med å gi barna innganger til musikken, å hjelpe dem å bli fortrolig med en sjanger ved å bruke et språk de forstår? Vil me heller spørja: Kva er galt med å gje fleire inngangar til musikken, å hjelpa dei med å forstå at musikk ikkje er eitt, men mange språk?
At å vera i, og med, musikk, kan gjerast på ulike måtar. Det verkar som om kritikaren etterspør at me følg ein opplest mal, at noko har blitt ‘feil’ og difor inkonsistent. Men denne logiske stringensen som ho etterspør har ikkje rot i dei aktuelle prosjekta ho melder, snarare frå hennar fastlagde førestilling om korleis noko må vera.
At nyMusikk Bergen vel ulike strategiar når me lagar slike møter er inga «dogmatisk avvisning» av noko som helst, kun vår vei inn til eit felt med mange ulike aktørar og innfallsvinklar.
At Skanding avviser at våre arbeidsmetodar kan høyra heime i profesjonelle eller vaksne samanhengar står fram som vel så dogmatisk. Den same pedagogikken og den same metodikken blir nemleg nytta av oss og mange andre, frå høgskule til barnehage.
Me skal vera dei fyrste til å anerkjenna behovet for ei sterkare finansiering og organisering av arbeidet vårt.
Som Skanding, ynskjer me oss gjerne eit profesjonelt marknadsføringsapparat rundt verksemda vår, men det er grenser for kva ein frivillig organisasjon kan oppnå på eit budsjett på 3000,- pr. arrangement.
At kritikaren finn det betimeleg å samanlikna ein frivillig organisasjon som nyMusikk Bergen med aktørar med mange årsverk i staben og heilt andre budsjett til produksjon, planlegging og kommunikasjon blir kort og godt ureint spel. Om det er organisasjonen, ikkje verksemda, som blir kritisert bør kanskje meldaren setta seg inn i vilkåra for drift.
Våre produksjonar er i seg sjølve eksperiment som me har iverksett for å finna nye løysingar på kordan me kan jobba med barn, innanfor våre rammer. Desse lærer både me og barna av, kontinuerleg.
Skanding sin opplevde inkonsekvens er difor ikkje vanskeleg for oss å leva med. Ein fagleg dialog om kva som er viktig i musikalsk arbeid med barn likeså. Men usanning i forkledning er ikkje akseptabelt, korkje som kritikk eller journalistikk.
Ledige stillinger
Prosjektkoordinator
Fargespill BodøSøknadsfrist:16/02/2025
Kunstnerisk ansvarlig
Fargespill OsloSøknadsfrist:16/02/2025
Leder for arkivet
Norsk senter for folkemusikk og folkedansSøknadsfrist:16/02/2025
Daglig leder
Trondheim JazzfestivalSøknadsfrist:24/02/2025
Kunstnerisk leder
nyMusikkSøknadsfrist:01/03/2025