INGENTING PERSONLEG: - Eg kan ikkje sei at kvelden var føreseieleg, for eg hadde faktisk forventa å verte begeistra, skriv Ballades meldar etter opninga av årets Borealis i Bergen. Biletet viser Nothing Personal, ein trio som består av Dorothea Økland, Thea Emilie Wang og Solveig Wang. Tobias Gulbrandsen har lagd visuals, som var i eit tett og fint samspel med lydbildet i produksjonen. (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

Ueksperimentell opning av Borealis

Endeleg var det tid for ein tilnærma vanleg Boralis-festival etter ein amputert, digital koronaversjon i fjor. Restriksjonane er borte, danseforbodet er oppheva og våren er her! Klar, ferdig, gå!

Kalender


Konsertmelding

Opning av Borealis Festival 2022
BIT20 Ensemble String Quartet + RAGE Thormbones + Nothing Personal
Kulturhuset i Bergen, 16. mars

 

Kritiker Åsa Osmundsen Opedal. (Foto: Privat)

 

Borealis’ opningskveld markerer startskotet for fem dagar med utforsking av lyd, kunst og vår eiga tålmodsgrensa og interessefelt. Kanskje viser det seg at du får eit kick av lyden av fiolinboge mot isopor eller gnikking av svamp mot ballong. Eller at saksofon og fiolin får deg til å yta ekstra medan du trener tyrkiske strykeøvingar i meinigheitshus. Festivalen viser byen frå uventa sider og omformar skjulte perler til overraskande scener.

Tidlegare arenaer for opninga har vore det naturhistoriske museet der publikum vandra mellom menneskelege lydinstallasjonar og utstoppa dyr, og ei anna magisk opning der publikum bevega seg mellom Havforskningsinstituttets skur, Nykirken og ein skjult krypt i kyrkjekjellaren som var fylt med levande ljos og Borealis-øl.

Dette året var Kulturhuset i Bergen arena og BIT20 Ensemble, RAGE Thormbones og Nothing Personal opna festivalveka.

Assosiasjonar i samtidsmusikken med BIT20 Ensemble
Kvelden startar i 3. etasje, og tradisjonen tru speler BIT20 Ensemble utvalde verk frå ulike komponistar. Som ei fin markering for det tragiske som skjer i Ukraina framførte BIT20 Ensemble eit verk av den ukrainske komponisten Valentin Silvestrov. Kunstnarisk leiar Peter Meanwell oppmodar oss til refleksjon i staden for applaus etter stykket.

Peter Meanwell, Borealis’ kunstnariske leiar. (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

Neste ut er den amerikanske komponisten Catherine Lamb, som har studert klassisk indisk musikk i Pune i India, og som held ein songworkshop om mikrotonalitet under festivalen. Ensemblet speler ein seksjon av eit større verk som i følge omtalen frå festivalen «følger logikken til en spiral som åpner seg opp i det uendelige og sakte beveger seg innover mot midten – som i dette tilfellet betyr nedover og utover. Mens verket fører deg nedover, åpner rommet seg,».

Det rolege, melankolske verket får meg til å tenka på britiske strender utan at eg kan forklare kvifor, og er eit typisk eksempel på korleis samtidsmusikk kan setja i gang ei rekka med assosiasjonar og tankerekker medan ein lyttar. Det er vanskeleg å skilja verket divisio spiralis XII frå andre verk eg har høyrt BIT20 Ensemble framføra under Borealis, og av og til er skildringa av verket meir poetisk enn sjølve musikken.

Roscoe Mitchell er ein anerkjent komponist og musikar frå Chicago. 81-åringen var i likskap med Lamb i Bergen under festivalen, og var med på samtale, fleire konsertar og ei utstilling om improvisasjon i kunst og musikk på Bergen Kunsthall. 9/9/99 with CARDS er eit stykke som vert improvisert kring seks kort med noter på som kvar musikar har fått tildelt og som kan arrangerast i ulike rekkefølger, og spelast i eigne individuelle tempo. Deretter vert korta stokka om og spelt i ny rekkefølge. Det gjentek seg over 12 minuttar. Dei fire musikarane sine individuelle improvisasjonar høyrest ut som akkurat det. Stundom oppstår parti der dei fire improvisasjonane møter kvarandre i samspel. Konseptet er spanande, og det er fint å utfordra øyrene til å lytta til kvar enkelt musikar og forsøka å skilja lydane og instrumenta frå kvarandre.

Høgdepunktet er det avsluttande verket Pulsation av den filippinsk-amerikanske perkusjonisten Susie Ibarra. BIT20 Ensemble får selskap av Manuel Hofstätter på perkusjon. Stykket startar med at ensemblet plukkar på strengene medan Hofstätter trommer med henda; det er rytme, framdrift og enklare å høyra på enn dei føregåande. Stykket får ein til å smila, det er jazzete, vimsete og sjarmerande, og skiljar seg ut frå dei andre.

Første del av opninga er flinkt og forventa. Trygt og godt, men forgløymeleg.

BIT20 Ensemble under opninga av Borealis 2022. (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

Jamn støy med RAGE Thormbones
Ein etasje ned står Matt Barbier og Weston Olencki frå USA på ei naken scena og utgjer tromboneduoen RAGE Thormbones. Dei lagar støymusikk med de- og rekonstruerte messinginstrumenter og elektroniske synthesizere.

Dei byrjar å spela. Høg, jamn støy som får rommet til å vibrera. Den tunge, skurrande buldringa minnar om flydur, og lydbølgene merkast fysisk på kroppen. Trommehinner og hjarte rister. Barbier og Olencki held lange, sørgelege toner som på eit tidspunkt høyrest ut som kvalar, medan blå laserstråler streifar over publikum. Like seigt og gradvis som dei bygger opp det monotone lydlandskapet, døyr det sakte ut.

Andleta i rommet fortell meg at publikum opplev konserten veldig ulikt. Ein del har dei mest fredfulle, tilfredse andleta, medan andre rynkar panna og verkar irriterte eller motlause. Konserten er 30 minutt med jamn støy, og det er umogleg å ikkje trekka parallellen til ein tidlegare Borealis-opptreden, i 2018, då den danske duoen G. E. K. (Gud Er Kvinde) haldt ein fantastisk støykonsert på improvisert saksofon og trombone.

Borealis satt standarden høgt for seg sjølv med G. E. K., men det er interessant å erfare korleis to støykonsertar med liknande oppbygging, oppsetting og nesten same instrument kan opplevast så ulikt.

Den amerikanske tromboneduoen RAGE Thormbones. (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

Nothing Personal: Lyd og visuals i tett samspel
Den Oslo-baserte gruppa Nothing Personal avsluttar kvelden nede i første etasje. Trioen som består av Dorothea Økland, Thea Emilie Wang og Solveig Wang er kamuflert bak Tobias Gulbrandsen sine visuals. Projeksjonane legg seg over trioen og skapar ei fin heilhet. Det er lekkert, ungt og relevant, og den abstrakte videokunsten vekslar mellom maleriske fargefelt som legg seg over kvarandre og objekt som liknar spinnande tarmar og roterande kjertlar. Mønstre som går i loop forsterkar repetisjonane me høyrer i musikken.

Trioen sine lyse, rå og feminine røyster legg seg oppå kvarandre. Dei har nerve, og syng rett inn i hjarta våre med følsame falsettar. Saman med elektronikk, synth og klarinett lager dei ein levande, menneskeleg elektronika. Dei vakre røystene og den sårbare jamringa gjer oss kjensla av at dei har sleppe oss inn i deira private sfære. Samples med kviskring, prating og manipulerte røyster som høyrest ut som dei går baklengs gjev lydlandskapet frå jenterommet mange lag.

Trioen er trygge på scena, men diverre slit dei litt strukturelt. Fleire gangar verkar det som at konserten går mot ein naturleg slutt, men så bygger dei seg opp igjen utan å nå definitive toppar.

Når dei litt unnskyldande seier «me skal spela litt meir viss det er greitt» og ikkje vert møtt med stor applaus, men meir tiande aksept, har dei dratt strikken litt for langt.

Nothing Personal. (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

Rommet dei spelar i er utfordrande, og berre fremste halvdel verkar å vera på konsert – andre halvpart er på bar og pratar høglydt. Om ein står midt i rommet vert det såre lydbilete veldig prega av skravlinga frå bar, og det er traurig både for dei på scena, og me som ikkje sitt lengst framme.

Og val av feil lokale tek meg til neste punkt. Medan denne konserten hadde fortent eit intimt klubblokale var det akkurat det dei fekk då dei nyleg spelte på Østre under samarbeidet mellom festivalane Ekko og Vill Vill Vest i Bergen sist haust. Her er Borealis seint ute, og det forsterkar kjensla av ein seig start på festivalen.

Ingenting personleg
Eg kan ikkje sei at kvelden var føreseieleg, for eg hadde faktisk forventa å verte begeistra.

Ein stor del av Borealis er ikkje berre kva dei presenterer, men og korleis dei presenterer det. Borealis brukar å visa oss nye rom i Bergen, eller rom me kjenner brukt på ein ny og spanande måte. Difor er det vanskeleg å verte begeistra for opninga i år som fann plass på Kulturhuset i Bergen. Huset er veldig fint, og det er positivt at Bergen har fått seg eit solid kulturhus, men spanande for ein Borealis-opning er det ikkje.

Medan Borealis brukar å få byen til å opplevast rikare og større gir opninga kjensla av det motsette. Bergen synar seg liten når dei sett opp artistar som nett har spelt på ein anna festival for eksperimentell musikk, og kanskje det hadde vore spanande å invitera ferske fjes til opninga framfor det alltid tilbakevendande BIT20 Ensemble. Kva med å bruka studentar frå Griegakademiet eller kunstnarar frå Universitetet i Bergens fakultet for kunst, musikk og design (KMD) til opninga?

Bergen er ei liten by, men òg veldig kreativ. Kan ein framleis skulda på korona for dette årets uinspirerte opning? Eller burde ein verkeleg klinka til etter to år i dvale?

Det er ingenting personleg, Borealis, eg berre veit kor gode de kan vera og eg er litt skuffa.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo