Hopp til innhald

Gode føresetnader, ubrukt potensial

KOMMENTAR: Ei breid rekkje konsertar innan ulike uttrykksformar og estetiske retningar stadfesta klårt det innleiiande spørsmål om pluralismene lever. Men meir interessante problematiseringar som – Finst der nokon estetisk krig i dag? Kva skal til for at kulturell praksis blir problematisert? Kva vekkjer motstand? – vart så vidt eg kan sjå liggjande urørt, skriv Ballades meldar om årets Ultimafestival.

Av Ida Habbestad

”Hva skal til for at en kulturell praksis blir problematisert og betraktet på sine egne premisser i sin egen samtid?” spør festivaldirektør Geir Johnson i si velkomsthelsing til årets Ultima-program.

Der skildrar han sosiale og kulturelle endringar i samfunnet etter 2. verdskrig, og berettar korleis Ultima 2008 står i pluralismens teikn. I erkjenninga av at den beste musikken, trass endringane, framleis er ”en motstandens musikk”. Og det er ikkje snakk om den eine motstanden, men dei mange.

Gjennom helsinga vidare, legg han opp til fleire interessante diskusjonar. Som spørsmålet om der eksisterar nokon estetisk krig i dag. Eller om kva som gjer at somme verk vekkjer motstand i si tid, medan andre tilsynelatande vert akseptert og kjem inn på repertoaret. Og altså om kva som skal til for at kulturell praksis vert problematisert på sine eigne premiss.

Alt dette er interessante tematikkar me gjerne skulle fulgt gjennom under årets festival.

Gode vilkår

For mykje legg til rette for festivalen, som sidan oppstarten i 1990 har utvikla seg frå å vera eit spleiselag til å bli ein solid institusjon med trygge økonomiske rammer. Mykje arbeid ligg bak, og innsatsen fortener all mogleg ære.

Ultima 2008 har dessutan kunna by på fleire solide og interessante innslag. Mellom anna heile to samtidige operaer, begge framført på operaens Scene 2 – utenkjeleg berre eit år attende.

Også fleire høgdepunkt kan nemnast. Mellom dei musikkdramatikk-produksjonar på Black Box, Ultima Ung-konsertar med gjennomgåande høgt nivå, og eit minst like høgt nivå på ei rekkje ensemblekonsertar med norske så vel som utanlandske medverkande. Ikkje minst kan Ensemble Ernst, som heldt ein forrykande energisk avslutningskonsert søndag, nemnast.

Ein kan altså slå fast at føresetnadene er gode både økonomisk og kunstnarleg: I 2008 kan ein velja og vraka i utøvande samtidsmusikkensemble som både er villige til å ta tak i musikken og som gjer den godt.

Ledige stillinger

Struktur og formidling?

Men Ultima har pr 2008 definitivt sine utfordringar. Aller størst er behovet for ein meir tydeleg struktur både kva gjeld programmering og formidling av festivalen.

Som tidlegare nemnt kunne mykje vore betra på detaljnivå. Under oppsiktsvekkjande mange konsertar var grunnleggjande konsertinformasjon mangelfull eller skeivt vekta. Somme gonger mangla omsetjingar av verktitlar eller songtekstar (som heilt enkelt kunne vore løyst med ei introduksjon frå scena).

Andre gonger var der påfallande skilje mellom mengda informasjon om utøvarane og konsertens innhald. Til stadighet kunne ein dermed få kjensla av at berre det første var viktig. Bagatellar, kanskje, men særleg under ein festival der musikken ikkje er sjølvforklarande er det viktig at slike faktorar er på plass.

Stadfesting av pluralismen

Vel så viktig er det overordna perspektivet.

Ei breid rekkje konsertar innan ulike uttrykksformar og estetiske retningar stadfesta klårt det innleiiande spørsmål om pluralismene lever. Det kunne me kanskje slått fast alt før festivalen; ”pluralisme” er jo eitt av dei oftast nytta orda for å beteikna det 20. århundrets musikk.

Dei meir interessante problematiseringane som nemnt innleiingsvis – Finst der nokon estetisk krig i dag? Kva skal til for at kulturell praksis blir problematisert? Kva vekkjer motstand? – vert så vidt eg kan sjå liggjande urørt.

Kvar kjem så konsertar med Farmers Market, Ardittikvartetten, Alter Ego, Oslo Camerata si framføring av eventyret ”Spøkelset på Canterville” eller Ensemble Al-Kindi sin 1300-talsmusikk inn i eit slikt bilete? Eller for den del – kva grunngjev repertoaret, verka av Haas, Hellstenius og Hurel på årets opningskonsert? Finst der noka grunngjevnad for at Georg Friedrich Haas er årets festivalkomponist? Kvifor får han ikkje vera med gjennom det heile?

Utsagnskraft ovanfor vår tid

I programhelsinga les me at grunngjevinga bak programvala er ambisjonen om å finna musikk som har utsagnskraft ovanfor vår tid. Spørsmålet er om denne grunngjevnaden er god nok. Kunne dagsorden vore satt med større kraft dersom fokus vart spissa? Ligg der ikkje eit mykje større potensiale og vakar i spørsmåla som er reist i velkomsthelsinga?

Fleire av opplevingane som står att som årets høgdepunkta kan karakteriserast ved at dei nettopp formidla noko. Ny Musikk og Black Box stilte gjennom sine produksjonar spørsmål ved musikkteaterforma som sådan – og gav oss med det éi mogleg ramme. Cecilie Ore stilte i sitt nye verk spørsmål ved både dødsstraff og om operaforma; og bidrog etter mi meining til å skapa refleksjon kring begge deler. Eit verk som ”Al Kamandjati – fiolinisten” som normalt ikkje ville inngå i ramma samtidsmusikk var basert kring ein brennande konflikt i samfunnet, og lukkast på sitt vis skapa refleksjonar.

Om dette tyder at alle framsyningane i det vidare burde innehalda denne typen konsept, er eg ikkje sikker på. Ikkje alt må hengja saman – ikkje alt må forklarast for oss. Kanskje stemmer det dessutan, at mykje av musikken me høyrte i år har utsagnskraft ovanfor vår tid.

Men eg opplever etter årets festival å sitja att med langt fleire uvesentlege spørsmål, om prioriteringar i programtekstar og val av utøvarar og repertoar, framfor dei meir viktige diskusjonane om korleis verka virka på oss; og kva som låg i den eventuelle utsagnskrafta.

Ultima er etterkvart vel etablert, og treng ikkje lenger kjempa for sin leverett. Men stadig virkar det som tankegangen om om å få framført musikken – i så store kvanta som mogleg – er det viktigste.

I åra framover bør det vera klart for å ta steget vidare. Festivalens viktigaste utfordring er etter mi meining å lukkast i å finna ei form der argumentasjonsrekkjene kan gripast, så spørsmåla me sit att med faktisk er dei om utsagnskraft i vår tid.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Berstad mottar Nordheims Komponistpris/Foto: Ann Iren Ødeby

Ragnhild Berstad vinner av Arne Nordheims Komponistpris 2008

Arne Nordheims komponistpris 2008 ble lørdag tildelt den norske komponisten Ragnhild Berstad. Prisen er på 110 000 kroner. Rannveig Getz...

Dead Beat Escapement 1/Foto: www.operaen.no

Sterkt perspektiv på dødsstraff

Cecilie Ore har saman med dramaturg Bibbi Moslet funne fram til ei rekkje utsegn frå dødsdømde. Fredag vart «Dead Beat...

Nordic Voices/Ultima Foto: Ann Iren Ødeby

Utamde landskap?

KONSERTMELDING: Saman med klarinettistane Peter Brötzmann og Frode Gjerstad samt sopran Ellen Aagaard, sto Nordic Voices bak urframføringa av eit...

Meir/Mera

Ekstraforestilling Meir/Mera

Etter at Meir/Mera sine forestillinger ble avlyst lørdag og søndag, settes forestillingen opp en ekstra gang, torsdag 23. oktober på...

Dead Beat Escapement plakat (Foto: Knut Bry/Operaen)

Utholdte dødsøyeblikk, del 2

INTERVJU: I del to av Emil Bernhardts intervju med Cecilie Ore diskuteres hvordan temaet har forplantet seg i formen, og...

Cecilie Ore backsize (Foto: Elin Høyland)

Utholdte dødsøyeblikk

INTERVJU: Parergons redaktør Emil Bernhardt har intervjuet Cecilie Ore for Ultimas katalog, og Ballade bringer dette videre i to deler...

Flere saker

7Jul.Marja Mortenson Amalia.pop38

Førde – internasjonalt eksempel på festivaler som bygger småsteder

Langt fra der nokon skulle tru at nokon samla kultur …

Klaus MakelaP hoto: Marco Borggreveall rights reserved

Tårevåte klagesanger, lysende improvisasjoner og i år kommer julekvelden i mars

Oslo-Filharmonien har flyttet julekvelden 2022 til 25. mars. Ballade har fått klemme på pakkene. Vi har også hørt tre andre...

Anette Trettebergstuen

Nytt forslag til kompensasjonsordning for kulturlivet på høyring

Kompensasjonsgrad på 70 prosent, gjennomsnittsinntekt frå 2017–2019 til grunn for søknadene og flytting av forvaltningsansvar frå Kulturrådet til Lotteri- og...