Ein komite som består av Arvid Vollsnes (Universitetet i Oslo), Erling Dahl jr (Troldhaugen) varamedlem Monica Jangaard (Troldhaugen), Nils Henrik Asheim (Norsk komponistforening), Sølvi Vinnes (Hovudeigar av Valenheimen), Mathias Vikse (Varaordførar i Sveio), Eirik Apeland, politisk representant frå Sveio kommune. Sekretær for komiteen er Ole Jørgen Furdal.
I sitt møte fredag 1. november uttalar komiteen følgjande:
Komiteen for Fartein Valen Stipendet har vald å tildele stipendet for 2003 til komponisten Magnar Åm. I ein periode på 30 år har Åm vore aktiv i norsk musikkliv med si lågmælte og særprega kunstnarstemme. Magnar Åms verk syner kompositorisk dugleik, biletskapande evne og djup personleg integritet. Til grunn for søknaden ligg eit spennande prosjekt der planen er:
«…å skrive eit orkesterverk som kan vere som eit musikalsk glashus over Fartein Valen sine forarbeid til sin 5.symfoni. Meininga er ikkje å prøva å fullføre det han hadde starta på, men heller å vise fram materialet sett gjennom eit musikalsk glas som då vil seie min eigen musikk. Slektskapen mellom Magnar Åm og Fartein Valen syner seg m.a. i ei lyttande haldning til det å komponere. Ein finn og at dei to har del i det same
omliggande åndelige universet.»
Magnar Åm får i tillegg til kr 25.000 eit arbeidsopphald i Valenheimen, og vert presentert som komponist under Fartein Valen Dagane 2003.
Sveio 4.november 2002, for komiteen; Ole Jørgen Furdal.

Med omsorg for lydene
I denne månedens Ballade klassisk presenterer Ola Nordal seks aktuelle utgivelser innen «lydbasert musikk», som alle viser omsorg og omtanke for lydene.

Motvindfestivalen 2025: Ein slik hippiefestival, ell?
– Fred er mogleg, og det bør eigentleg ikkje vere så mykje å be om heller, sa arrangør Haakon Stiff Aamlid under årets Motvindfestival. Middelalderskogen i Rollag blei fylt med oppbyggjeleg musikk i mørke tider.

Har komponert musikken til det største norske spillet noensinne
Med Dune: Awakening representerer komponist Knut Avenstroup Haugen en ny æra for spillmusikk laget i Norge.

«En innflytelsesrik stemme blant vår tids komponister»
Kristine Tjøgersen er den første norske komponisten som har mottatt Ernst von Siemens-stiftelsens komponistpris. «Et stort og viktig gjennombrudd», sier komponist og direktør for Festspillene i Bergen, Lars Petter Hagen.

REPORTASJE: Festivalsommer med bismak
Musikkens politiske kraft og protestens plass i kulturen har fått ny aktualitet.

Det Burde sa. Det Benjamin Staern gjorde.
"Borde ska inte styra handen, hjärtat eller hörseln," skriver den svenske komponisten Benjamin Staern. Les hans reaksjon på Cathrine Winnes' tekst om den samme "Burde", som så ofte hjemsøker den skapende.