Hopp til innhald
Carmen på operataket/Foto: Den Norske Opera & Ballett

Breidde, tradisjon og spenst

I går la den nye leiinga ved operaen og balletten fram sitt første sesongprogram. For operaens del manglar stadig innslaga frå det internasjonale, moderne repertoaret, medan programmet for øvrig virkar rikt og variert.

Av Ida Habbestad

I glansen av biletet av eit fullsett operatak – heile 7000 besøkte huset under premieren på Carmen denne helga – kunne ein optimistisk leiartrio invitera til ei vidare feiring av det nye bygget i Bjørvika.

Ifølgje administrerande direktør, Tom Remlov, har billettsalet i opningsåret vore optimalt, med 100% dekning.

Denne trenden ynskjer institusjonen meir enn gjerne å halda i hevd. Ved framleggjinga av sesongprogrammet var ambisjonane difor høge, med høgt tilfang av store kunstnarar, eigenproduksjonar, satsingar på unge, samt ei tilsynelatande breidde i innhaldet.

I sesongen 2009-2010 har Nasjonaloperaen 10 heilaftans framsyningar på programmet. Fem av dei er eigenproduserte, to av dei er retta mot unge.

Babyoperaen «Korall korall» med musikk av Maja Solveig Kjelstrup Ratkje og verket for og med barn, «Forhekset – med tryllestav i operaen», er gledelege satsingar. Vonleg vil dei utgjera viktige innslag i sesongen.

Mellom dei øvrige åtte produksjonane finn me både det eldste – gjennom Monteverdi sin «Poppeas kroning» – og det nyaste repertoaret, representert ved Gisle Kverndokk sitt «Jorden rundt på 80 dager». Hovudtyngda for øvrig ligg på det romantiske repertoaret, med store verk av komponistar som Puccini, Dvorak, Wagner, Strauss og Donizetti (fullstendig oversikt over titlar finn du her).

Òg eitt verk frå 1700-talet er det plass til; Mozart sin opera »Figaros bryllup«, som operasjef Paul Curran lova innpakka i ein spenstig regi, frå den amerikanske regissøren Thaddeus Strassberger.

Mange norske namn

Forventningar vil det òg vera til regissør Stefan Herheim sin produksjon av Wagner-operaen »Tannhauser». I desse dagar er Herheim både omstridt og lovprist for si oppsetjing av «Lohengrin» i Berlin, medan «Tannhauser» vert presentert i mars neste år.

Ledige stillinger

Operasjef Curran, får me oppleva som regissør alt ved opningsframsyninga «Ruselka» av Dvorak, medan den norske regissøren Ole Tandberg står for regien av «Poppeas kroning», også den tidleg i sesongen.

Ei rekkje andre kapasitetar er knytta til operaen. Mellom dei Solveig Kringlebotn, som frå hausten av vil vera fast tilknytt solistensemblet. Denne sesongen har ho sentrale roller i «Ruselka» og «Figaros Bryllup». Den stadig meir anerkjende Eivind Gulberg Jenssen er invitert som dirigent til førstnemnde,

Mellom dei friskaste prosjekta finn me òg «Kikkhullet», eit slags laboratorium for nye prosjekt. Som del av dette har komponistane Christian Eggen og Ole Henrik Moe skrive kvar sine verk, nært knytte opp mot eldre operaer. Alle prosjekta i «Kikkhullet» finn stad i prøvesalen.

Operatoriet er dermed ute av biletet for operaen. Istaden utgjer «Kikkhullet» saman med balletten sitt prosjekt «Ballettlaboratoriet» operaen si satsing på utviklinga av nye verk. Dette er støtta av Anders Jahres Humanitære Stiftelse og har fått namnet «Verker underveis«. Det vert spanande å sjå kva som kjem ut av dette av nyare produksjonar – og ikkje minst om satsinga økonomisk kan måla seg med den som har vore tidlegare.

Manglar internasjonalt, nyare repertoar

Satsinga på operaen som konserthus held fram. Casting Director Anne Gjevang kunne introdusera ei rekkje resital-aftnar med anerkjende songarar. Dessutan får operaen sitt orkester, dei to kora, samt gjestande aktørar utanfrå sine konsertar, innanfor eit variert spekter av uttrykk.

Det einaste som verkeleg er eit sakn – og som lenge har vore etterlyst på operaprogrammet – er ein representant frå det nyare internasjonale repertoaret; ein »Piken med svovelstikkene« (Lachenmann), ein »Le Grand Macabre« (Ligeti) eller liknande.

Slike verk har me til gode å sjå på den nasjonale operascena. For mange står presentasjonen av dette repertoaret høgt på lista over ynskjemåla når institusjonen gjer sine vidare løft.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kaninkostymet

Operahelg

Til helgen kan man oppleve operapremierer både inne i Den Norske Opera, på operaens tak, samt på en mindre scene...

Operaen detalj inne (Foto: Carl Kristian Johansen)

Operaen med ny musikksjef

Amerikaneren John Fiore blir Den Norske Opera & Balletts første musikksjef på 11 år.

Jon Fosse Melancholia (Foto: samlaget.no/Per Heimly)

Uendelege nyansar av grått

Denne helga kan «Melancholia» sjåast i Bergen. Det markerer siste stopp etter rundreisa framsyninga har gjort sidan urframføringa i Paris...

Trond Giske og Alexander Avdejev stående (Foto: Carl Kristian Johansen)

Norsk-russisk kulturavtale i boks

INTERVJU: Den Russland-orienterte festivalen Barents Spektakel åpnet for alvor i Kirkenes onsdag. Samtidig ble en handlingsplan for et kultursamarbeid mellom...

Henrik Hellstenius08

Operakunstens relevans

Debatten om operaens innhold fortsetter. I et innlegg i Aftenposten hevder komponist Henrik Hellstenius at han håper Den Norske Opera...

Den Norske Opera, Scene 2/Foto: Statsbygg

Operaen vil velge klipp selv

NRK melder at Den Norske Opera & ballett har inndratt NRKs rett til fritt å bruke lydopptak fra operaens oppsetninger...

Flere saker

Toffen Gunnufsen

Toffen Gunnufsen går til All Things Live

Profilert booker og festivalarrangør til voksende konsertnettverk.

Ensemble Ernst og Kari Beate Tandberg i Ridehuset

Spilledåser, dikt og savn: Ensemble Ernst med nye verk på Ridehuset

Ensemble Ernst har holdt på i snart tretti år, med sin uslåelige kombinasjon som uhøytidelig, engasjert og seriøs, melder musikkjournalist...

Bilde fra operaen Peter Grimes i Royal Festival Hall, 30. november 2019. Stuart Skelton som fiskeren Peter Grimes, Samuel Winter som lærlingen

Fem stjerner til Peter Grimes

Brittens opera høres stor og spennende ut i en nyansert innspilling med glitrende samspill mellom sangere og orkester – det...