Hopp til innhald
Anne Hytta Foto: Ingvil Skeie Ljones

Årets Folkemusikar er Anne Hytta

Hardingfelespelaren fekk Folkelarmprisen under Meisterkonserten i Operaen søndag kveld .

Under Meisterkonserten i Operaen søndag kveld vart hardingfelespelaren Anne Hytta heidra med den gjevaste prisen under Folkelarm.

Juryen meinar:
«Årets folkemusikar 2018 har djupare tradisjonsforståing enn dei fleste, og er samtidig grenselaus med tanke på kva for samanhengar ho tek med seg instrumentet sitt inn i.

Ho komponerer ny musikk i mange sjangrar, og ho leiter fram gammal og stundom gløymd musikk som ho synest publikum i dag fortener å høyre. Ho syner oss historia gjennom å utforske hardingfelehistoria og eldre slektningar av instrumentet, og ho syner oss framtida gjennom å ta i bruk det rike klangregisteret til hardingfela på nye måtar.

Sidan solodebuten i 2006 har ho medverka på tjue plater. I 2018 har ho gitt ut fire plater med like mange grupper – Slagr, Tokso, Sogesong og Aurora Borealis – med musikk som spenner frå tysk mellomaldermusikk og norske balladar til kammermusikk og fri improvisasjon. I tillegg har ho bidratt til sceniske verk i Noreg og Danmark.

Den førre plata hennar med tradisjonelt solospel, Strimur, vann i 2017 Folkelarmpris for solospel og Spellemannspris i klassa folkemusikk/tradisjonsmusikk. For tida skriv ho på eit verk som blir urframført av Telemark kammerorkester og Slagr våren 2019. Som skribent har ho gjort seg merkt som spaltist i Klassekampen og Morgenbladet. I eit sikkert språk presenterer og forklarar ho folkemusikk, musikkfaglege problemstillingar og annan fagkunnskap til eit allment publikum. Som redaktør for Kvinten og Årbok for norsk folkemusikk har ho vore ei sentral kraft og viktig stemme i organisasjonslivet innan norsk folkemusikk

Om Folkelarmprisen
Folkelarm er eit bransjetreff for tradisjonsmusikk, arrangert for fyrste gong i 2005. Folkelarmprisen har heilt sidan byrjinga vore ein del av Folkelarm. Her blir dei besta platene løfta fram frå året som har gått, og ei vinnar blir kåra i kategoriane solospel, tradisjonelt samspel, dokumentasjon og open klasse. I tillegg kåres årets folkemusikar, som er ein prestisjefylt pris.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Frå venstre Suzanne Nyhuus (Gramo), Ole Nilssen og Anne Tone Raknes (Gramo) Foto: Thomas Westling / FolkOrg

Her er vinnerane av Folkelarm-pris

Prisane blei delt ut på Riksscenen i Oslo, under Folkelarm, laurdag.

Vølvens dom Foto: Sascha Hegner Specht

Vellykket barneopera om ragnarok og redningen

Musikkteatret Saums operasaga «Vølvens dom» har blitt en gripende musikkfortelling der eddadiktet Voluspå plasseres i nåtiden.

Frode Rolandsgard, Asgaut Bakken, Niels Røine, Rasmus Kjorstad, Tuva Syversen og Hans Hulbæk takker Anders Røine for hva han har betydd for dem. Foto: Thor Hauknes

Her er vinnere av Folkelarmprisen

Prisene ble delt ut på Riksscenen i Oslo, under Folkelarm, lørdag.

Ang. Fra generalprøven. Foto: Sigurd Heide

Velskulpturert på grønt stille

Konsertforestillingen Ang med et koreografert ensemble av seks hardingfelespillere strøk fram begeistring hos anmelder-duoen Anne Hytta og Margrete Kvalbein.

Flere saker

Øyvind Torvund Foto: Vegar Valde

EDVARD-pris til Øyvind Torvund

Komponisten er årets vinner i kategorien Samtid, for «Sweet Pieces».

Live Nation – og Bergen Live – er del av Greener Live

Bergen Live klimakutter: – Slik gjorde vi det

Plutselig er det 2030. Ønskene blant norske arrangører om å klimakutte egne arrangement vokser. Her er ett eksempel om hvor...

Margrete Kvalbein

Utfyllende tolkning

For meg ble dansens verden forstyrret av tekst og musikk – kanskje i den grad at jeg gikk glipp av...