Hopp til innhald
Sonny Rollins

(Foto: Audun Halaas)

Jazzfestivalanes klasseskille

INNLEGG: Bidreg dei store headlinarane til å rekruttere nye lyttarar, eller opprettar jazzfestivalane eit kulturelt skille mellom dei dedikerte jazzlyttarane og ‘resten’, spør jazzskribent Olav Opsvik.

Det nærmar seg festivalsesong, og fleire norske jazzfestivalar er klare med årets program. Som alltid er det mykje bra å sjå fram til, med eit mylder av spennande prosjekt frå alle delar av jazzlandskapet. Men er det festival for folket eller fiffen?

Mellom artistar godt forankra innanfor litt smalare, ofte eksperimentell jazz, og overvekt av nasjonale stjerner, dukkar det også fort opp ein og anna større, internasjonal artist. I fjor hadde vi til dømes Sonny Rollins og Herbie Hancock i Molde, Manhattan Transfer i Trondheim, og i år er jazzfest i Trondheim allereie klare med artistar som Madeleine Peyroux, Zap Mama og Nils Landgren Funk Unit.

Les også:

Jazz og underskot
Med artistar som Sting og Leonard Cohen har debatten om sjangertilhøyrsle har stadig vore oppe, særleg når det gjeld programmet ved Romsdalsmuseet i Molde, og i etterkant av fjorårets festival kunne vi lese i E24 at ein strengare jazzprofil straffa seg, og for første gang på lenge gjekk festivalen ut med underskot. I samme artikkel kan vi lese at desse konsertane er viktige for å finansiere smalare arrangement.

Samtidig har dei i Trondheim holdt seg relativt trygt innanfor jazzsjangeren, men det er andre nevneverdige kjenneteikn som konsertane i Trondhjemssalen og Romsdalsmuseet har til felles. Eit av dei mest openlyse er at det er ei ganske anna målgruppe ved desse konsertane enn resten av festivalprogrammet.

Gitt desse økonomiske premissa er det naturleg å booke artistar som trekker ei brei og pengesterk publikumsgruppe. Då vert det også naturleg med musikk som er mindre utfordrande. Med tilgjengeleg musikk for eit stort publikum bidreg ein til breidde både i forhold til programmet generelt, og til kva slags folk som kjem til festivalen, til glede for sponsorar, festivalstyret og mange andre.

Ynskja effekt?
Men har desse arrangementa den effekten ein ynskjer? Det kjem nok fleire folk, men det kan verke som at dei større konsertane eksisterar i si eiga sfære utanfor resten av festivallivet, og som lett får eit lågare kvalitetstempel. I tillegg er det tydeleg at ein spelar meir på nostalgi enn nyskapande og aktuelle artistar.

Då eg deltok på fjorårets Manhattan Transfer-konsert under Jazzfest i Trondheim, blei dette skillet mellom dei større konsertane og resten av festivallivet ganske tydeleg. I publikum var det stort sett pent kledde menneske i midten av livet, som verka svært fornøgde med det dei fekk sjå og høyre, medan det heilt bakerst i salen stod ei lita gruppe med hovudsakleg jazzstudentar og fnisa av det dei kanskje ser på som litt flau og harry »vaksenjazz».

Inn i varmen
Seinare på året, under jazzfestivalen i Molde, skapte Arild Rønsen reaksjonar då han slakta bandet til Sonny Rollins, og sa at dei var både dårlege, intetsigande og uinteressante. Neppe kritikk det er mogleg å rette mot mange andre aktørar under fjorårets festival.

Det er klart vi vil ha fleire jazzlyttarar i Noreg, men vil vi ikkje ha dei heilt inn i varmen for å sjå kva som faktisk rører seg i dag?

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Linda Skipnes Strand

Hvem skal skrive om jazz?

Flere er bekymret for rekruttering av jazzskribenter. Jazzfeltet savner redaksjonell interesse for sin sjanger.

Esma Redzepova

Førdefestivalen ser på damene

«Womens world» blir tema i år.

Stor pris blir enda større

Norges største, faktisk.

Knute

Unyttig eller forbilledlig?

Mens flere tunge aktører i jazzfeltet er kritiske til Moldes knutepunktstatus, er jazzens egen interesseorganisasjon udelt positiv. Et problem?

Bob hund

Is på haka og høy musikk

SOMMERLYD: Kongsberg forvandles til Norges jazz-sentrum i uke 27 hvert år. Her er sjefens sommerfavoritter.

Flere saker

JanLotheEriksen Foto Even Finsrud Musikkultur sunny

Musikkvalget 2021: Vi må ha en regjering som forstår viktigheten av kunstnerisk frihet

Jan Lothe Eriksen i Safemuse, organisasjonen som jobber for kunstnerisk og kunstneres frihet, ønsker en musikkpolitikk på tvers av departementer...

Gjenfødt Kultur på Øya

Aldri slutt å sutre over Øya!

Øya er spesiell, difor bryr også publikum seg om stoda til festivalen, og sutrar over utviklingar i ulike retningar, eller...

IMG 5976 liten

Vil utdanne pop-forfattere

Westerdals Oslo ACT-lektor Jan-Tore Diesen er overbevist om at det er fullt mulig å lære å skrive gode låttekster. Skolens...