Deathprod slepp plata "Compositions" 27. januar på Smalltown Supersound. Legg vekk alt – berre lytt. (Foto: Kim Hiorthøy)

Dagdrøymelyttinga: Gir du denne musikken heile deg, får du ei verd tilbake

Svar ærleg: Kva gjorde du på sist du høyrde på musikk? Nye plater frå Mette Henriette og Deathprod er eit høve for å oppleve ei heil verd – om du berre legg vekk alle andre distraksjonar og let tankane bli med inn.

Kalender

Islandsk utbrot i Bergen

24/02/2024 Kl. 18.00

Vestland

Lørdagsopera i Posthallen

24/02/2024 Kl. 16:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

24/02/2024 Kl. 19:00

Oslo

DUESUND

28/02/2024 Kl. 20:00

Vestland

Eg startar året med nyttårsforsett som i skrivande stund allereie har sklidd ut. Dei fleste av dei. Så dette er ikkje nok ei sak om nyttårsforsett.

Men likevel.

Det blir kanskje ein tradisjon å skrive om lyttevaner i årets første utgåve av Ballade assosierer. I fjor skreiv eg om å reinvaske bakgrunnsmusikken.

I år vil eg gå inn i dagdrøymelyttinga.

Dagdrøymelyttinga ligg kanskje ein stad midt i mellom djuplytting og bakgrunnsmusikk. Det er å la musikken gi tankane dine fritt spelerom.

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Fordi eg har det som jobb, er eg så heldig at eg får sitte ned å lytte konsentrert til veldig mykje musikk. Som oftast skal desse lytteøktene ende opp med eit tekstleg resultat, og då må eg ha eit distraksjonsfritt lyttemiljø. Men eg høyrer også på musikk, eller podkast, eller ser ein tv-serie – med retningslaus scrolling på mobilen.

Bokhyllene er stappfulle med litteratur om dette – både om forskinga og sjølvhjelpslitteratur som skal hjelpe oss vekk frå å vere avhengig av skjerm.

Forfattaren Johann Hari skriv om merksemdskrisa i si bok Stolen Focus. Han ser på kor øydeleggande mobiltelefonen, skjermavhengigheita er mellom anna for vår evne til å fokusere. Cal Newport skriv om det same i si Digital Minimalism, og Ekko av Lena Lindgren er eit anna eksempel på litteratur om teknologigigantane sin kamp om å tene pengar på merksemda vår.

Dei rår oss til å ta eit oppgjer med vårt forhold til skjermane og konstante distraksjonar.

Hilde Østby skriv i si bok Kreativitet om at hjerneforskarar har funne meir og meir ut om kor viktig dagdrøyminga er for oss. Det er her fantasien får fritt spelerom, idear og aha-opplevingar kan skje. Vi må stirre meir ut i lufta og kjede oss meir heilt utan input. Default Mode Network kallar dei dagdrøymemoduset.

Etter eit dykk ned i denne verda slo tanken meg – men kva med dei gongane eg lyttar til musikk? Altså verkeleg lyttar?

I same andedrag som det blir snakka om scrolling, podkast, tv-seriar, så dukkar musikk opp. Men har det noko å seie korleis du lyttar noko å seie? Og kanskje kva musikk du høyrer på?

Eg trur mange som meg opplever at dei dagdrøymer medan dei høyrer på musikk.

Men spør deg sjølv – korleis høyrde du på musikk sist gong? Scrolla du på mobilen?  Var du ute og trena? Høyrer du på musikk no, medan du les dette, kanskje? Når var sist gong du berre høyrde på ei heil plate frå start til slutt utan å gjere noko anna?

Vi snakkar gjerne, også eg som musikkskribent, om at «dette er sånn musikk som krev at du set deg ned og verkeleg lyttar». Slik blir det presentert som eit arbeid, enda eit krav. Men meir enn å snakke om kva musikken krev av lyttaren, så kan vi kanskje heller bruke ord om kva dette gir til lyttaren.

Ei øving du kan prøve er å først sette deg ned og kike ut vindauget i ca 10 minutt før du set på musikken. Er du så heldig å ha ein platespelar eller cd-spelar, så slepp du å navigere i det digitale rommet og passe deg for distraksjonar på vegen. Eit tips på sida er å sette opp eit tilpassa fokusmodus på telefon eller pc for musikklytting.

Så lyttar du til heile plata frå start til slutt. Stå i det.

Mi erfaring er at ein slik situasjon opnar øyrene for mykje meir i musikken. Slik oppdagar eg alle dei uventa detaljane i musikken, og overraskande tankar dukkar opp. 

Men eg kan love deg at du får ei heilt anna oppleving av musikken på denne måten, og, kan hende som meg: eit skikkelig kick.

To plater som på kvar sin måte høver seg perfekt for denne lytteøvinga er rykande ferske, frå Mette Henriette, og Deathprod.

Mette Henriette – Drifting (ECM 2022)

ECM er plateselskapet som nok har mange lyttarar både i segmentet bakgrunnsmusikk og segmentet for dei som verkeleg djuplyttar.

I 2015 gav Mette Henriette Martedatter Rølvåg ut debutplata på selskapet Mette Henriette. Sidan den gong har ho mellom anna gjort fleire sceneoppsettingar og skrive verk for orkester. På Drifting er ho tilbake, denne gongen med pianist Johan Lindvall og cellist Judith Hamann. Plata hadde si internasjonale lansering fredag 20. januar.

Denne musikken er open, stillferdig, med rom for tankane, for dagdrøyming.

Her er det melodiar og enkle miniatyrar av nokre musikalske motiv. Det er behageleg, men ikkje utan motstand – det er behageleg, men aldri uinteressant. Og i musikken finn du eit fascinerande klangleg detaljnivå. Blir du med inn i detaljane, blir den vesle trioen eit orkester.

Deathprod – Compositions (Smalltown Supersound 2023)

I eit heilt anna uttrykk, men samtidig med mykje likskap til Drifting, finn vi Deathprod. Helge Sten, som han også heiter, har etterkvart legendestatus og namnet hans dukkar opp på ei lang rekke plater i produksjonsavdelinga. Som soloartisten Deathprod har han mellom anna dei siste åra fått Operaen til å riste, faktisk riste.

Deathprod er ein lydkunstnar med kirurgisk presisjon som spelar på kroppen til lyttaren.

Compositions kjem ut 27. januar, og er musikk som nærast tvingar deg til å lytte. Gjennnom dei 17 komposisjonane får ikkje tankane noko anna val enn å bli tatt av lydbølgja. Det er rett og slett musikk som misser all meining om du samtidig driv med andre ting.

I Sten sine komposisjonar går det lange linjer, det er ein enorm størrelse i dei små variasjonane. Eg kjem ikkje unna kjensla av melankoli når eg høyrer på det, og musikken gir deg rom til å reflektere tilbake på kjenslene i musikken.

Tilbake frå desse dagdrøymemaskinistane oppdagar eg at:
Eg får gjerne overraskande tankar om heilt andre ting parallelt. Anten får eg ein idé til ei tekst om ein heilt annan ting, eg kjem på noko, eller eg løyser eit problem.

Dette er ikkje noko mystisk, eller avansert. Det er ikkje ein mirakelkur for noko som helst og har ingenting med guru-gullalderens mas om å bli den beste utgåva av deg sjølv. Likevel treng ikkje dedikert lytting å kreve så mykje – men det kan gi ei heil verd tilbake.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland omtaler og anbefalinger av ny, jazzbeslekta musikk – rundt rekker av sammenhenger mellom uttrykkene og musikkens tilblivelse.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.