Kjell Bitustøyl (Foto: Andreas Soltvedt)

Tid for hardingfelebyggjarutdanning?

– Profesjonaliseringa av folkemusikkfeltet har gjort tydeleg behovet for ei satsing på instrumentbyggjarar. Det meiner Kjell Bitustøyl, som saman med Elisabeth Kværne og Bjørn Aksdal står bak ei ny situasjonsrapport om emnet.

Kalender

La Bohème

17/04/2024 Kl. 19:00

Viken

EYOLF DALE TRIO

17/04/2024 Kl. 20:00

Vestland

Av Ida Habbestad
 
Arbeidet med rapporten byrja i juni 2007, då Rådet for folkemusikk og folkedans sette ned sitt utval. Bakgrunnen var eit ynskje om å få gjennomgått tilhøvet for dei norske instrumentbyggjartradisjonane.
 
Desse er del av kulturarva – men har òg ein viktig funksjon i dag. Parallelt med profesjonaliseringa av folkemusikkfeltet, har der oppstått auka behov for fleire gode instrument, forklarer Kjell Bitustøyl, medlem av utvalet og til dagleg prosjektleiar ved Hardingfelesenteret i Bø.
 
Han meiner det er viktig å sjå musikken og instrumentet i samanheng: Gode instrumentalistar krev gode instrument – og di betre instrument, di betre spel.
 
Men per i dag er ikkje balansen mellom antalet gode utøvarar og talet på gode instrumentmakarar ideell, hevdar Bitustøyl. Eller, som dei skriv i rapporten kva gjeld felebyggjing; «Til tross for at vi nå har fått utdannet to nye felemakere ved Ole Bull Akademiet, er ikke den generelle situasjonen for hardingfelebyggingen framover spesielt lys».
 
— Ein har sett med ei viss bekymring på at rekrutteringa i eit område som har rekruttert seg sjølv tidlegare, ikkje utan vidare greier seg åleine. På linje med musikklivet for øvrig, treng det støtte for å greie seg, og det var nok på tide med ein gjennomgang av instrument-feltet, etter at stadig fleire deler av folkemusikkfeltet har vore i fokus,
seier han.
 
 
Treng systematisk utdanning
Dei to andre i utvalet er Elisabeth Kværne (folkemusikkarkivar ved Valdresmusea i Fagernes) og Bjørn Aksdal (førsteamanuensis ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans). Sistnemnde har vore prosjektet sin sekretær.
 
Denne veka er arbeidet deira gjort offentleg. I rapporten som kan lesast her, finst oversikt over den handfull av instrumentbyggjarar som held på i særleg grad på dei ulike felta.
Og konklusjonen er klår; der trengst ei styrking av feltet. Ei første prioritering bør vera å få i gang ei godkjend felemakarutdanning i landet.
 
Der er med andre ord ikkje noka utdanning per idag?
 
— Innan fiolinbyggjing generelt har det vore høve, sidan det er eit klassisk instrument. Men dei andre instrumenta finst ikkje noka systematisk utdanning, svarer Bitustøyl og utdjupar:
 
— Der har vore forsøk på å stimulere til høgare kvalitet på instrumentbyggjinga. Mellom anna gjennom instrumentutstillinga på Landskappleiken frå 1978-79 og vidare. Ved Ole Bull Akademiet på Voss har der vore ei utdanning i byggjing av hardingfele, men ein har strevd med å finne ei form på denne som er tilpassa ei standardisert utdanning. Slikt er ikkje så enkelt å få til.


 
Konsentrert kunnskap
Rapporten med undertittelen ”ein situasjonsrapport” inneheld i tillegg til forslaga om forbetringar for feltet òg ei omfattande kartleggjing av den institusjonaliserte og den frivillige delen av instrumentbyggjarverksemda.
 
Har de lært noko nytt om verksemda og organiseringa av den?
 
— Utan å ha rapporten framføre meg, vil eg påstå at der ikkje var dei store overraskingane, svarer Bitustøyl.
 
— Det viktigste med rapporten er at ein har gått systematisk til verks. Det har ein ikkje gjort før på dette området, og ei slik kartleggjing meiner me er viktig for det vidare arbeidet.
 
Utfordringane stadfesta. Ein har mellom anna fått tydeleggjort kor få der er som har kompetanse på å laga dei sokalla eldre instrumenta, som langeleik, lyre, harpe, fløyter med vidare. Dømevis finst der berre ein person, Magnar Storbækken, som lagar lur og bukkehorn i Noreg i dag.
 
— Det står på relativt få personar. Skulle det skje den enkelte noko, er mykje kunnskap gått tapt, seier Bitustøyl.
 
 
Øyremerking
Sidan miljøet er lite, har ikkje utvalet sett det gjennomførbart med eigne utdanningar for byggjing av desse instrumenta. Ei rekkje andre forslag er imidlertid nemnde i rapporten.
 
— For å stimulere til aktivitet, har me mellom anna foreslått at det bør komme støtteordningar som spesielt er øyremerkte instrumentmakeri. Så ligg der òg ei utfordring i å informere dei som driv med dette, eller som ynskjer å setje seg inn i faget. Det er eit uoversiktleg landskap. Folk er ikkje organiserte, og ein veit ikkje alltid kven som er potensielle søkjarar. Der trengst rett og slett stimuleringstiltak som kan få yngre til å interessere seg i dette, forklarer Bitustøyl.
 
Det konkrete arbeidet vidare er det andre organ som skal ta seg av. Men Bitustøyl påpeikar det viktige ved å samarbeida med miljøa der det alt finst tilløp til satsingar, som ved Ole Bull Akademiet, og ved Norsk handverksutvikling på Maihaugen.
 
Dei internasjonale miljøa er lite gjennomgått i rapporten – vil det aktuelt å søkja kompetanse og samarbeid med dei som byggjer fiolinar og andre styrkarinstrument i Europa?
 
— Her er det sikkert inspirasjon å henta. Når det gjeld fela er skilnaden mellom folkemusikken og den klassiske utøvinga ikkje instrumentet men spelemåten, seier Bitustøyl.
Han viser til, Ottar Kåsa, den første som har utdanning i instrumentbyggjing frå Voss, og hans planar om å utvide kompetansen hos filolinmakarar i utlandet.
Det har skjedd før at norske hardingfelebyggjarar har vore utanlands for å læra meir – me har ikkje vore så isolerte som ein kanskje trur.
 
— Men me treng eigne, etablerte miljø, avsluttar Bitustøyl.

Ottar Kåsa (Foto: Kjell Bitustøyl)
For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.