Hopp til innhald

Seminar etter Arnestadrapporten

Norsk kulturråd arrangerte eit presentasjonsseminar for Arnestadrapport 21. november 2001. Same ettermiddag var det ei intern samråding for sektoren. Der vart Rådet for folkemusikk og folkedans bede om å laga eit seminar på nyåret for oppfølging av rapporten.

Tida vart sett til ein av dei første dagane i veke 5, 2002.

No stadfester vi den innkalling vi sende ut med vanleg post før jul. Vi ber inn til eit ettermiddagsseminar tysdag 29. januar 2002 kl 1200-1800 i Rådssalen til Norsk kulturråd, det gamle militærhospitalet, Grev Wedels plass 1, Oslo.

Sakliste
Seminaret arbeider med ei sakliste på to punkt som vi håpar kan diskuterast konkret, og der det er ønskeleg å nå fram til semje om tilrådingar:

1. Organiseringa av samarbeidet mellom aktørane på folkemusikk- og folkedanssektoren
2. Etablering av ein enkel og konkret tiltaksagenda for samarbeidet

Program
1200-1215: Opning, ved leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans, Brit Håland. Ordstyraren Øyvind Kvile tek over – Deltakarane presenterer seg
1215-1245: Perspektiv frå institusjonssektoren ved Ingar Ranheim og Gunnar Stubseid
1245-1300: Perspektiv frå musikkfeltet i Norsk kulturråd ved Hilde Bjørkum
1300-1315: Pause
1315-1355: Perspektiv frå dei som stod bak Arnestadrapporten: Landslaget for Spelemenn, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkemusikk- og Danselag, Rådet for folkemusikk og folkedans
1355-1430: Pause
1430-1800: Open diskusjon

Vi ber dei som vil delta om å varsla oss, gjerne via epost til tove.hvaale@hf.ntnu.no, eller til Silje Sølvberg telefon 73 59 65 74. Vi set ikkje krav om påmelding, men set pris på å få melding frå dykk som vil delta innan 21. januar for å ha eit visst oversyn. Sjølve Arnestadrapporten kan tingast frå Norsk kulturråd så langt opplaget rekk. Du kan og lese Arnestads innleiing på artikkellenka «Norsk folkemusikk og folkedans» nedanfor.

Med helsing
Rådet for folkemusikk og folkedans

Brit Håland
Egil Bakka, dagleg leiar
Rådet for folkemusikk og folkedans

Ledige stillinger

Relaterte saker

Odd Are Berkaak

Om «kulturpolitisk potens»: Stort møte om folkemusikkmiljøet

Med rundt 70 påmeldte deltagere var det stor interesse for Kulturrådets seminar omkring folkemusikkens og folkedansens kår i dagens Norge....

Halvard Kaasa

Ny rapport om folkemusikk og folkedans

Det har skjedd en profesjonalisering og allminneliggjøring av folkemusikken i Norge de senere årene. Folkemusikkfeltet står likefullt overfor store utfordringer...

«Den norske staten har aldri tatt folkemusikken på alvor»

I sin jakt på formuleringer om ansvar for folkemusikk og dans i statlige dokumenter har kulturforsker Georg Arnestad lett forgjeves...

Georg Arnestad

Norsk folkemusikk og folkedans

Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har gitt Ballade sitt åpningsinnlegg fra seminaret i Norsk kulturråd 21. november...

Jan Lothe Eriksen

Krav om hovedstadsscene for folkemusikk og folkedans

Tirsdag 29. januar samles representanter for norsk folkemusikk- og dansemiljø for å diskutere fremtiden for folkemusikken og dansen i Norge....

Hallgrim Berg

Spelemannens plass i direktørkofferten

Ballade har her gleden av å bringe videre Hallgrim Bergs store, morsomme og betimelige åpningsinnlegg under Norrsken 2002 på Røros,...

Flere saker

Sekstetten Lady Bird Orchestra kjemper om finaleplass mot trioen Damata

Jazzintro-duell under Oslo Jazzfestival

Lanseringsprogrammet Jazzintro gjennomføres på en annen måte i koronaåret enn tidligere år. Andre del i serien med jazzdueller skjer denne...

Bak ordene live, med Lars Lillo Stenberg, Rawdna Carita Eira og Brand Barstein

BALLADE LIVE med Lars Lillo-Stenberg og Rawdna Carita Eira

Bli med bak ordene hos Fritt Ord mandag 20. januar!

Maja Ratkje under Rune Grammofon jubileumskonsert på Victoria Foto: Julia Marie Naglestad

Intim fantasmagori da Motorpsycho og Maja Ratkje jubilerte for Rune Grammofon

Pluss: Les en unik hyllest fra Motorpsycho