Sigmund Eikaas 2007 (Foto: Knut Utler)

Postens Kulturpris 2007 til Sigmund Eikås frå Jølster

Årets kulturpris gikk nylig til en nestor innen folkemusikken, en musiker, organisasjonsmann og pedagog som har markert seg på nasjonalt nivå i sine felt, heter det i en uttalelse frå juryen.

Kalender

Postens Kulturpris skal gå til ein ressursperson som har gjort ein stor innsats i lokalmiljøet sitt, eller til eit ekstraordinært talent innan sin sjanger. Kulturprisen vart utdelt på Førdefestivalen for første gong i fjor til Oline Løvlid frå Hornindal. Prisen er på 20 000 kroner.

Årets kulturpris går til ein nestor innan folkemusikken. Han er både musikar, organisasjons­mann og pedagog, og har markert seg på nasjonalt nivå innan alle desse felta.

I ein mannsalder har han lært opp unge talent både lokalt i Sunnfjord og over heile fylket. Han er òg ein populær foredragshaldar og lærar på kurs og skular på høgare nivå andre stader i landet, til dømes på Ole Bull-akademiet og Raulandsakademiet.

Prisvinnaren er òg ein framståande hardingfeleutøvarar, og er særskilt kjend for sitt drivande gode dansespel. I 1994 gav han ut soloplata ”Jølstring” som vart nominert til Spellemannprisen.

Han er òg mangeårig leiar av Indre Sunnfjord spelemannslag og har dreve laget fram til nasjonalt toppnivå. Laget har gått av med sigeren på eit utal Landskappleikar, folkemusikkens Norgesmeisterskap. I år gjekk laget under hans leiing til topps igjen – og med student­spelemannslaget Gamlebanken, som stort sett består av unge utøvarar han har lært opp, hakk i hæl!

Som organisasjonsmann har han særskilte kvalitetar. Med ambisjonar, vilje og evne til å drive idéar igjennom har han markert seg svært sterkt på dette feltet. Han var ein av akitektane og pådrivarane for betre organisering og opplæring på folkemusikk- og dansefeltet på 1980-talet og framover; noko som har resultert i at Sogn og Fjordane har segla fram som eitt av dei aller fremste folkemusikkfylka i landet med mange utøvarar på toppnivå på nasjonalt plan.

Han var med i oppbygginga både av Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane. Han har òg vore leiar i Landslaget for Spelemenn, der han no er æresmedlem.

I 1989 var han med på etableringa av Førdefestivalen og var styreleiar der i fleire år. Han er tidlegare heidra med Rådet for folkemusikk og folkedans sin ærespris og fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Dette i følgje ei pressemelding.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.