Hopp til innhald
Storm Weather Shanty Choir 1 (Per Egil Larsen)

Førdefestivalen frister med ekstra gode plasser

Billettsalet til Førdefestivalen 2007 starta måndag 2. april, og er du raskt ute, kan du sikre deg ekstra gode plassar under dei store konsertane i idrettshallen.

— Festivalen har nemleg reservert eit område til dei 100 første som kjøper festivalpass, så her er det om å gjere og kaste seg rundt, seier marknadssjef Torill Faleide.

Er du blant dei 100 første som kjøper festivalpass, sikrar du deg plass innanfor eit reservert område på desse fem store konsertane i idrettshallen:

«Emotions francaises», den franske opningskonserten torsdag 5. juli; Shanty og salsa-konserten med Storm Weather Shanty Choir og salsakongen Maraca fredag kveld; konserten med Tekameli, den franske sigøynargruppa frå Perpignan og den store Gallakonserten laurdag – og ikkje minst «Flamenco meets gypsy music» med flamencodronninga Maria Serrano og den ungarske cimbalommeisteren Kálmán Balogh med ensemble søndag 8. juli.

Med dette tilbodet til dei 100 første som kjøper festivalpass, ønskjer festivalen å gje eit tilbod til sine viktigaste kundar, storbrukarane som kjøper pass og dermed går på mange konsertar.

I følgje marknadssjefen har Førdefestivalen dei billegaste festivalpassa i landet.

– Passet omfattar dei fem nemnde konsertane. Prisen er kr 730,- for ein vaksen, ungdom og studentar betalar 350,- og born 150,-. For denne prisen får du i alt 19 artistar/grupper, og i tillegg har du rabatt på alt anna som skjer under festivalen.

Har du kjøpt festivalpass, betalar du berre kr 90,- for ein konsert som ordinært kostar kr 150,-

Er du student betalar du barnebillettpris for andre konsertar, altså kr 40,-.

– Det er ganske rått, eigentleg, seier Faleide, som opplyser at festivalbrosjyren no er på veg ut til folket, og at publikum kan sjekke programmet på festivalen sine heimesider www.fordefestival.no.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er i år lagd til 5. til 8. juli 2007.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Storm Weather Shanty Choir 1 (Per Egil Larsen)

Stormfullt. Lengtende. Sjantien: en glemt norsk tradisjon

Seks menn fra Stord og omegn revitaliserer en glemt folkemusikk-genre. De tradisjonelle sjøsangene fremføres med ny energi når koret Storm...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Årets unge folkemusiker 2007

INTRO-folk kårer årets unge folkemusiker 2007: «Årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet...

Sølvi Lien

Ny arrangementssjef i Førdefestivalen

Sølvi Irene Lien frå Førde er tilsett som ny arrangementssjef i Førde-festivalen frå 1. september 2006. Ho tek over etter...

Hilde Bjørkum, Førde,

42 prosent tilreisande til Førdefestivalen

42 % av publikum på Førdefestivalen kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Dette viser tala frå ei publikumsundersøking firmaet «a2a –...

Eli Grete Høyvik

Ny styreleder for Førdefestivalen

Kirke- og Kulturdepartementet har utnevnt Eli-Grete Høyvik som ny styrelder for festivalen i Førde. Høyvik er utnevnt for to år.

Solo Cissokho og Ellika Frisell (Foto: Førdefestivalen)

Førdefestivalen: Større program enn nokon gong

Etter eit år i delvis permisjon, er Hilde Bjørkum i år tilbake som direktør for Førdefestivalen. To månader før ho...

Flere saker

Øverst fra venstre: Kristin Danielsen i Kulturrådet, prosjektleder Silje Eikemo Sande, Stine Haugen. Nederst fra venstre: Mocci Ryen, Nasra Ali Omar

Kulturrådet og konsertarrangører: Mangfold i norsk musikkliv må bli bedre (del 2)

Mangfold kan bety så mangt, og både definisjon og gjennomføring varierer fra sted til sted. Arrangørene etterlyser mer oppfølging fra...

Bilde fra Juba Juba, festival i Trondheim med kulturopplevelser for familier med barn i alderen 0 12 år.

Åpent brev til Kjell Ingolf Ropstad

INNLEGG: I håndteringen av pandemien er det liten tvil om at barna og kulturen har tapt mest. Barns rett til...

Rektor NMH Astrid Kvalbein

Musikkhøgskolen kutter, andre utdanninger følger etter

Torsdag 9. mars vedtar Norges musikkhøgskole (NMH) omfattende kostnadskutt, særlig i lønnsdelen av budsjettet. Andre norske musikkutdanninger regner med kutt...