Hopp til innhald

Førdefestivalen med fransk fokus

Émotions Françaises – franske kjensler, er tema på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som starter på torsdag. Her er nokon av dei norske navnene som stiller på scenene i Førde.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival kjem til å koke av franske kjensler i sommar, men festivalen kan også dette året presentere nokre av dei aller fremste norske folkemusikarane på programmet. Festivaldirektør Hilde Bjørkum seier i ein pressemelding at festivalen har eit ansvar for å formidle den norske folkemusikken til eit stort publikum, og gler seg over eit norsk program med stort mangfald.

Profilerte artistar

Storm Weather Shanty Choir frå Stord kjem til Førde med ramsalte sjantiar og 150 år gamle coverlåtar

Folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal vitjar denne gongen festivalen saman med pianisten Liv Glaser. Som ein del av minnemarkeringa etter Edvard Grieg, vil dei presentere eit konsertprogram med utgangspunkt i Griegs «Norske Folkeviser opus 66», «Haugtussa» og «Lyriske stykker».

— Grieg var ein av dei første i Norge som tok folkemusikken inn i kunstmusikken, og for mange har Grieg sine komposisjonar vore deira første møte med den norske folkemusikken, uttalar festivaldirektør Hilde Bjrøkum i følge ein pressemelding.

Konsertserien Tett på

Valdresduoen Mattisgard & Røine byr på pasjonerte og grovkorna tolkingar av balladar, skillingsviser og slåttestev.

Anne Hytta frå Telemark er ein av dagens fremste unge hardingfelespelarar, og vann Folkelarmprisen 2006 for debutplata «dag, kveld, natt».

Premiere på tre forestillingar

Dansekompaniet FRIKAR kjem til Førde med ei forestilling der seks av Norges sprekaste lausdansarar. ‘KRUK!’ er Dansekompaniet si andre oppsetjing, og forestillinga har Norgespremiere på festivalen.

Ledige stillinger

Sigrid Moldestad har nypremiere på si sjølvskrivne «TAUS». Forestilinga tek utgangspunkt i historia om ei rekkje kvinnelege spelemenn frå Nordfjord og Sunnmøre heilt tilbake til 1700-talet. Forestillinga hadde premiere i Bergen denne våren, og forestillinga på festivalen er den første i fylket.

Oppsetjinga av teaterstykket «Rekneprinsen» av forfattaren Erna Osland frå Høyanger, er eit nytt samarbeid mellom festivalen, Sogn og Fjordane Teater og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Musikk for den danseglade

Søndre Trondhjems Spellemannslag spelar svingande dansemusikk frå Trøndelag. Sigmund Eikås og Joar Skorpen vil spele danseslåttar frå Sunnfjord, og trioen Hått vil spele hardingfelerunddans frå Telemark, Numedal og Valdres.

Dette i følge en pressemelding.

For komplett program og mer informasjon gå til festivalens hjemmeside. Festivalen er i perioden 5. – 8. juli.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Storm Weather Shanty Choir 1 (Per Egil Larsen)

Stormfullt. Lengtende. Sjantien: en glemt norsk tradisjon

Seks menn fra Stord og omegn revitaliserer en glemt folkemusikk-genre. De tradisjonelle sjøsangene fremføres med ny energi når koret Storm...

El Tanbura Førdefestivalen

Navarsete åpner Førdefestivalen

Fransk i fokus på Førdefestivalen 2007. Festivalen åpnes av samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Det skjer på åpningskonserten ”Emotions Francaises”, torsdag...

Storm Weather Shanty Choir 1 (Per Egil Larsen)

Førdefestivalen frister med ekstra gode plasser

Billettsalet til Førdefestivalen 2007 starta måndag 2. april, og er du raskt ute, kan du sikre deg ekstra gode plassar...

Eli Grete Høyvik

Ny styreleder for Førdefestivalen

Kirke- og Kulturdepartementet har utnevnt Eli-Grete Høyvik som ny styrelder for festivalen i Førde. Høyvik er utnevnt for to år.

Hilde Bjørkum, Førde,

42 prosent tilreisande til Førdefestivalen

42 % av publikum på Førdefestivalen kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Dette viser tala frå ei publikumsundersøking firmaet ”a2a –...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Årets unge folkemusiker 2007

INTRO-folk kårer årets unge folkemusiker 2007: «Årets unge folkemusikarar er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet...

Flere saker

Skjermbilde fra musikkvideoen til Karin Park og Lustmord

Ballade video XCV: Monstre på TV, skjeletter i skapet

Syv videoer, en premiere. Vi headbanger og drømmer oss bort med Karin Park & Lustmord, Marianne Engebretsen, Rural Tapes, Shevils,...

Nominasjonskomiteenfor Rockheim Hall of Fame, med leder Tone Østerdal til venstre.

Nominerer til norsk rocks Hall of Fame igjen

Skal hedre nye navn som medlemmer i Hall of Fame i løpet av året.

Andreas Ulvo Foto: Andreas Ulvo

Gamle låter på nye måter

Intuisjon er det viktigste verktøyet når pianist og komponist Andreas Ulvo finner sin plass i andres låter, enten det er...