
Nytt styre lyser ut prosjektstilling
På styremøtet 13. april vart det nye NFD-styret konstituert. Nye og gamle styremedlemmer møttest i dei nye lokala til NFD og vedtok mellom anna å lyse ut ein eittårig prosjektstilling i 100 % til arbeidet med festival i Kristiansand/Agder-regionen.
Det nye styret er Halvard Kaasa – leiar, Helene Høye – nestleiar, Maria Høgetveit Berg – skrivar, Tarjei Haugen – kassastyrar og Tore Bolstad – styremedlem. Varamedlemmene er Minna Wetlesen, Åshild Vetrhus og Jon Anders Halvorsen.
Maria Høgetveit Berg er kjend profil i folkemusikkmiljøet, både som dansar og kvedar. Ho har også sitte i NFD-styret i tidlegare periodar. Minna Wetlesen bur på Ås i Akershus. Ho er aktiv dansar og organisasjonsmenneske. Åshild Vetrhus kjem frå Suldal i Rogaland. Ho går siste året på kandidatstudiet i musikkpedagogikk på Musikkhøgskolen i Oslo med folkesong som hovudinstrument, og er elles aktiv som songar i gruppa Tindra.
Det fulltallige styret gjekk tysdag inn for å lyse ut ei eittårig prosjektstilling i 100% til førebuing av fagseminar og festival i Kristiansand/Agder-regionen. Styret håper no på mange gode søknader til denne prosjektstillinga – personen som får denne stillinga vil ha stor moglegheit til å forme ut eit nyskapande tradisjonsmusikk-treff for miljøet og eit større publikum.
Denne artikkelen er opprinnelig publisert i «Kvinten» og gjengis med velvillig tillatelse fra rettighetshavnerne.
Ledige stillinger
Daglig leder
Dokkhuset Scene asSøknadsfrist:15/03/2025
Jobb med musikk i Brasil og Malawi!
JM NorwaySøknadsfrist:02/03/2025
Kunstnerisk plansjef
Trondheim Symfoniorkester & OperaSøknadsfrist:12/03/2025
Orkesterregissør
Oslo-filharmonienSøknadsfrist:23/02/2025
Daglig leder
Trondheim JazzfestivalSøknadsfrist:24/02/2025