
Nye vegar, nye mål
INNLEGG: Er det nok konsertgjengarar til å fylle alle konsertane som kvar dag finn stad – på Riksscenen, eller på dei andre folkemusikkscenene i Oslo, spør Knut Aastad Bråten.
Teksten er Aastad Bråtens leiar frå siste nummer av Bladet Folkemusikk.
Måndag 18. mars var Riksscenen i Oslo under debatt i NRK Kulturnytt. Temaet var lågt besøkstal i 2012. Ifylgje reporter Zofia Paszkiewicz var publikumsdekninga på konsertane snautt 30 %, eller totalt 6000 selde billettar. Noko er tydelegvis ikkje som det skal. Spørsmålet er kva?
Riksscenen vart offisielt opna i 2010. Bakgrunnen for etableringa var eit ynske – frå miljøet sjølv – om å likestille folkemusikken med andre kunst- og musikkuttrykk. Folkemusikk-Noreg trong si eiga storstove, hevda folkemusikkmiljøet, og fekk det. Sidan då har Riksscenen vore budsjettvinnaren på folkemusikkbudsjettet: Av dei store folkemusikkinstitusjonane som kvart år får pengar frå staten, får Riksscenen mest – i 2013 21 797 000 kroner.
Det blir mykje folkemusikk av mange millionar. Veldig mykje. Ifylgje NRK Kulturnytt var det heile 105 einskildarrangement førre året. «Pilene peker oppover for Riksscenen», skriv Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans på folkemusikk.no. Og sant er det. Tala peikar oppover, sakte, men sikkert.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter
Stor sjølvtillit spreier seg i folkemusikkmiljøet: Vi vil vera store, større og størst. Og vi skal vekse, nå mange og nye gruppe. Vi les det i handlingsprogram og tiltaksplanar, i styrepapir, og i høyringsnotat. Vi seier det når vi blir intervjua av pressa, og når vi reklamerer for sjangeren. Og vi les det i konsertprogramma til Riksscenen.
Spørsmålet er likevel om programmeringa, ambisjonsnivået og pengeflaumen harmonerer med etterspurnaden «der ute». Er det nok konsertgjengarar til å fylle alle konsertane som kvar dag finn stad – på Riksscenen, eller for den saks skuld på dei andre folkemusikkscenene i Oslo? For å finne vegen vidare er det på tide å stille seg nokre spørsmål:
1) Riksscenen er trass i gode tekniske fasilitetar, ypparlege konsertlokale og stor plass enno ingen naturleg stikk-innom-stad – korkje for å treffe kjentfolk eller kjøpe ein matbit. Det blir brukt mange ressursar på konsertane, men lite på å skape ein god møteplass. Kanskje er det ein kaffimaskin her, kva veit eg, men bygget er framandgjerande og liknar meir ei utilgjengeleg borg som det mest er uråd å kome seg inn og ut av. Når kan vi kjøpe brus og øl?
2) Riksscenen appellerer fyrst og fremst til den passive konserttilskodar, dei som set seg ned for å lytte. Spørsmålet er kor mange det er av dei. Grunnfjellet i folkemusikkmiljøet består i hovudsak av aktive og deltakande aktørar som treffest for å danse, delta på kurs og kappleik, på styremøte, eller ta seg ein fest. Dette er folkemusikkvardagen. Når blir det kappleik, fredagsdans og styremøte – på Riksscenen?
#gallery-1 {
margin: auto;
}
#gallery-1 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-1 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-1 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */
Ledige stillinger
Knut Aastad Bråten. Foto: Vegard Breie
3) Det har vorte viktig å nå mange. Logikken frå det synlege samfunnet har smitta over på alle kultursjangrane. Eit liv i løyndom er ikkje noko liv, liksom. Kvalitet og vellukka kulturtiltak blir målt i kroner og øre, og tal på publikummarar per konsert. Diverre. Eit slikt kultursyn er òg ein populisme. Folkemusikken er liten og smal. La oss halde fast ved det. Spørsmålet er om vi vil for mykje. Held det med færre konsertar? Høg programmeringsiver tek mykje ressursar, og kostar. Kanskje har vi det hyggelegare på færre konsertar med fleire i salen?
4) Det tek som kjent tid å finne forma si. Kanskje skal Riksscenen vere noko meir enn berre storstova for folkemusikk? Spørsmålet er om nasjonale scener er meir ekskluderande enn inkluderande. Vi lever i ei tid der sjangrane brytst, og der ulike kulturuttrykk naturleg finn plass ved sida av kvarandre. Konsertarrangøren Havresekken tek dette på alvor. Målet er å syne musikken du ikkje visste at du likte. Ein dag folkemusikk og rapp. Neste dag opera og punk. Kanskje har Riksscenen noko å lære av dei andre arrangørane? Etter mitt hovud bør Riksscenen framover arbeide for større sjangerbreidde, med plass til mange, ulike musikkuttrykk.
Vegen blir til medan ein går. Ein dag kjem ein også fram til målet, forhåpentlegvis. Men kanskje ein bør endre leia?
















