Hopp til innhald

Nasjonalt meisterskap i kulokk

Kulokk er eit viktig element i aktiv stølsdrift. Det krev øving, erfaring og praktisering for å bli god til å lokke. Norges Vel og Bufarhelga vil premiere dei som held denne tradisjonen i hevd, og inviterer derfor til nasjonalt meisterskap i kulokking.

Det er gratis å delta i NM i kulokk. Vinnaren vil bli tildelt eit grafisk kunsttrykk med relasjon til konkurransa, pengepremie på kr 2000,-, samt den heider, omtale og verdigheit som mesterskapet vil medføre. Det er berre ei klasse. Kvar deltakar får inntil 5 minutt til disposisjon. Viktige kriterier ved bedømming vil vera funksjonalitet, orginalitet, kunstnerisk framføring og presentasjon. Dette vil leie fram til ei totalvurdering der juryen – Elisabeth Kværne (budeie og folkekunstner med lang lokkeerfaring) og Stein Erik Knive (etnolog med hovudfagsoppgave om kulokk) – kårer Norgesmesteren i kulokking 2001.GENO støtter konkurransen, som finn stad på Beitostølen Høgfjellshotell, laurdag 8. september kl. 22.00.

Det blir også kurs i kulokking laurdag 8. eptember på Gomobu, Vaset i Valdres laurdag 8. september kl. 16.00.
Kulokk er budeia sitt fremste redskap for å få kyrne attende til stølen til kvelds. Tradisjonen lever i beste velgåande, og mange budeier bruker lokking framleis.

Det blir oppstart innandørs på Gomobu, der du kan læra grunnleggjande lokking i praksis og teori. Etter ei pause der du kan få kjøpt kaffe/mat går turen ut, med lokking i haustfjellet omkring Gomobu.

Faglege ressurspersonar på kurset vil vera Johanna Fuglesteg og Stein Erik Knive, og det er lagt opp til aktiv samhandling med kursdeltakarane. Fuglesteg er frå Vestre Slidre, og driv mykje med kulokking både i praksis og i samband med konsertar. Stein Erik Knive har skrive hovedfagsoppgave om kulokk, og vil ta for seg emnet frå ein meir teoretisk vinkel.

Det funksjonelle – at kyrne skal koma til den som lokkar – vil bli spesielt lagt vekt på. Du kan lære knep som virker, og dette bør vera til glede og nytte for budeier og andre.

Kurspris kr. 100,-. Ikkje forhåndspåmelding.

For meir info: Norges Vel v/ Øystein Rudi, tlf : 91 38 53 88

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bufarhelga i Valdres

Bufarhelga er eit unikt arrangement som kjøres for første gang i Norge. Opplegget inkluderer eit spennande samarbeid mellom reiseliv og...

Låvende saker

Låvende saker på Rudi Gård

Låvende Saker er et nytt arrangement på Rudi Gard i Sør-Fron. Låvende Saker skal være en smeltedigel der ulike musikksjangere,...

Flere saker

Violetta Ellisdottir Photo 20 02 2026, 21 51

Et «gateway drug» til nordisk folk

Heilung har gjort henne verdensberømt. Men denne sommeren drar Maria Franz på en sjelden Norgesturné med sitt mest personlige prosjekt,...

Kammerorkesteret og Lorenza Borrani

Se opptak av ukrainske Myroslav Skoryks «Melody» fremført av Det Norske Kammerorkester og Lorenza Borrani

Under Kammerorkesterets konsert i Universitetets Aula nylig åpnet de kvelden med å fremføre stykket «Melody» av den ukrainske komponisten Myroslav...

Festspillkomponist Unsuk Chin

Festspillkomponist Unsuk Chin: Inn til kjernen

Den sør-koreanske komponisten forteller om sitt vanskelige valg og om å finne musikken.