dnkf24

Bufarhelga i Valdres

Bufarhelga er eit unikt arrangement som kjøres for første gang i Norge. Opplegget inkluderer eit spennande samarbeid mellom reiseliv og landbruk, lovar folkemusiker Øystein Rudi, som nyleg også stod bak festivalen Låvende Saker på Rudi Gard i Sør-Fron. På programmet står m.a. det første Noregsmeisteskapet i kulokk.

Kalender

Bufarhelga skal bli eit signalarrangement som er med å gi status til stølslandskap og stølsdrift som attraksjon – ein ressurs som har potensial til å bli «Innlandsnorges fjorder»

Kjerna i arrangementet er 13 gardbrukere i Valdres som bufører på gamlemåten – til fots. No åpner dei for å ta med turister, bygde- og hyttefolk til ein eksotisk opplevelse i år 2001. I tillegg er det ei rekkje sidearrangement. Bufarhelga representerar samling av bønder om eit unikt og nytt arrangement i Norge, der ein vil strekke seg og møte nye utfordringer offensivt. Det blir og fokus på ei reiselivsnæring som bidrar aktivt til å skape lokale aktiviteter – ikkje berre festtale om kor viktig det er. Bufarhelga skal vere eit levande møte med stølsliv og natur
— og ein festdag for turistar og bygdefolk.

Under bufardagen om hausten fløtt folk og dyr frå stølen til garden i bygda. Valdres er det området i Norge som har teke best vare på stølsdrifta.

I år inviterer over 20 bønder folk til å delta i buføringa. Dette skal bli ei festhelg i Valdres, med yrande folkeliv slik det var ved buføringa i tidlegare tider. Budeia er i sentrum. Friske dyr og god stølsmjølk avheng av dyktige budeier, og denne helga skal dei få heder og ære.

Bufardagen kan både barn og vaksne få nærkontakt med husdyra. Det blir ei opplevelsesrik vandring frå fjellet til bygda i nydelege haustfarger, med bjøller og stas. Kulturprogram, budeiball, stølsmesser og historiske vandringer skal også bidra til at både bygdefolk, hyttefolk og andre tilreisande får ei minnerik helg i Valdres.

Fredag kveld er det kulturprogram både på Vasetstølen og Beitostølen. I ei uformell atmosfære vil du møte historier, sang, musikk og dans. Du vil få innsyn i stølskulturen slik denne er forma gjennom mange hundre år med stølsdrift i Valdres.

I løpet av helga vil Noregs beste gardsost bli kåra. Det vil bli utstilling, smaksprøver og anledning til å kjøpe særprega ost laga av god og smaksrik stølsmjølk. Dette blir arrangert i samarbeid med organisasjonen Norsk Gardsost.

På sjølve Bufardagen, laurdag 8. September, er det tidleg opp, og samling på stølen. På enkelte stølar er det også overnatting slik at du kan dra dit kvelden før. Etter at budeia har gjort unna morgonstellet starter buføringa til bygds. Folk og buskap vil gå saman, og det vil bli matpauser og ulike innslag undervegs. Du kan delta i buføring frå stølar omkring Vaset i Vestre Slidre og ved Beitostølen. Begge områda er av dei finaste fjellområda vi har i Norge. Meir informasjon om dei ulike rutene og tilboda får du ved å henvende deg til turistkontoret på Fagernes eller til Destinasjon Beitostølen.

Laurdag kveld håpar arrangørane alle vil slå hela i taket og delta i feiringa av ein vellykka buføringsdag og stølssesong. Det vil bli tradisjonskost og drikke, musikk, agalause godkarstykjo frå Valdres og stor stemning. Dette skal bli alle budeiene sin store festkveld, både dei som har vore på stølen gjennom sommaren og andre budeier…

I Valdres er det elles levande tradisjon for at presten kjem til støls og heldt messe i ei stølsbu, eller utandørs om været var bra. Dette kan du oppleve søndagen i bufarshelga. Same dagen kan du også bli bedre kjent i stølslandskapet. Dette er forma gjennom hundrevis av år med beiting, slått, vedhenting og anna som høyrer stølsdrifta til. Landskapet skjuler mykje historie som du kan få innsyn i saman med kjentmann.

Arrangementet er støtta av lokalt reiseliv og av Regionrådet for Valdres.

Koordinator og initiativ er ved Prosjekt Levande Stølar og Det Kgl. Selskap for Norges Vel.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo