Hopp til innhald

Garborg som folkedansteater

BUL i Oslo set opp «Haugussa» av Arne Garborg som folkedansteater. Folkedansteater er ein ny og banebrytande sjanger innanfor teater som tar sikte på å bruke rørsleelement frå norsk folkeleg dans i eit nytt scenisk språk.

Det blir snakka mye om «crossover» innanfor ulike musikksjangarar. Dette er «crossover» når det gjeld folkedans.

«Haugtussa» er ei stor forteljing om Noreg: Forankra historisk i norske folkelege uttrykksformer blanda med dagens Hollywood og Broadwayformer (klisjear) som gjer produktet tilgjengeleg og interessant for alle.

I Sverige har Vestanå Teater, eit profesjonelt distriktsteater, dei siste ti åra hatt braksuksess med dette konseptet. Dei fører no opp berre skodespel i denne sjangeren.

Grunnen til at Arne og Hulda Garborg kjempa for nynorsken, norsk scenekunst og folkedans var at dei meinte at norsk kultur finst ikkje, han blir skapt. Denne kulturen bør imidlertid skapast på grunnlaget av den gamle, no utdødde, folkekulturen skriv Arne Garborg i 1877.

Det er dette BUL i Oslo no forsøker å gjere ved å setje opp Haugtussa som folkedansteater. Dansarane er mellom dei beste folkedansarane i landet, og aktørane er ei blanding av profesjonelle og amatørar. Øyonn Groven Myhren er Haugtussa. Sigurd og Kjell Klausen er manusforfattarar og instruktørar.

Forestillingar: Urpremiere: Asker kulturhus, fredag 5. juli kl. 15.30.
Dessutan: Fredag 5. juli kl. 18.30 og laurdag 6. juli kl. 16.00.

Forestillinga er ein del av Garborgstemnet i Noregs Ungdomslag 5. – 8. juli i Asker, med over 50 andre opne arrangement. For meir informasjon om dette, sjå her.

Ledige stillinger

Flere saker

Barokksolistene Purcell’s Playground 03 ©Anja Koehler

I den klassiske musikkens hus er det mange rom

I noen sitter folk og øver iherdig. I andre sitter det et helt symfoniorkester. På kammerset står en fløytist og...

OSLOS KULTUR SKYLINE: Med økt aktivitet på hus som Munchmuseet, inkludert konserter, har Oslo klatra til delt førsteplass når 2023 telles opp.

Delt førsteplass blant kulturkommunene – hva så?

Røros og Oslo fortsatt de tyngste kulturkommunene i Norge. Hvert år kommer tallene, men hvordan skal de leses?

Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg

Statsbudsjettet 2021: Eit kulturbudsjett i korona-tid

INNLEGG: 2250 millionar kronar til ei stimuleringsordning for frivilligheit, idrett og kultur. 100 millionar til mellombelse kunstnarstipend. Fokus på mangfald....