Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg (Foto: Thor Hauknes)

Statsbudsjettet 2021: Eit kulturbudsjett i korona-tid

INNLEGG: 2250 millionar kronar til ei stimuleringsordning for frivilligheit, idrett og kultur. 100 millionar til mellombelse kunstnarstipend. Fokus på mangfald. Og endeleg er driftstilskota til organisasjonar som FolkOrg flytta ut av kulturfondet og inn i ei ny ordning for driftstilskot, skriv ein nøgd dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes.

Kalender

Osloskolenes kammermusikkfestival

27/01/2025 Kl. 1700

Oslo

Oslo Kammerakademi – Mozart og Strauss

29/01/2025 Kl. 19:00

Oslo

Av Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg

Covid-19-pandemien og kulturbudsjettet
Kulturlivet er i si verste krise i moderne tid på grunn av Covid-19-pandemien. Det er difor naturleg og bra at kulturministeren i dag legg fram fleire tiltak som skal demme opp mot dei negative konsekvensane.

Det er gjort framlegg om ei stimuleringsordning for frivilligheit, idrett og kultur på 2250 millionar kronar. Av desse går 1185 millionar til frivilligheit og idrett og 1065 millionar til kultur. Dette er for første halvår i 2021, det vil bli gjort nye vurderingar ut frå situasjonen kring pandemien for andre halvår. Dette er positive tal og vil kunne hjelpe godt for eit kulturfelt i krise. Utfordringa er at vi framleis ikkje veit på kva måte stimuleringsordninga skal bli rigga og difor heller ikkje på kva måte den vil hjelpe. Kulturfeltet treng rask avklaring på det. Delar av kulturbransjen vil framleis kunne trenge ei kompensasjonsordning, som til dømes leverandørar av teknikk og sceneutstyr. Desse har ikkje fått noko i budsjettet som no vart lagt fram.

For å hjelpe musikarar, dansarar og andre kunstnarar i denne tida er det sett av 100 millionar til 309 mellombelse arbeidsstipend. Det er veldig positivt. Det er i tillegg oppretta fire nye faste kunstnarstipend.

Det er sett av 200 millionar til kulturinstitusjonar som fell utafor stimuleringsordninga. Der har mellom andre Riksscenen fått 980 000 kr, noko som gjer at dei kan ha full drift også i 2021. Det er gode nyhende!

Begge desse ordningane er for første halvår 2021.

Endeleg rydding i driftstilskot!
«Etter å ha arbeidd for å flytte driftstilskota for mellom andre FolkOrg, Norsk jazzforum, Norske konsertarrangører og Klassisk, bort frå kulturfondet, har endeleg regjeringa oppretta ein ny post for driftstilskot (post 74) i Kulturrådet. Dette viser at regjeringa har skjønt at det trengs ei rydding og har fortsett arbeidet som vart byrja for fleire år sidan» seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes

Momskompensasjon
Regjering leverer på det dei lova i Frivilligheitsmeldinga og har auke momskompensasjonen til frivillige organisasjonar med 119 millionar. Det er bra, men vi er framleis omlag 350 millionar under full momskompensasjon.

Vidare aukar regjeringa tilskota til momskompensasjon til idrettsbygg med 104 millionar. Det er bra for idretten, men gjer at skilnaden mellom momskompensasjon til idrettsbygg og kulturbygg aukar ytterlegare.

Lokalar til frivillig kulturverksemd
Det er veldig bra at Kulturalliansen og Noregs ungdomslag har fått tilskot til å kartlegge lokalar til frivillig kulturverksemd. Det trengs! Men vi treng òg midlar til å utbetre og investere i desse bygga slik at dei er egna til den bruken dei skal ha. Det trengst difor ei auke i tilskota til Kulturrom, slik at dei kan gi stønad til det.

Mangfald
Det er positivt at regjeringa satsar på mangfald i kulturlivet, både når det gjeld uttrykk og deltaking. I dag er det slik at eit fleirtal i Noreg ikkje kjenner dei norske folkemusikk- og folkedanstradisjonane, ein større kjennskap til desse vil gjere folk nysgjerrige på andre folks tradisjonar og kulturuttrykk.

Studieforbunda
Som varsla er fleire av studieforbunda flytta frå Utdanningsdepartementet til Kulturdepartementet. Utfordringa er at tilretteleggingstilskota ikkje er teke med over i Kulturdepartementet i tilstrekkeleg grad, noko som betyr eit reelt kutt i tilskot til opplæring i våre lag.

Andre funn
Det er sett av 20 millionar til ei satsing på barne- og ungdomskultur. Av desse er fire millionar sett av til nyproduksjonar i Den kulturelle skolesekken og tilsvarande for å stimulere kommunane til å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging. FolkOrg meiner det er positivt, og forventar at eit resultat av det er at barn og unge kan bli kjend med sin eigen kulturarv, som til dømes folkemusikk og folkedans.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans har fått kr 400 000 til digitalisering av analoge opptak.

Det er sett av 14 millionar til satsing på det profesjonelle dansefeltet, og det er positivt, diverre ser det ikkje ut til at det i særleg grad vil komme det profesjonelle folkedansefeltet til gode.

I budsjettet til Utanriksdepartementet er heldigvis nedbygginga av kulturfremme i utlandet stoppa opp, den er no auka med 1 million. Men det er framleis langt att for å ta igjen halveringa som har skjedd på den posten sidan 2011. Vi har forventningar til den varsla strategien som KUD og UD skal lage for internasjonal kultursatsing.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo