Folkemusikk og nasjonalisme
Utstilling i Valdres stiller spørsmål ved folkemusikken og «det norske».
Fredag 15. mars opnar utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme» på Valdres Folkemuseum på Fagernes.
Kvifor oppfattar vi folkemusikk og folkedans som særskilt nasjonalt? Kva er eigentleg ”nasjonalt” og stemmer det at folkemusikarar i dag kastar bunaden og nasjonalsymbola på bålet – til fordel for det urbane og moderne, spør arrangøren.
Meir om utstillinga på museet si heimeside.









