Hopp til innhald
IMG

Kjernemedlemmene i Electric Audio Unit som står bak Lydbølgefestivalen. Komponistane Ernst van der Loo, Natasha Barrett og Mathieu Lacroix avslutta eine kvelden med ein improvisasjon i det store rommet på Gamle Munchmuseet. (foto: Torkjell Hovland)

Lydbølgefestivalen: Lyden vi ser

– Først klemmer puter på kinna mine, før eg blir borra langt inn i hjernen min. Kritikar Torkjell Hovland opplevde Lydbølgefestivalen på Gamle Munch nyleg.

Melding frå Lydbølgefestivalen på Gamle Munch i Oslo, 8.-11. april. Kritikar Torkjell Hovland var tilstades på konsertane tysdag 8. og torsdag 10. april.


Eg set meg ned midt i rommet på ein benk.
Eg kan vende meg kvar eg vil, ser det ut til. Rundt meg er det høgtalarar. 26 for å vere nøyaktig. Lukkar eg auga, kan eg likevel sjå.

Natasha Barretts Toxic Colour går i loop, og eg veit ikkje heilt kvar i loopen eg kjem inn eller går ut. Men eg er der inne i femti minutt, akkurat nok tid til at tankane får roa seg, og hovudet blir aktiv medskapar i lydverket. For det er det som skjer i møtet med denne…kall det gjerne abstrakte musikken.

Nokon kallar det lydkunst.

Ute i kafeen på utsida stod det på noko musikk, eg la ikkje merke til kva det var. Det var bakgrunnsmusikk. Men inne i rommet der eit av Munchs store verk hang tidlegare, så slår tanken meg – her gjer vi det motsette: vi set bakgrunnen i fokus. Vi tek omgjevnadene inn til eit fokusert scenerom.

Tomrommet er fylt med lyd. Lat att augo og lytt etter. Du kan ane av fargeforskjellen på treverket at det her hang eit bilete. (Foto: Torkjell Hovland)

Bak Lydbølgefestivalen står Electric Audio Unit (EAU). Ei norsk gruppe for elektroakustisk musikk som ifølge nettsidene spesialiserer seg på oppslukande romlege lydkonsertar, nyskapande 3D-opplevingar og romleg lydframføring. Kjernemedlemmene i EAU er for tida Ernst van der Loo, Natasha Barrett og Mathieu Lacroix. Alle tre komponistar som vi kunne oppleve under festivalen, blant fleire andre.

LES OGSÅ: Lydkunst i fokus på Momentum i Moss, juni-oktober 2025

Natasha Barrett, som har gitt ut Toxic Colour er eigentleg frå England, men har budd i Noreg i 25 år. Ho mottok mellom anna Nordisk Råds Musikkpris tilbake i 2006.

Den norsk-britiske lydkunstnaren og komponisten Natasha Barrett har budd i Noreg i 25 år. Ho er intervjua i Ballade.no-saka om lydkunst-fokuset på året Momentum 13 i Moss, som du kan lese her. (Foto: Jan Erik Breimo)

Eg sit i rommet og prøvar å kjenne igjen lydar – er det fuglar? Er det der maskiner? Er det fleire rom samtidig, er det ekte?

Energien går opp og ned i dynamisk utvikling, og eg går inn og ut av mine eigne tankar. Verket er gitt ut i stereo, og kan høyrast her. Men då vil eg først berre seie at for meg er dette nærmast meiningslaust i forhold til å lytte til det i rommet, der lydane blir slengt gjennom dei 26 høgtalarane.

Ledige stillinger

For dette liknar å gå på kunstutstilling, altså å sjå eit bilete, ta det innover deg. Her blir eg ikkje fortalt noko, tenkjer eg. Eg fyller det.

På torsdagen blir dette enda tydelegare for meg. Då vi mellom anna fekk høyre canadieren Mathieu Lacroix. Han sit med ein gitar han ser ut til å ha laga sjølv. Den har ukristeleg mange strengar. Gjennom datamaskina og pedalar formar Lacroix enorme lydbølgjer som skyller over oss.

Eg har hatt ei speleliste liggande i beredskap dei siste 15 åra med namnet «Slett meg». Der har eg putta slik breispektra lyd, støymusikk som kjennest som ein reins av lyttinga. Ei nullstilling, ei opprydding.

Men i tillegg kan du tilføre noko til det «Blanke lerretet». Gjennom å flytte fokuset til ulike stadar i det voldsomme lydbiletet blir vi som lyttarar med på utviklinga.

Lydbølgene treff oss fysisk. Somme gongar kjennest det som om nokon trykker ei pute inn til kinna mine, medan andre gongar borrar det seg innover til senteret av hjernen min. Og ofte er det som ei massasje. Ein mental akupunktur.

Vi fekk også høyre utdrag frå François Bayle sitt L’Expérience Acoustique (1970–72), spelt for første gong i 3D. Det er Barrett som speler det, eller styrer det frå laptopen denne gongen.

Bayle etablerte omgrepet akusmatisk musikk. Veldig enkelt sagt er akusmatisk musikk elektronisk musikk som er laga for å bli opplevd gjennom høgtalarar, utan at publikum ser musikarane eller instrumenta som skaper lyden. Poenget er å lytte, fantasere og oppleve lyden.

Men eg opplever nettopp at eg ser lyden. Lydbølgene tek liksom form som skulpturar i leire. I dette verket frå 1970-talet er fokuset på detaljane tydeleg. Utviklinga ligg i nyansane. Her blir det framført i 3D, men eg sit og tenkjer over – kva verd var det denne lyden møtte den gong? Kva verd var det lyden kom frå, og kva verd møter den i dag?

Dette er det magiske med denne abstrakte musikken. Den er befriande rar og open. Den er framleis mystisk, og den finst der uansett. Vi treng ikkje å forstå noko eller plassere det i nokon kontekst. Men vi opplever noko, som gjerne kan gi viktig innsikt.

Det siste vi får er ein improvisasjon av alle tre – Barrett, van der Loo og Lacroix. Dei sit der og stirrer inn i skjermar, knottar og pedalar. Nærast utan mimikk. Det er berre lyden.

I det eg forlet Gamle Munch, kjenner eg på den store gleda det er å gå på slike arrangement der vi møter eit lite, men intenst lidskapleg miljø. Det er akkurat som om vi får tilgang til noko hemmeleg, vi får vere med inn på rommet.

Og i all snakket om avmystifisering og kommunikasjon, så trur eg likevel det er enormt viktig å også ta vare på desse «nerdemiljøa». Eg opplever det som fritt.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Natasha Barrett

Lydkunst i fokus på årets Momentum-biennale i Moss

Samtidskunstbiennalen i Moss fokuserer utelukkende på lydkunst i år, og inviterer publikum til å dykke ned i 40 unike lyduniverser.

Frå opninga av nye Notam

Her kan kunstnarar leige studio – heilt gratis

Med Europas einaste kringlydstudio ope tilgjengelig, topp utstyrt mikserom, mekkeverkstad og preproduksjonsrom opna Notam dørene til dei nye lokala sine...

Natasha Barrett fargeportrett

NOTAM gratulerer Natasha Barrett

Sist helg ble det kjent at Natasha Barrett har vunnet Nordisk Råds Musikkpris 2006. Barrets virke i Norge har vært...

Natasha Barrett fargeportrett

Natasha Barrett tildeles Nordisk Råds Musikkpris 2006

På Festspillene lørdag ble det kunngjort at den norske komponisten Natasha Barrett tildeles Nordisk Råds Musikkpris 2006. Barrett får prisen...

Flere saker

Under Music Norways sommerfest mandag 2. juni på Pigalle i Oslo, overrakte Frang stipendet «Det var her det begynte» – og det var for henne aldri noen tvil om hvem som skulle få det.

Gir æren for sin internasjonale suksess til Barratt Due

Fiolinist Vilde Frang, nylig kåret til «Årets Internasjonale Suksess 2024» under Spellemannprisen, retter en rørende takk til sitt musikalske opphav:...

Stillbilde fra Hey Loves video, SOS

Ballade video LXI: Vi jakter drømmer med metalldetektor

Syv nye videoer, to premierer: Start mer enn gjerne helgen din sammen med Ane Brun, Sweetheart, Hey Love, Ultraflex, Frode...

Composers Retreat på Siljustøl Foto: Francesca Alviani

Kan lyd gi svar på hva energi er?

I arbeid med musikk og velvære-prosjekter har jeg fått ny bevissthet og respekt for lydens effekt på kropp og sjel,...