Akvarell med soloppgång, lyse fjell, grøne tre. Plateomslag David Hveem.
David Hveem - Jazzfonietta (Klokkereint 2023) (Foto: Klokkereint)

Ville klangdyr: Det beste frå to musikkverdener på desse nye norske platene

Dette er den beste musikken akkurat no!

Kalender

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Dei to jazzensembla i denne månadens spalte kunne kanskje blitt kalt sinfonietta begge to. Sinfonietta er eit mindre orkester med varierande besetning, men det gir raskt assosiasjonar til klassisk, eller samtidsmusikken. I jazzverda er kanskje storband eller «ensemble» meir populære omgrep. Øyvind Mathisen har kalla si besetning i ØyvindLAND nonett.

Kontrabassist, komponist og dirigent David Hveem på si side har laga plata Jazzfonietta. Assosiasjonane flyt lett i denne månedens beste bunke plater, hvori Erland Dahlen og Jo Berger Myhres siste óg ligg.

David Hveem – Jazzfonietta (Klokkereint 2023)

David Hveem – Jazzfonietta (Klokkereint 2023) (Foto: Klokkereint)

Gjennom opningssporet «Reise» eksponerer Hveem klangbiletet i jazzfoniettaen for lyttaren. Det er mjukt, men fargelagt med ulike fargar. I ensemblet er klassiske utøvarar og jazzutøvarar, og det høyrer vi allereie her. Det handlar om frasering, klang og tilnærming til tonane – Hveem dyrkar denne variasjonen.

Hveem har no blitt kunstnarisk leiar for Det Nye Norske Storband, som han tidlegare i år også gav ut ei plate med hans komposisjonar – Det Rekomponerte Nye. Der er det Storband med stor S.

Tonespråket i jazzfoniettaen er forholdsvis trygt og planta i tradisjonelle referanser for lyttaren, men på Jazzfonietta kan assosiasjonane spenne frå alt frå klassiske komponistar, filmmusikk, Wayne Shorter eller moderne norske frijazztradisjonar.

Eg vart særleg glad i «Bergen II», der han brukar strykekvartetten i ensemblet på interessant vis. Og denne er også eit eksempel på det som er mest vellukka her – når strykarane si klåre og tydelege uttrykk møter meir tvilande tonar og klangar i blåserekka. Som om dei bastante utsegna blir nyanserte.

Teknisk er Jazzfonietta eit døme for skuleboka. Instrumentering, dynamikk, retning, utvikling – det er gjennomsolid. Men det er først og fremst ei gjevande lytteoppleving frå start til slutt. I denne besetninga har ein moglegheit til å lage feite, søte rettar, men Hveem er tolmodig og spreier det feite utover – som ein kvit, stor tallerken med eit lite kjøtstykke og ein dæsj saus, perfekt dandert.

Dette er musikalsk «fine dining».

 

ØyvindLAND – Nonett (Øra Fonogram 2023)

ØyvindLAND – Nonett (Øra Fonogram 2023) (Foto: )

Så til vår neste «Jazzfonietta» – Trompetist Øyvind Mathisen sitt ØyvindLAND veks og veks, og med plata Nonett, syner han at han er ein av landets råaste jazzistar.

Allereie frå første spor «Rituale», høyrer vi Mathisens finurlege komposisjonsstil. Han er ein av dei som har dyrka jazzhistorien og latt den vokse inne i seg. Her går tonane nærmast i kvarandre, spesielt interessant fight står det mellom pianist Joakim Rainer Petersen og gitarist Iver Cardas. Før vi går inn i det levande solopartiet til Eirik Hegdal, der nonetten under boblar over av spenningar.

Rainer Petersen klatrar forresten stadig oppover lista over favorittpianistar, særleg gjennom måten han også her leikar seg med tradisjonane og referanser til jazzhistoria. Lytt for eksempel til soloen hans på «Den Lyseblå».

Men det er trompetist Mathisen som er høgdepunktet gjennom plata – også som solist. Han har nokre vanvittig kreative formuleringar gjennom improvisasjonane sine.

Det er eit moderne, amerikansk jazzuttrykk som legg hovudgrunnlaget for Øyvindland, og et er ikkje langt til å tenke på Joe Lovano for eksempel. Ofte kan eg, med mange, oppleve denne tradisjonen som teoretisk og innovervendt. Men det er ein spelesugen energi som rår i ensemblet og smittar over på lyttaren. Det lét aldri pretensiøst eller «for intellektuelt». Og i aller høgste grad leikent utadvendt!

Jo Berger Myhre – Live Manoevres (Kennel Records 2023)

Jo Berger Myhre – Live Manoevres (Kennel Records 2023) (Foto: )

Som ein oppfølgar til ein av mine store favorittar frå 2021, Unheimlich Monoevre er bassist og komponist Jo Berger Myhre tilbake med Live Manoevres. Og live-versjonen av denne musikken opnar opp ei større verd.

Noko av det Berger Myhre klarer, er å dyrke lyden. Eller kanskje temje den. Av ein eller annan grunn så opplever eg at kvartetten på denne plata først og fremst lyttar til rommet, og plukkar tak i klangane. Prøv å høyr på musikken med dette i bakhovudet.

Og på liveutgjevinga sprenger det musikalske dyret seg ukontrollert ut, og det er som om vi føler på ein risiko i lyttinga.

Preludiumet spelar han aleine, men det er som om han syng eit heilt kor. I «Perils» veks lydbiletet til noko enormt, anført av rytmiske løp over tangentane til Morten Qvenild, saman med multiinstrumental gitarist Jo David Meyer Lysne og tombak-spelar Kaveh Mahmudiyan.

Gjennom dei ni spora opplever vi både dei såraste og mektigaste lydane du kan tenkje deg. Lydmagikar Ingar Hunskaar har gjort ein enorm jobb med denne utgjevinga, som har klart å formidle dette spennet på innspelt format.

Erland Dahlen – Racoons (Is it Jazz? Records 2023)

Erland Dahlen – Racoons (Is it jazz? Recordings 2023) (Foto: )

Spør du etter bænkers anbefaling til kven du bør booke som trommis på prosjektet ditt, så er sjansen stor for at namnet Erland Dahlen dukkar opp. Men at han utenom ein bælfeit katalog som one man wrecking crew no er ute med si femte(!) soloplate, visste du kanskje ikkje.

Med seg i studio for mix og «additional recordings» har han hatt med tidlegare kolleger Jens Petter Nilsen and Hallvard W. Hage frå Xploding Plastix (Legender!).

Det er eit organisk elektronisk lydbilete som famnar om oss frå start. Så slår ein groove inn over eit stort elektro-orkester-teppe. Det er noko fanfare-ish over «Stride». Og vidare gjennom plata, så står vi i ein episk triumferande klang. Det er store katedralske trommer og kyrkjeorgel – somme av spora kan minne om dei episke introane du finn på 80-tals rockelåtar. Men her har Dahlen strekt dei ut og mediterer i denne lyden over tid. Det er eit overraskande spennande kreativt utgangspunkt.

Racoons må vere årets beste motivasjonscoach – du føler deg mektig med dette lydsporet på øyret.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.