Hopp til innhald
Hilde Bjørkum

(Foto: Førdefestivalen)

Festival utan skjegg

INNLEGG: Guttemusikk, skjegg og hornbriller – eller «Women’s world»?, spør Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen

Aftenpostens Joacim Lund skriv i ein kommentar nyleg om overvekta av mannlege musikarar på festivalscenene i Norge. Han har nok delvis rett. Vi reagerer likevel over generaliseringa; slett ikkje alle festivalarrangørar har skjegg, hornbriller og 50 år gamle haldningar, og slett ikkje alle festivalar har 90% mannlege artistar på plakaten!

Førdefestivalen til dømes, ein av Norges knutepunktfestivalar med eit besøkstal på 25000 – 30 000 kvart år, har ei over 20 år lang historie med å booke artistar frå alle verdshjørne, og svært mange av desse er kvinner, eller har kvinneleg frontfigur. Dette året er festivalens hovudfokus «Women’s World», der framtredande kvinnelege artistar frå heile verda vert gitt scene- og talerom.

Les også:

Kanskje ein sjanse både for publikum, media og rockefestivalarrangørar til å få justert røyndomsbildet sitt? Det faktum at leiinga i Førdefestivalen består av kvinner er (eller burde ikkje vere) poenget, våre val er bygd på kunnskap, kvalitet og tidsmessige haldningar.

Framstormande kvinner innan folk- og verdsmusikken
Det er eit interessant perspektiv at innan folk- og verdsmusikken har dei kvinnelege artistane formeleg fossa fram dei siste åra, tydelegvis i motsetnad til i andre sjangrar som rock og jazz. Her i landet har sterke damer som Sigrid Moldestad, Unni Løvlid, Synnøve Bjørset og mange fleire skapt seg sine eigne rom og vunne nytt publikum dei siste åra, og dei står i ei rekke av kvinner som har vore sterke førebilete: Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien og Susanne Lundeng, for å nemne nokre. Faktisk er det slik at det snart er motsatt bekymring når det gjeld rekruttering innan den norske folkemusikken; det er fleire kvinner enn menn som ser ut til å bli framtidas folkemusikarar.

P.S. Og apropos kunnskapslaus debatt: Tema på årets Førdekonferanse som går i samband med festivalen har «Kompetanse i kulturlivet – mytar, meiningar og kunnskap» som tittel – vi inviterer hermed medlemene av guttemusikken, Aftenpostens kommentator og alle andre til deltaking!

Ledige stillinger

Relaterte saker

Esma Redzepova

Førdefestivalen ser på damene

«Womens world» blir tema i år.

Vevet musikk

Arne Nordheims vevehyllest skal fremføres for andre gang.

Hanne Kolstø

Dametekke

Over 60 prosent av publikum og frivillige på Øyafestivalen er kvinner. Hvorfor er det sånn?

Donatella de Paoli

Fleire unge leiarar

Kulturlivet treng ei traineeordning, meiner førsteamanuensis ved BI, Donatella de Paoli. Denne veka deltar ho på Førdekonferansen.

Urna Chahar Tugchi

Stillferdig oppmoding

– Globaliseringa er både redninga og øydelegginga for kulturen vår, seier folkesangeren Urna Chahar Tugchi.

Sammen i Førde

Førdefestivalen vil rette oppmerksomheten mot «sameksistens».

Flere saker

Even Aleksander Hagen er statssekretær (Ap) og ha rmøtt folkemusikere som stilte krav.

Den nye folkemusikkdebatten: Departementet vil ikke blande seg

I 2023 sendte en rekke musikere bekymringsmelding til kulturministeren. De mente Tonos fordelingssystem bærer preg av offentlig myndighetsutøvelse. Har det...

Illustrasjonsbilde

EU forbyr svartebørs-bots

I Norge kalles det svartebørs. Nå forbyr EU superraske bots som videreselger konsertbilletter til overpris.

Illustrasjonsbilde fra rapporten.

Eit steg i rett retning

I utgreiinga «Fremtidens skole – fornyelse av fag og kompetanser» er det mykje som harmonerer betre med eigenskapane til dei...