Hopp til innhald
Honningbarna på Miniøya og Kulturfest Tøyen i Oslo,

(Foto: Lars Opstad/Kulturtanken)

Ny satsing på musikk for barn og ungdom

Kulturrådet har sett av 2,5 millionar kroner til forsøksordninga Uhørt! for produksjon og formidling av musikk til barn og ungdom.

Uhørt! er ein del av Kulturrådets langsiktige satsing på kunst og kultur for og med barn og unge, skriver Kulturrådet i ei pressemelding om den nye ordninga.

Målet med den nye ordninga er å stimulere kunstnarar og produksjonsmiljø til å rette seg til eit yngre publikum, slik at barn og ungdom får eit større og meir variert tilfang av gode musikkproduksjonar. – Barn og ungdom skal ha tilgang til like gode musikkopplevingar som vaksne, seier Lars Petter Hagen, nyutnemnd rådsleiar for Norsk kulturråd og tidlegare medlem i Kulturrådets faglege utval for musikk.

Brei satsing på barn og unge
– Kulturrådet ønsker at skaping av kunst for barn og ungdom skal vere eit attraktivt arbeidsfelt for fleire musikarar, komponistar, arrangørar og produksjonsmiljø i heile landet, seier Hagen.

Lars Petter Hagen (Foto: Victoria Stevens)

Barn og ungdom er eit av Kulturrådets strategiske satsingsområde og alle støtteordningane i Kulturfondet skal innanfor rammene sine bidra til å legge til rette for at barn og unge over heile landet får ta del i kunst- og kulturopplevingar av høg kvalitet, både som publikum og som medaktørar i skapande prosessar, melder Kulturrådet.

Gjennom Uhørt! lyser Kulturrådet ut 2,5 millionar kroner som skal gjere det mogleg for fleire aktørar å formidle musikk til eit ungt publikum. Den nye ordninga legg til rette for at ambisiøse idear skal få ei heilskapleg og god finansiering der kostnader til både produksjon og turné eller anna formidling kan søkast om i éin og same søknad. Midla skal gjere aktørar i stand til å få finansiert større satsingar, der det blir gitt tid og rom til utvikling av konsept, kunstnarisk idé, samarbeidsformer og formidlingsmåtar. Ordninga skal òg gi rom for å utvikle nye konsept og formidlingsmåtar basert på eksisterande produksjonar og verk, forklarar Kulturrådet i pressemeldinga.

Eit breitt felt av aktørar
Ordninga rettar seg mot musikarar, komponistar, produsentar, kuratorar i arrangør- og festivalfeltet og andre som ønsker å prioritere eit yngre publikum. Det blir etterlyst søkarar og samarbeidsprosjekt frå ulike produksjonsmiljø innan alle musikksjangrar. Ordninga rettar seg til etablerte aktørar, men vil òg stimulere til å rekruttere nye aktørar. Det er eit mål at prosjekta bidreg til fagleg og kunstnarisk utvikling på feltet.

Første søknadsfrist er 15. mai. Det vil komme minst to søknadsfristar til etter det, og ordninga vil verke òg i 2021. Kriterium, krav til søknader og søknadsskjema vil bli lansert på nettsida av ordninga omkring éin månad før søknadsfristen.

Les meir om den nye ordningaNorsk kulturråds hjemmesider.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Orgelet i Bodø domkirke

Kulturrådet legger ned støtteordning for kirkemusikk

Mener endringen vil åpne for støtte fra flere andre støtteordninger.

Illustrasjonsbilde til den nye serien Minimusikk

Lager konserter for de aller minste

Flere aktører etterspør gode konserter til barn. Minimusikk skal på nyåret lage musikk for de aller yngste.

Silje Sirnes Winje og Maria Solheim gir ut plata «Bråkebøttebaluba» fredag 18. oktober

Etterlyser flere arenaer for barnemusikk

Maria Solheim og Silje Sirnes Winje er aktuelle med sin andre barneplate. Nå vil duoen ta opp kampen med Crazy...

Rohey

Færre forestillinger i kulturell skolesekk

Antall opplevelser som produseres per barn synker. – Litt trist at vi regner med videre nedgang, sier DKS-direktøren.

Flere saker

BYJAZZ initiativtaker og produsent Anders Thorén (foran), medprodusent Magnus Sefaniassen Eide (bak til venstre) og PR ansvarlig Ragnhild Hoel Gustum (bak til høyre

BYJAZZ vil redde jazzen

Få scener, et utdøende publikum og kjønn som kommer i veien. Utfordringer i kø for optimistiske kulturgründere

Illustrasjonsbilde

Gjenåpning for unge i kor og korps

Fra fredag 16. april kan barn og ungdom under 20 år sette i gang med kor- og korpsøvelser igjen. –...

Hans Martin Austestad skriv om arbeidsforhold i Den kulturelle skulesekken.

Skulesekk-debatten: – Kulturtanken har gjort seg sjølv irrelevant

Det er ikkje for mykje byråkrati i Skulesekken og barnehagekunsten – men i staten har dei kvitta seg med den...