Oddrun Lilja har tingingsverket til Vossa Jazz 2023 - 50-årsjubileumet til festivalen. Her i frå Oslo World for to år sidan. (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Konsertåret 2023 – nokre høgdepunkt

Musikkåret 2023 på konserthus landet over.

Kalender

Ballades innboks fylles opp av programslepp frå landets kulturscener og festivalar om dagen. Her er nokre høgdepunkt for det kommende året:

Vossa Jazz feirar 50 år i 2023, og kan mellom anna lokke med Nils Petter Molværs tingingsverk frå 1996, Khmer som opning på festivalen:
«I 1996 urframførte stjernetrompetist Nils Petter Molvær Tingingsverket «Labyrinter» på Vossa Jazz, med massive beats, bankande grooves og brennande trompetsoloar! Det strålande verket vart døypt om til «Khmer» og gjeve ut som Molvær si debutplate på ECM året etter. Albumet vart seld i over 250 000 eksemplar over heile verda og befesta hans posisjon blant dei leiande stemmene i den europeiske jazzrørsla.» I tillegg lokkar dei med dansbar frijazz frå Paal Nilssen-Loves Large Unit EthioBraz, Sondre Lerche, og tingingsverket frå Oddrun Lilja som du kan lese meir om i intervjuet Ballade gjorde med komponisten tidlegare i haust.

Marja Mortensson kjem til Bergen med Trondheimsolistene (Foto: Jørn Kristensen)

Maijazz inviterer til opningskonsert med Brad Mehldau Trio i Stavanger konserthus, og i same hus inviterer Stavanger symfoniorkester mellom anna til «Eventyrlig aften med Ravel» der Mezzosopran Karine Deshayes er solist. I Kristiansand kan du oppleve Håvard Gimse spele Geir Tveitts pianokonsert nr. 1 same kveld som Mahlers 1. symfoni under dirigent Tabita Berglund. Og i Tromsø har Arktisk Filharmoni fått med seg legenden Angelique Kidjo: – At musikken hennes – og stemmen hennes – passer perfekt sammen med et symfoniorkester, er jo albumet SINGS et nydelig eksempel på, skriv orkesteret på sine nettsider.

Eit av høgdepunkta frå Harmonien i Bergens «gjestespill»-serie er Trondheimsolistenes konsert med Peer Gynt og Marja Mortenssons nye arrangement av hennar Lååje. Frå hovedprogrammet til Harmonien kan kanskje stjernepianisten Vikingur Olafsson friste? «Fra Ravels fascinerende La valse, via hans jazzinspirerte pianokonsert, til Stravinskys musikalske portrett av et russisk vinterkarneval.», skriv orkesteret om denne konserten.

Arktisk filharmoni har invitert med seg verdsstjerna Angelique Kidjo (Foto: Sofia and Mauro)

Til Dokkhuset i Trondheim kjem mellom andre stjernesaksofonistane Chris Potter og Melissa Aldana i mars, og høgdepunkt på Nasjonal jazzscene i Oslo er Bill Frisell og Mary Halvorson. Og til Kirkemusikkfestivalen i hovedstaden kjem iranske Marjan Vahdat for samspel med Tord Gustavsen, og den spanske gambisten Jordi Savall åpnar festivalen.

Og blir det å høyre Vojcek Kilars «Orawa» framført av Arktisk Filharmoni i ei gruve på Svalbard årets oppleving? Svalbards Arctic Chamber Music Festival går av stabelen 23. – 27. februar.

Fullstendige program finn du her:
Vossa Jazz
Maijazz
Arktisk Filharmoni
Kilden konserthus
Stavanger konserthus
Bergen Filharmoniske orkester
Dokkhuset i Trondheim
Nasjonal Jazzscene
Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival
Arctic Chamber Music Festival

 

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.