Hopp til innhald

Gråvèret er attende

Idag firast dei fargerike Festspillflagga ned. Gråveret er attende i Bergen. Jonsdottir og Festspillleiinga fortener mange pust i bakken. Med god grunn. Publikum er stornøgde.

Eg nemnde kor lett det napolitanske ensemblet spelte i forrige veke. Det same kjenneteikna det fransk-italienske ensemblet Seminario Musicale fredag. Eit leikande lett spel. Dirigenten meistra både dirigering og falsettsong. Fascinerande korleis han dirigerte med ryggen til ensemblet. Med auge i ryggen. Samspelet musikarane presterte var veldig godt. Særleg gjorde fiolinistane og songarane eit sterkt inntrykk. På programmet stod fransk og venetiansk barokkmusikk. Corelli sin «Salve Regina» -versjon var interessant. Ensemblet auka intensiteten med den stykkevise oppbygginga av det gregorianske ‘Salve Regina’- temaet.

Å slå vits
Fiolinisten og spelemannen Nils Økland og pianisten Steinar Pedersen gav heile 4 konsertar på Lysøen. Den særmerkte heimen til Ole Bull var åstad. Eit prakteksempel på korleis ein seriøs konsert blir både munter og personleg. Mari Lyssand haldt eit fortreffeleg foredrag om Ole Bull og musikken Pedersen og Økland spelte. Innimellom kom Økland med anekdotiske tillegg. Den muntlege tradisjonen er sterk i det norske folkemusikkmiljøet. Sjeldan ser ein klassiske utøvarar slå av ein vits for publikum. Pedersen brukte pianoet på nye og ukjende måtar for å få ein folkemusikalsk effekt: foten på demparpedallen medan han speler på strengane. Ein suggererande dunkeljod er resultatet.

Strengeleik
Også Andsnes/ Stetslaff-konserten hadde også noko muntert over seg – trass Grieghall-høgtida. Duoen spelte med mange muntre anslag og virtuost samspel. Under ekstranummeret rauk felestrengen på den 3. siste tonen. Stor latter. Ikkje minst på scenen. Framføringa av Schumann si sonate var god. Eit vanskeleg verk dei fekk veldig godt til. Elles på programmet stod Schubert, Bartok og Ravel.

Det er gjenklang i byrommet etter Festspillene. Trass hosting og harking.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Festa Napoli

Lysår frå Saga Solreiser

«Festa Napoletana»‘ var eit anna innblikk i Middelhavskulturen. Lysår frå katalogspråket til Saga Solreiser. Festspillforestillinga i går kveld var ei...

Coleman maleri

Visuelt audiovirus: Motorpsychos festspilldebut

Motorpsycho sin Festspilldebut var utakknemleg og sterk. Stor innleving, nøyaktighet og raffinert instrumentbruk. Motorpsycho gav alt til dei skremmande Coleman-måleria...

Pep Bou

Romvesen og larvar

Såpeboblemeisteren Pep Bou bør bli æresborgar av Bergen. Med fukt, såpe, blåserøyr og vatn forvandla spanjolen Bergensvèret. Til ein metafor....

Nattjazz med skravlemur

Festspillgeneral Jonsdottir kommenterte harking og hosting igår. Nattjazzen har hatt eit anna og tilsvarande problem: høglytt skravling. – Nokre av...

Arne Nordheim

Bajazz, Factory & slaktardisk

Ballade bringar vidare nye festpill-innstrykk. Norsk Komponistforening markerte sine i Bergen fredag. I Kjøttbasaren ved Fisketorget. Heldigvis nådde ingen av...

Arne Nordheim

Venezia-barokk & geriatri

To Festspilldagar er historie. Opningsdagen under Festspillene blei prega av skipsfløyter, kongepar og geriatri. Andre dag av storarta veneziansk barokk...

Flere saker

Kongelig Norsk Marines musikk korps i Horten Foto: Forsvaret

Uklare tall for Forsvarets Musikk

Korpsene får 46,4 millioner over Kulturbudsjettet. Hva som faktisk bevilges fra Forsvarsdepartement gjenstår å se.

GACO

Her møtes spillbransjen og norsk musikk

Hva skjer på innsiden av spillbransjen i 2022 – og hvilken plass har den norske musikkbransjen i den?

Sverre Indris Joner og Odd Steenberg fra Notebutikken med den sylferske læreboka Latinmusikkens ABC – Nesten alt du trenger å vite om latinamerikansk trommespill

Nesten alt om latinamerikansk trommespill

– Dette er vel den boka jeg skulle ønske jeg fant da jeg fortvilet prøvde å lære noe om disse...