Hopp til innhald

Buen Garnås fikk ærespris

Folkemusikeren Agnes Buen Garnås er blitt tildelt Norsk kulturråds ærespris for 2005. Prisen er på 300 000 kroner. «Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken,» heter det i begrunnelsen.

Her er pressemeldinga fra Norsk kulturråd i sin helhet:

«Norsk kulturråd gir æresprisen for 2005 til folkemusikaren Agnes Buen Garnås. Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.

Agnes Buen Garnås vaks opp med folkemusikk og folkesong i heimen, og byrja tidleg å kvede. Alt i ung alder vann ho Landskappleiken seks gonger og har sidan dét medverka på 22 innspelingar. Dei dekkjer eit stort kunstnarleg spenn: frå tradisjonell solokveding og gruppesong over til meir eksperimentelle og sjangerovergripande musikkformer. Garnås har vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss i 15 år og undervist konservatorie- og universitetsstudentar, samstundes som ho har halde talrike kurs i regi av folkemusikkorganisasjonane. Ho har dreve utstrakt konsertverksemd i inn- og utland og samarbeidt med musikarar innanfor eit bredt spekter av musikksjangrar.

Garnås har og vore sentral i arbeidet med folkemusikk for born og unge. Gjennom innspelingar, arbeid i skulen, turnering med Rikskonsertane og tverrkunstnarleg samarbeid har ho formidla vidare folkemusikktradisjonane til dei minste.

Agnes Buen Garnås er framfor alt kjenneteikna av eit stort personleg engasjement og kjærleik til det stoffet ho formidlar og ei sterk interesse for dei mange ho møter».

Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort ein vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 300 000 kroner. Agnes Buen Garnås vil og motta ein bronseløve av Elena Engelsen.

Norsk kulturråd har sidan 1968 delt ut denne årlege æresprisen. Lista over prisvinnarane inneheld ei rekkje kjende personar frå norsk kulturliv, mellom anna Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft-Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker-Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Erik Bye, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark, Edith Roger og Jon Fosse. Æresprisen i 2004 gjekk til Jan Garbarek.

Prisen blir delt ut under ein seremoni i Oslo Konserthus mandag 12. desember 2005.»

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jan Garbarek 1 2004 (Foto: www.bremme hohensee.de

Kulturrådets ærespris til Garbarek torsdag

Norsk kulturråds ærespris for 2004 går som kjent til jazzmusiker Jan Garbarek. Under overrekkelsen vil Arve Tellefsen og pianisten Tor...

Jan Garbarek

Jan Garbarek får Norsk kulturråds ærespris for 2004

Norsk kulturråd gir æresprisen for 2004 til jazzmusikeren Jan Garbarek. – Garbarek har gjennom sitt mangfoldige kunstneriske virke som musiker...

Gro Holm, 2005 (foto: Liv Anne Ekroll/NRK)

NRKs Gro Holm: – Slåttespelet er ufattelig rikt

– For meg var møtet med slåttetradisjonen en utrolig åpenbaring, sier NRKs Gro Holm. – Det er på en måte...

Annbjørg Lien, stort bilde

Árinn – folkemusikk anno 2005

Árinn 2005 er stedet hvor publikum vil møte ny musikk, dans og historier med dype røtter som lever midt iblant...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Turistar i eige landskap samlar sumarminne

– Sumar og sol med kappleik og festivalar der videoopptakerar og minidiskar surrar og går når utøverar lear seg mot...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Født i 1801 – debuterer i 2004

Norsk Folkeminnelag lar nå Olea Crøger få sin rettmessige plass i norsk offentlighet. Aldri for sent, tatt i betraktning at...

Flere saker

Stillbilde fra Witch Club Satan – Black Metal is Krig

Ballade video: Savn og krig

Med Marie Sahba, Hanna Børseth Rønningen, Sylvaine, El Cuero, AVKRVST, In Vain, VLTIMAS og Witch Club Satan.

Øyafestivalen

Festivalene snakker med WWF og Zero om klimakutt

Hvor bør som arrangør starte å kutte? Norske Konsertarrangører, Øya og Vinjerock tar med miljøbevegelsen og inviterer til seminar.

Rosendal Teater er NTO medlem

ABE-kutt evaluert: – Dårligere tilbud til publikum

– Det synes som om musikk- og scenekunstinstitusjonene utsettes for de samme automatiske kuttene som statlige virksomheter – selv om disse...