Hopp til innhald

Arne Nordheim æresdoktor ved Noregs musikkhøgskole

Komponisten Arne Nordheim vert fredag 18. august, under den høgtidsame opninga av det 34. studieåret ved Noregs musikkhøgskole, gitt graden æresdoktor (doctor honoris causa). Nordheim blir den tredje personen som får denne utmerkinga, etter dirigent Mariss Jansons og folkemusikaren Kåre Opdahl. – Han har med sitt personlege tonespråk klart å sameine ein udogmatisk bruk av avantgardeelement med ei sterk lyrisk uttrykksevne. Nordheim er internasjonal i det musikalske språket og har nått eit stort internasjonalt publikum, seier Eirik Birkeland, rektor ved Noregs Musikkhøgskole, i ein pressemelding.

— Arne Nordheim har vore ein banebrytar for modernismen i norsk musikkliv. Han har med sitt personlege tonespråk klart å sameine ein udogmatisk bruk av avantgardeelement med ei sterk lyrisk uttrykksevne. Nordheim er internasjonal i det musikalske språket og har nått eit stort internasjonalt publikum, seier Eirik Birkeland – rektor ved Noregs Musikkhøgskole.

Arne Nordheim er fødd i Larvik i 1931 og har i over 40 år vore ein av dei mest framståande personane i norsk musikkliv. Fyrst og fremst som komponist, men også som musikkritikar, som leiar i ulike komponistorgansasjonar. og som profilert medlem av Norsk Kulturråd.

Han har for innsatsen sin motteke ei rekkje prisar og heidersteikn, og sidan 1986 har han budd i Statens æresbustad for kunstnarar, Grotten. Og internasjonalt har Nordheim vunne stort lovord. Musikken hans har blitt skrive på bestilling frå leiande musikarar og institusjonar frå heile verda.

Nordheim har skrive musikk i alle sjangrar. Hans viktigaste instrument er utvilsamt orkesteret, kor dei tidlege orkesterverka alle var inspirerte av hans søken etter ny klang i tradisjonelle instrument. Nordheim har i periodar vore oppteken av elektronikk og har skrive både reine elektroniske verk, og verk som kombinerer akustiske instrument med elektroniske verkemiddel.

Han har komponert mykje musikk for teater, ballett og TV, samt kammermusikalske verk som ofte er å finne på konsertrepertoaret. Nordheim sin musikk har ofte vore forbundet med det grensesprengjande, men karakteristisk er og alvoret i uttrykket og det intense forholdet til stilla.

Nordheim er den tredje personen som er gitt utmerkinga, etter dirigenten Mariss Jansons og folkemusikaren Kåre Opdahl. Æresdoktor er ein person som har fått doktortittel som ei ærevising utan å levere avhandling, vere med i disputas eller halde prøveførelesingar.

Den høgtidsame opninga av studieåret er fredag 18. august kl 14.00 i Lindemansalen på NMH.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Arne Nordheim (foto: Lisbeth Risnes)

Arne Nordheim 75 år: Oslo Sinfonietta feirar på Høvikodden

”Det eneste som er verd å skrive musikk om er kjærligheten og døden” skal Arne Nordheim ha sagt på Theatercafeen...

Arne Nordheim (foto: Lisbeth Risnes)

NRKs arkivmateriale av Arne Nordheim gis ut på CD

I september i fjor fant Tilman Hartenstein i NRK Ulyd uregistrerte komposisjoner av Arne Nordheim i NRKs arkiver. Dette dreier...

Nordheim funn i NRK arkiv (Foto: Tilman Hartenstein, NRK)

Arbeidet med Nordheim-funnene skrider framover

For tre uker siden oppdaget NRK-journalist Tilman Hartenstein at NRK satt på elektroniske og instrumentale komposisjoner av Arne Nordheim som...

Sven Lyder Kahrs

Nordheim-prisen til Sven Lyder Kahrs

Arne Nordheims komponistpris ble lørdag tildelt den norske komponisten Sven Lyder Kahrs. Prisen er på 110 000 kroner. Prisutdelingen ble...

Nordheim funn i NRK arkiv (Foto: Tilman Hartenstein, NRK)

Elektroniske komposisjoner av Arne Nordheim fra 1961 funnet i NRKs arkiver

Torsdag forrige uke fant NRK-journalist Tilman Hartenstein elektroniske komposisjoner og instrumentalkomposisjoner av Arne Nordheim som kan dateres tilbake til 1961....

Forsvarets Stabsmusikk (Foto:www.fsmk.no)

Gallakonsert med verker av Nordheim, Westby og urfremføring av Åm

2005-festivalen er Norges største ungdoms- og barne-festival, der mer enn 12 000 unge korpsmusikanter for tiden setter sitt preg på...

Flere saker

Daniel Nordgård

Strømming, strømmer og tidevann

Daniel Nordgård har arbeidet med en ny rapport om pengestrømmer i norsk musikkbransje. – Dagens modell er ikke bærekraftig, hevder...

Blow Out!, Årets jazzklubb

Blow Out! er Årets jazzklubb 2019

Den musikerdrevne konsertserien Blow Out! i Oslo er kåret til Årets jazzklubb 2019.

Marked for Musikk

Vil hjelpe musikere til å lage bedre barnekonserter

– Gratis og skreddersydd for musikere som vil lære mer om hvordan de lager gode konserter for de yngste.