Hopp til innhald
Sigmund Eikaas 2007 (Foto: Knut Utler)

Postens Kulturpris 2007 til Sigmund Eikås frå Jølster

Årets kulturpris gikk nylig til en nestor innen folkemusikken, en musiker, organisasjonsmann og pedagog som har markert seg på nasjonalt nivå i sine felt, heter det i en uttalelse frå juryen.

Postens Kulturpris skal gå til ein ressursperson som har gjort ein stor innsats i lokalmiljøet sitt, eller til eit ekstraordinært talent innan sin sjanger. Kulturprisen vart utdelt på Førdefestivalen for første gong i fjor til Oline Løvlid frå Hornindal. Prisen er på 20 000 kroner.

Årets kulturpris går til ein nestor innan folkemusikken. Han er både musikar, organisasjons­mann og pedagog, og har markert seg på nasjonalt nivå innan alle desse felta.

I ein mannsalder har han lært opp unge talent både lokalt i Sunnfjord og over heile fylket. Han er òg ein populær foredragshaldar og lærar på kurs og skular på høgare nivå andre stader i landet, til dømes på Ole Bull-akademiet og Raulandsakademiet.

Prisvinnaren er òg ein framståande hardingfeleutøvarar, og er særskilt kjend for sitt drivande gode dansespel. I 1994 gav han ut soloplata «Jølstring» som vart nominert til Spellemannprisen.

Han er òg mangeårig leiar av Indre Sunnfjord spelemannslag og har dreve laget fram til nasjonalt toppnivå. Laget har gått av med sigeren på eit utal Landskappleikar, folkemusikkens Norgesmeisterskap. I år gjekk laget under hans leiing til topps igjen – og med student­spelemannslaget Gamlebanken, som stort sett består av unge utøvarar han har lært opp, hakk i hæl!

Som organisasjonsmann har han særskilte kvalitetar. Med ambisjonar, vilje og evne til å drive idéar igjennom har han markert seg svært sterkt på dette feltet. Han var ein av akitektane og pådrivarane for betre organisering og opplæring på folkemusikk- og dansefeltet på 1980-talet og framover; noko som har resultert i at Sogn og Fjordane har segla fram som eitt av dei aller fremste folkemusikkfylka i landet med mange utøvarar på toppnivå på nasjonalt plan.

Han var med i oppbygginga både av Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane. Han har òg vore leiar i Landslaget for Spelemenn, der han no er æresmedlem.

I 1989 var han med på etableringa av Førdefestivalen og var styreleiar der i fleire år. Han er tidlegare heidra med Rådet for folkemusikk og folkedans sin ærespris og fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Dette i følgje ei pressemelding.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival logo

Førdefestivalen – Javed Bashir kommer, åpnet torsdag

Konsertene med Bashir, Sondra Bratland og Javid Afsari Rad går derfor som oppsatt. Nesten 1500 mennesker overvar åpningskonserten i Førdehuset...

Sondre Bratland, nærbilde

Førdefestivalen – Artist står fast Pakistan

På grunn av opptøyene i hovudstaden Islamabad er det uråd for musikaren Javed Bashir å komme seg til flyplassen og...

Unni Løvlid 2004 forfra, foto: Trygve Schönfelder

Førdefestivalen med fransk fokus

Émotions Françaises – franske kjensler, er tema på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som starter på torsdag. Her er nokon av dei...

El Tanbura Førdefestivalen

Navarsete åpner Førdefestivalen

Fransk i fokus på Førdefestivalen 2007. Festivalen åpnes av samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Det skjer på åpningskonserten «Emotions Francaises», torsdag...

Storm Weather Shanty Choir 1 (Per Egil Larsen)

Førdefestivalen frister med ekstra gode plasser

Billettsalet til Førdefestivalen 2007 starta måndag 2. april, og er du raskt ute, kan du sikre deg ekstra gode plassar...

Eli Grete Høyvik

Ny styreleder for Førdefestivalen

Kirke- og Kulturdepartementet har utnevnt Eli-Grete Høyvik som ny styrelder for festivalen i Førde. Høyvik er utnevnt for to år.

Flere saker

Griegkonsert i Troldsalen på Troldhaugen komponisthytten i bakgrunnen

Hvor gammel er Norges mest berømte tonesmie?

Pianist og forfatter Øyvind Aase gir forskningen og musikkoffentligheten avgjørende oppdateringer om Griegs komponisthytte.

MoE

– Vi trenger en ny økonomi. En økonomi for fremtiden.

KRONIKK: – Vi må ha et nytt økonomisk system. Vi må legge inn tall for det som gir menneskeverd og...

Stillbilde fra videoen til Anna Sahara

Ballade video: – Før vi kan være sammen  

Tre vinnere av Nobelprisen og en friby-musiker. Anna Sahara, Ars Dada, The Good The Bad And The Zugly, Therese Ulvan,...