Hopp til innhald
Nordic Voices/Ultima Foto: Ann Iren Ødeby

Utamde landskap?

KONSERTMELDING: Saman med klarinettistane Peter Brötzmann og Frode Gjerstad samt sopran Ellen Aagaard, sto Nordic Voices bak urframføringa av eit heilaftans verk på Ultima i går. – Med «Wild Spaces» baud Øyvind Torvund på ei vell av lydlege nyansar, frå abrupte impulsar til bastante klangpålar og meir diffuse vokaliser. Her fanst ei mengd fint teikna abstrakte rom – men som kanskje ikkje romma den villskap som tittelen indikerer? spør Ballades meldar her.

Av Ida Habbestad

Foto: Ann Iren Ødeby

Med sine heilt opne titlar legg Øyvind Torvund grunn for ei lang rekkje assosiasjonar. Tidlegare under festivalen har me høyrt hans «Wolf Studies II» – for fiolin og ulv. Der let fiolinist Anna Lindal sine glidande melodiar slynga seg over og under opptaka av ulande ulv. Tilsynelatande uaffektert av nærværet av det utstoppa ulvehovudet rett ved – sistnemnde beteiknande for komponistens rike idéverd.

Med eit slikt bilete friskt i minnet, var det kanskje ikkje rart at den første førestillinga mi i møte med «Wild Spaces» var den om ville dyr.

For om ikkje like konkret som i ulve-studiene, fanst naturen og det dyriske òg i «Wild Spaces», ikkje minst gjennom undertittelen «Beast Madrigal». Men biletet fann etterkvart ein større omkrets. Undertittelen «Basic Knowledge» sende tanken attende mot det menneskelege, før «Psychedelic Landscape» (også den med menneskelege trekk) og «Idyllic Scene» bar bod om abstrakte rom eller landskap – fredelege så vel som utamde.

Små nyansar i endring

Korvidt slike betraktningar er relevante, kan sikkert diskuterast. Verket utan tekst handla truleg aller mest om lyd, og komponisten kunne henta opp frå bunken eit vell av slike.

Til dømes var klarinettenes abrupte impulsar sett opp mot meir vokalise-liknande klangatmosfærer i «Idyllic Scene». Her var bastante klangpålar i «Basic Knowledge»; eit repetert kvintintervall som sende tanken til gregorianikk og gamal tid. Til fundamentet sjølv, eller som tittelen seier: den kunnskap som me alle har.

Der var noko svevande bestialsk i «Psychedelic Landscape». Ei tidløyse i «Beast Madrigal» der mangelen på kjensle av puls og framdrift kunne få ein til å kjenna seg som i fritt svev. Over ein avgrunn kanskje – eller berre på vegen mot det heilt bastante, ostinatliknande i den grunnleggjande kunnskap som stadig vende attende.

Her var plystring og glissandi, mumlande murring, mikrotonalitet, akkordar som berre var «litt sure». Små nyansar i stadig endring – når Torvund på eit vis sette komposisjonen på repeat. Etter første runde av dei fire satsane, kom «Idyllic Scene II», «Basic Knowledge II» og vidare, før han ved tredje gjennomgang forkludra – snudde om på rekkefølgja, let dyremadrigalen liggja og etterlet oss til det psykedeliske som tona stille ut.

Ledige stillinger

Sakna krefter utan kontroll

Imidlertid undra eg meg over kvifor Torvund ikkje nytta ressursane i større grad. Å forsterka Nordic Voices med sopran Ellen Aagaard, virka ved dette verket nesten overflødig. Potensialet hennar er stort, men ho fekk utfalda seg lite i eit materiale som rett nok ofte var annleis ensemblets, men som sjeldan fekk framtredande plass. Dei to klarinettistane Peter Brötzmann og Frode Gjerstad skapte større kontrastar. Dei forstyrra oftare dei vokale klangsfærene som var lagt, men sjeldan med den eksplosive karakter dei begge er kjende for.

Jamvel Nordic Voices klang forunderleg lite variert i samanhengen; i alt kunne dynamikken kjennast einsidig, ein lys, mumlande, forsiktig og homogen klangverd vart den rådande.

Slik vart det for meg eit uforløyst aspekt over konserten – eit potensiale som låg ubrukt.

Korvidt ein alltid skal få alt ein ynskjer seg er så si sak. Men midt i det rike vellet av lydlege nyansar kom eg til å sakna det ekstreme; forløp som tok av; kampar som vart utspelt, krefter som var utanfor kontroll.

Så handla kanskje «Wild Spaces» meir om den forunderlege sivilisasjon enn om utamd villskap?

Konsert:

Kulturkirken Jakob, torsdag 16. oktober

Øyvind Torvund: «Wild Spaces»
Med Peter Brötzmann, Frode Gjerstad, Ellen Aagaard og Nordic Voices

Ledige stillinger

Relaterte saker

Meir/Mera

Ekstraforestilling Meir/Mera

Etter at Meir/Mera sine forestillinger ble avlyst lørdag og søndag, settes forestillingen opp en ekstra gang, torsdag 23. oktober på...

Dead Beat Escapement plakat (Foto: Knut Bry/Operaen)

Utholdte dødsøyeblikk, del 2

INTERVJU: I del to av Emil Bernhardts intervju med Cecilie Ore diskuteres hvordan temaet har forplantet seg i formen, og...

Cecilie Ore backsize (Foto: Elin Høyland)

Utholdte dødsøyeblikk

INTERVJU: Parergons redaktør Emil Bernhardt har intervjuet Cecilie Ore for Ultimas katalog, og Ballade bringer dette videre i to deler...

Al Kamandjati Ultima bak (Foto: velour.no/Laila Meyrick)

Al Kamandjati – Ei engasjert beretning

KONSERTMELDING: «Etter Oslo burde vi vært gode venner, men vi er det ikke» uttalte ein palestinar i framsyninga «Al Kamandjati...

Mikrophonie I/Foto: Ann Iren Ødeby

I Stockhausens utopiske univers

KONSERTMELDING: Karlheinz Stockhausen gjekk bort i desember i fjor, og får stå i fokus gjennom fire konsertar under årets festival....

Joachim Kjelsaas Kwetzinsky (Foto: Trygve Schonfelder)

Helgen på Ultima

Blant Ultimas begivenheter denne helgen finner vi en helaften med musikkteater, en ultimaskin, konsertinstallasjonen «Arbeidsrom» og dessuten beretningen om den...

Flere saker

Torgeir Vassvik

– Jeg savner et større fokus på den fjerde verdens musikk

Samiske Torgeir Vassvik ønsker seg regjeringsskifte, og skulle gjerne sett at urfolks utfordringer var mer synlige i valgkampen.

Kari Bremnes på scenen i

Ballade radio: Kari Bremnes om livet, flaksen, kreften, døden og Joni Mitchell

– Av og til kan jeg se på køen utafor konsertene, tenker «gud, skal du på denne, er du sikker...

Louien i 2018, en av artistene Skoie jobber for.

NOPA-stipend til Louien

Louien fikk låtskriverstipendet under sin by:Larm-konsert på Mono torsdag.