Hopp til innhald
Øyvind Torvund 2007 – 3 (Foto: Stian Andersen)

Færre tema – fleire uttrykk

Øyvind Torvund har arbeidd med den kunstnarlege utviklinga av Music Factory og Borealis og er tilknytt Festspillene i Bergen som rådgjevar. I går vart han vald av eit einstemmig styre til leiarstillinga i Ny Musikk. – Eg ynskjer om mogleg å inkludera endå fleire uttrykk, seier han til Ballade.

Av Ida Habbestad

— Eg er sjølvsagt ekstremt glad for å få denne jobben. Det er ei fin utfordring, og eg likar veldig godt å setja saman konsertar, seier Øyvind Torvund som tiltrer stillinga i Ny Musikk til hausten.

Etter endte komposisjonsstudier ved Norges musikkhøgskole i 2001 har Torvund vore aktiv komponist og produsent. Desse røynslene gjer han til ein verdig kandidat til stillinga meiner Ny Musikk sitt styre, som i ei pressemelding viser særskilt til evna han har til å skapa «intense og eksklusive konsertopplevelser».

Eitt døme på dette er Bandrom-syklusen, med utforskingar av konsertformatet, som starta då han var huskomponist for Oslo Sinfonietta i 2003.

Kva er så komponisten sine visjonar for Ny Musikk?

— Eg byrjar ikkje for fullt i jobben før til hausten, så der er ikkje lagt konkrete planar endå. Men det eg vil leggja mest vekt på er å presentera gode konsertar. Eg vil leggja vekt på å invitera interessante internasjonale aktørar, aller helst til samarbeid med norske musikarar og komponistar, svarer Torvund.

Færre tema – fleire uttrykk

Torvund etterfølgjer Lars Petter Hagen, leiar i Ny Musikk frå 2003, og no midlertidig tilsett som direktør for Ultima.

Kjem du til å gjera om på den kunstnarlege retninga som Hagen har lagt opp til dei siste åra?

— Lars Petter har ført ei veldig klår linje med konseptuelle tilnærmingar til kurateringa, i alle fall på festivalane. Eg har ikkje endå bestemt meg for om eg vil vidareføra Happy Days på ein slik måte. Eg kjem nok i allefall ikkje til å tenkja tematikkar på ein så klår måte, svarer Torvund.

Ledige stillinger

— Men Lars Petter har òg vore flink til å henta spanande namn til Noreg og til å opna for samarbeid med mellom anna lydkunstmiljøet. Slike ting ynskjer eg å ta vidare, og eg ynskjer om mogleg å inkludera endå fleire uttrykk.

Du er ikkje redd for at ein mindre konseptuell tankegang vil gjera organisasjonen mindre synleg?

— Ein organisasjon som arbeider med ny musikk kan alltid jobba meir mot publikum. Mykje av det som har skjedd i Ny Musikk har vore med utropsteikn bak, som Happy Days på Oslo City. Der har òg vore ei rekkje andre prosjekt, som Klang – Rom – Stillhet-serien, festivalen med Helmut Oehring i 2008, og mykje anna som eg ser som like viktig. Utfordringa er nok heile tida å presentera den eksperimentelle musikken på ein måte som gjer at publikum vil komma og høyra på, seier Torvund.

Som meiner løysinga aller mest ligg i å laga gode konsertar, og som gjerne oppsummerer sitt noverande prosjekt for organisasjonen;

— Eg ynskjer å laga konsertar som kan vera ei oppløftande oppleving, med ein ekstrem kontrast som arbeidsmåte, men der kontrasten ikkje er utan grunn.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Galleri Rekord, serietegning/ Av: Kristoffer Kjølberg

Pauline Hall-prisen til Galleri Rekord

Søndag delte Ny Musikk ut sin pris til ildsjeler i musikklivet. Dette året gikk hyllesten til det kunstnerdrevne Galleri Rekord.

Kristin Danielsen (Foto: Ny Musikk)

Sjangergenerøsitet

INLEGG: Utvikling skjer som oftest mellom sjangrene. Hvordan skal nye støtteordinger for rytmisk musikk ta opp i seg dette, spør...

Lars Petter Hagen portrett (Foto: Manu Theobald)

Lars Petter Hagen overtar sjefsstolen

INTERVJU: Lars Petter Hagen ble i dag engasjert i stillingen som direktør og kunstnerisk leder i samtidsmusikkfestivalen Ultima for 2009....

Ny Musikk Norgeskart

Happy Nordic Music Days – To festivaler i én i august

Nordiske Musikkdager og Happy Days slås sammen til én festival, og Ny Musikk står bak arrangementet. Programmet slippes nå.

Friedrich Gauwerky

Tysk tungvekter til Oslo

Ny Musikk starter sin 2009-sesong med en konsert med den tyske cellisten Friedrich Gauwerky.

Ny Musikk 70 år/plakat

Ny Musikk 70 år: Revyen er vår sjanger!

INTERVJU: Sentimentalitet og fortvilelse i «Alt er gjort»-sangen; insisterande von i «Nei vi er ikke bitre»-sangen; ein hyllest til følsomme...

Flere saker

Trulz & Robin

Trulz & Robin gir ut ny musikk hver uke

Hver torsdag er det «Once a week»-dag hos ringrevene Trulz og Robin. I pandemien gleder de seg over å dele...

Joachim Kwetzinsky, Julie Kleive, Marcus Paus og Per Sundnes på Skåtøyfestivalen Foto: Aslaug Olette Klausen

Hva gjør det lokale for en musikkfestival?

Skåtøyfestivalen lager en ramme som gir rom for utforsking av musikalsk nærhet, men også en jovialitet som springer ut av...

Linda Hofstad Helleland Foto: Thomas Haugersveen

Kulturministeren må svare om ønsket økt bruk av midlertidige stillinger for Operasolistene

Hege Haukeland Liadal (AP) tar opp spørsmålet om faste stillinger ved Den Norske Opera og Ballett i neste ukes spørretime...