Hopp til innhald

Stor festival, lite presse

For å bøta på eit labert norsk presseoppbod byd folkemusikkfestivalen i Førde på tekst, bilde og video på sin eigen blogg.

Det er klart for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, den 21. i rekkja.

250 artistar vitjar byen denne helga, og heile 300 frivillige er i aktivitet for å få trygga at arrangementet går som forventa.

Det er med andre ord lite å seia på engasjementet; likevel uttrykkjer festivalen frustrasjon over at dei fleste nasjonale medier finn vegen lang til Vestlandet.

Dermed spreiar dei informasjon om festivalen sett innanfrå, gjennom ein festivalblogg der bilete, video og tekst gjev innblikk i noko av det som går føre seg i helga.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er den største av sitt slag i Skandinavia. Den har vore arrangert sidan 1990, og har årleg hatt tema – som oftast geografiske.

Dette året er det eit meir overordna tema. Menneskerettar er sett i fokus, under tittelen ”Fridom og undertrykking”.

”Sjølv i 2010 er det slik at mange musikarar opplever hindringar mot å utøve musikken sin”, skriv festivalen i si omtale av programmet, og understrekar at dei har lagt vekt på å invitera artistar som har opplevd motstand mot at dei uttrykkjer seg.

— Å få utøve sin musikk og musikktradisjon fritt er ein viktig del av ytringsfridomen, difor er det også viktig å sette fokus på dette temaet, seiner festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Ho lovar ein festival med leik såvel som alvor – og før det heile går av stabelen får denne introen setja stemning:

Ledige stillinger

Relaterte saker

Farlig musikk?

Frihet og undertrykkelse blir tema for den 21. Førdefestivalen i juli.

The Snuff Grinders (Foto: fordefestival.no)

Fortsatt vekst for Førdefestivalen

Oppturen skyldes troskap mot profil i et stadig åpnere musikklandskap, økt profesjonalitet, og en aldri så liten Grand Prix-effekt, mener...

Randi Wenche Haugen 08/Foto: Olavsfestdagene

Kunsten å styra festivalane

Er kunsten å styra kunsten først og fremst eit spørsmål om å handtera risiko? Og kva er ein kvalitativt god...

Hilde Bjørkum bak 2008 (Foto: Bent Are Iversen)

Folkelarm: – En feiring av folkemusikken

INTERVJU: I dag og utover helgen samles den nordiske folkemusikkbransjen i Oslo til det kombinerte bransjeseminaret og publikumsfestivalen Folkelarm. På...

Unni Løvlid,

Internasjonal interesse for folkemusikk i sommar

Det kan verke som om mange arrangørar vender blikket og øyra mot nord, skriv Norsk Folkemusikk- og Danselag i ei...

Bruvoll/Halvorsen

Bruvoll/Halvorsen tilbake i Førde

INTERVJU: Samarbeidet mellom gitarist Tore Brunvoll fra Tromsø og vokalist Jon Anders Halvorsen fra Lunde i Telemark resulterte i fjor...

Flere saker

Storbandprisen 2024 Hans Mathisen

Storbandprisen 2024 til Hans Mathisen i Sandefjord Storband

Musikalsk leder for Sandefjord Storband, Hans Mathisen, ble i helgen hedret med Norsk jazzforums Storbandpris.

Faksimile fra Ballades utgave med visning av Mörmaids

Ny milepæl for Ballade video: Vi feirer 250 utgaver!

Vi titter litt i bakspeilet, men ser først og fremst fremover.

Hilmarfestivalen2023 Hekla Stalstrenga

Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans bevarer og fornyer kulturarven

Midtnorsk senter for folkemusikk og folkedans har blitt en katalysator for kulturell oppblomstring som sikrer at folkemusikken og -dansen lever,...