Hopp til innhald
Majorstuen

Urbanitet nødvendig for nyskaping?

I folkemusikkmiljøet og i media er det blåst liv i debatten om nytt versus gamalt, by versus land.

I siste nummer av bladet Folkemusikk kritiserte skribent Erling Fossen motstanden som måtte finnast i folkemusikkmiljøet mot at ungdom reiser til byen for å studera.

— Nesten alt som er nyskapande innanfor folkemusikkmiljøet kjem frå studentar på Musikkhøgskulen, skreiv Fossen i sin kronikk (les intervju med Fossen i Klassekampen her).

I same nummer vart det i eit debattinnlegg sett fokus på kven som set norma i Folkemusikk-Noreg.

— Sjølv om det er semje om å spela «gamalt» eller så «opphavleg» som råd, sprikar oppfatninga av kva som er normativt godt spel, skreiv filolog og felespelar Eilev Groven Myhren, og viste til debatten som har gått sidan Landskappleiken i 2009. Den har i hovudsak handla om i kva for grad dommarane skal ta omsyn til om utøvaren opererer med ein gjennomført tradisjonell stil eller ikkje.

Myhren peikte i innlegget sitt på at då NRK tok til med dei første folkemusikksendingane sine, avslørte desse ein stor skilnad i normkjenslene mellom by og land.

Unyansert

I Klassekampen helsar Jan Lothe Eriksen, avtroppande leiar for Riksscenen, debatten velkomen. Han meiner likevel at stoda er annleis og meir nyansert enn den Fossen skisserer.

— Skolerte folkemusikarar i dag kan gjera ting som tidlegare generasjonar av tradisjonsmusikarar ikkje var i nærleiken av å meistra, men om uttrykket blir for «pent» eller «flinkt», så meiner mange at ein missar noko på vegen. Det er legitimt og viktig å diskutera, seier han til Guri Kulås.

Direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, meiner Fossen teiknar eit feilaktig bilete.

— Motseiinga «tradisjonalist frå bygda» kontra «fornyar frå byen» er så oppkonstruert og overforenkla at det gir eit heilt feilaktig bilete av røyndommen. Håkon Høgemo frå Øvre Årdal spelar tradisjonsstoff slik ein yngre, framifrå klassisk-utøvar tolkar Mozart, Synnøve S. Bjørset frå Jølster har både Musikkhøgskolen, og har gått tilbake til tradisjonen etter dei gamle Jølster-spelemennene også i eigne komposisjonar, seier ho.

Ledige stillinger

Bjørkum hevdar vidare at det norske folkemusikkmiljøet sjeldan har vore så ope og inkluderande som i dag, medan Eriksen konkluderer med at stoda er konstruert av media.

— Kanskje var det slik Annbjørg Lien opplevde det, då ho sette foten fram, men i dag er det journalistar og folk på «utsida» som er oppteken av kva folkemusikkpolitiet, kven no dei måtte vera, seier han.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ingvill Marit Buen Garnås (Foto: Kari Løvaas)

Nye ideal i ”Vokal folkemusikk”?

Kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås skriv i dette innlegget at årets domarar i NM i folkemusikk ikkje makta å skilja...

Agnes Buen Garnås presse (Foto: agnesbuen.no)

– Lat dei forbli ulike!

INNLEGG: Agnes Buen Garnås er kritisk til arbeidet med å skape én stor organisasjon for folkemusikken i Norge. Samtidig mener...

Stein Versto inne (Foto: Det Norske Samlaget)

Kva gjer folkemusikken – når bestemor er til sals for ein billeg penge?

INNLEGG: – Det kan av og til verke som aktørar i folkemusikkmiljøet identifiserer seg aldeles ukritisk, ja, nærast beundrande, med...

Folkedansere ill. (haugtussa.com)

Tradisjonane med snigle- eller turbofart?

Landslaget for Spelemenn og Norsk folkemusikk og danselag arrangerte torsdag et heldags seminar om organiseringen av norsk folkemusikk. Her er...

Flere saker

Rolf Lennart Stensø KORK

Musikk i NRK og KORK blir én enhet: Ønsker å styrke musikkens plass i samfunnet

Musikkenheten i NRK kulturavdelingen og Kringkastingsorkesteret (KORK) er slått sammen med virkning fra i dag. Orkestersjef i KORK, Rolf Lennart...

Lena Kristin Ellingsen ble Årets musikalartist for rollen som Maria Rainer i The Sound of Music

Årets Musikkteaterpriser delt ut

«The Sound of Music» er årets musikal, og Lena Kristin Ellingsen ble kåret til årets musikalartist. Musikkteaterprisens ærespris gikk til...

IMG

Ny komposisjonskonkurranse for unge komponister

Midgard komposisjonspris er en nasjonal komposisjonskonkurranse i regi Midgardkonkurransen.