Hopp til innhald
Susan McClary og Stan Hawkins

(Foto: Espen A. Eik)

Forfall av kjønnsrollemønster i folkemusikken?

Musikkforskar Mats Johansson beskriv folkemusikken som ein sjanger i sterk utvikling. Framover vil han sjå nærmare på kjønnsuttrykk og kjønnsroller innanfor den norske folkemusikken.

Onsdag inviterte MIC Norsk musikkinformasjon og Institutt for musikkvitskap (IMV) til seminaret «Populærmusikk og kjønn i en transkulturell kontekst». Seminaret markerte oppstartinga av forskingsprosjektet «Popular Music and Gender in a Transcultural Context», leda av populærmusikkforskar Stan Hawkins ved IMV.

I løpet av seminaret vart prosjektet grundig presentert, og deltakarane la fram hypotesane dei skal arbeide med framover. I tillegg til prosjektdeltakarane, heldt også dei anerkjente musikk – og kjønnsforskarane Susan McClary og Jacqueline Warwick innlegg.

Les også:

Ein sjanger i omvelting
Som prosjekttittelen tilseier, adresserer populærmusikkforskarane mellom anna spørsmål kring kjønn. Her vert særskilt den norske musikken plassert under lupa. Ein av prosjektdeltakarane, Mats Johansson, har tidlegare forska på rytmiske mønster i den norske folkemusikken. Folkemusikkperspektivet er noko han tek med seg vidare inn i dette prosjektet.

— Norsk folkemusikk har vore ein ganske isolert musikkform gjennom store delar av 1900-talet. Den har vorte forvalta av spesielt interesserte, entusiastar og organisasjonar, og har vore ei eiga verd på godt og vondt. I dag er sjangeren under sterk utvikling med aukande profesjonalisering og institusjonalisering, parallelt med at leiande musikarar nærmar seg populærkulturen i presentasjonen av seg sjølv og sin musikk.

Les også:

Uutforska felt
På generell basis finnast det lite forsking på folkemusikk og kjønn innanfor akademia. Johansson har latt seg inspirere av korleis tradisjonelle kjønnsrollemønster no står for fall innanfor den norske folkemusikken.

— Norsk folkemusikk har historisk sett vore ekstremt mannsdominert med den ansvarslause og «farlige», men karismatiske og virtuose spelemannen som sjølve symbolet for sjangeren. Det finnast derimot liten plass for kvinna utover rolla som tilskodar i det romantisk framstilte biletet. I dag er bildet, i alle fall overflatisk sett, eit heilt anna. Kvinnelege folkemusikarar er nærmast leiande i sjangeren, ikkje minst med tanke på artistisk sjølvstende og ved å skape seg ein posisjon i det samtidige musikklandskapet. Dømer på dette er utøvarar som Annbjørg Lien, Susanne Lundereng, Tuva Syvertsen, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad.

Kjønnsrollemønster
Ved å sjå på folkemusikken frå eit kjønnsperspektiv har mange spørsmål dukka opp. Johansson er mellom anna interessert i å finne ut korleis kjønnsroller vert produserte innanfor feltet, samt korleis det skiftande landskapet av kjønnsroller kan dominere oppfatningar av musikk og stil. Han er også interessert i å finne ut korleis endring i musikk og kunstnarisk åtferd bidreg i danninga av kjønnsbestemte identitetar.

— Det er viktig å påpeike at eg ikkje hevder at dagens kvinnelege folkemusikkartistar opplev at dei er i ein slags rettighetskamp eller at dei bevisst utfordrar etablerte førestillingar og konvensjonar. Poenget er at kvinnene sitt inntog på arenaen synleggjer og problematiserer den kjønna kodinga av både musikken og dei rituala som omgjev den, legg Johansson til.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Susan McClary og Stan Hawkins

Kjøttbikinier og black metal

Et nytt forskningsprosjekt ved Universitetet i Oslo skal se på hvordan kjønn utøves i populærmusikken.

Magdi Ytreeide Abdelmaguid, Karpe Diem

Rapperen i dag: Tøff eller tøffel?

Tenk å putte maskuliniteten sin i en bukett.

Danseskole

Rykker det dansefoten? Musikkforum undersøker hvorfor.

Små Grå

Debattglød i sang

Jazzvokalist og komponist Lisa Dillan putter hodet i sanden og kroppen i sangen.

CD

Lyden av klingende musikk

INNLEGG: Hvis Kulturrådet beslutter å digitalisere distribusjonen, forsvinner en viktig aktør for dokumentasjon av folkemusikk i samtid og fortid, skriver...

Dr. Luftgitars laboratorium

Alexander Refsum Jensenius har forsket seg til at umusikalske mennesker kanskje ikke er så umusikalske likevel.

Flere saker

Asamisimasa – Music with the Real Foto: Magnus Skrede

Betraktninger om det kunstneriske utviklingsprosjektet «Music with the Real»

Den tyske filosofen Harry Lehmann skriver om NMH-prosjektet ledet av Henrik Hellstenius og Håkon Mørch Stene.

Grete Pedersen fikk formidlerprisen av TONO styreleder Ingrid Kindem Foto: Bård Gundersen

TONOs Formidlerpris til Grete Pedersen

Dirigent for Det Norske Solistkor får prisen for å ha løftet frem nyskrevet norsk musikk gjennom flere tiår.

Skjermbilde 2022 11 08 kl. 10.55.55

Ballade video: – Jeg vil bare vite alt

Ti ferske og flotte videoer med Anette Askvik, Inge Engelsvold, Sleepyard med Suzanne Ciani, Melt Motif, Ingvild Flottorp, Dylan Mondegreen,...